Zeph Skrevet 20. januar 2015 Skrevet 20. januar 2015 Eg skulle gjerne hatt ein sak som kan gjere det lettare å spele av musikk på stereoanlegget. Anlegget består i dag av eit høgtalarpar, ein forsterkar (utan DAC) og eit eksternt PC-kort som DAC (Creative E-MU 0404 USB). DAC-en har USB-inngang og må få signal frå eit eller anna med USB. Konsoll, BD og TV er kopla direkte til forsterkar analogt. Eg har ein laptop som blir brukt på TV-en, men det er ikkje alltid den er kopla opp eller påslått. I tillegg vil eg gjerne spele av musikk frå stasjonær PC som står i same rom som anlegget (3 meter luftlinje), utan å trekke kabel. Det er ca 10m om eg skulle hatt kabel frå PC til dagens DAC. Det verkar å vere for langt for USB-signal. DAC-en fungerer ikkje om eg koplar på 2-3 meter forlenging. Kan eg overføre det digitalt trådlaust så hadde det vore supert. Målet er å spele av musikk på stereoanlegget, frå stasjonær PC. Om eg brukar dagens DAC og berre overfører signalet trådlaust med ein anna komponent, eller kjøper ny DAC med trådlaus overføring frå PC, betyr ikkje stort. Eg vil ikkje gå via TV-en. Anlegget er eit par Klipsch RF-82, forsynt frå ein Vincent SV-234. Dersom eg byter utan dagens DAC, vil eg ha ein ny av god kvalitet som står i stil med resten av anlegget.
AndersT2 Skrevet 21. januar 2015 Skrevet 21. januar 2015 Denne skal funke så vidt jeg kan skjønne. (Kan også bygges ut til flere steder om ønskelig) Eventuelt denne: https://www.hifiklubben.no/stereo/da-konverter/nad-dac1-da-konverter/
Zeph Skrevet 22. januar 2015 Forfatter Skrevet 22. januar 2015 Takk! Manglar det ei lenke i innlegget?
AndersT2 Skrevet 22. januar 2015 Skrevet 22. januar 2015 Takk! Manglar det ei lenke i innlegget? Det gjorde det, så den lå der når jeg postet. men her er den: http://www.audiopro.com/products/living-wf100
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå