Gå til innhold

Luftfuktighet for gitar og tiltak


Zeph

Anbefalte innlegg

Eg har i dag ein billig gitar, men kjem kanskje på sikt til å kjøpe ein dyrare. Uansett er det greit å ha litt kontroll på vedlikehald. Eg har lese ein del om luftfuktighet og gitarar, men kunne tenke meg nokre tips.

 

Eg har to hygrometer i stova (der gitaren er). Det eine viser 30%, det andre 35%. Utetemperaturen er 5 grader og innetemperaturen 24. Gitaren blir bortimot aldri tatt ut av leilegheita.

 

Bør eg gjere nokre tiltak ut frå dagens tilstand? Kva med sommartida, høg temperatur og luftfuktighet?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hei,

 

Synes dine hygrometer indikerer at stua er (for) tørr.

Innser at det nå er vinter i Norge, og mye lokal oppvarming. Men, mener det er mye bedre for gitaren (og deg sjøl & evt tremøbler) om fuktigheten ligger på 50-60%.

 

Det man er redd for med gitarer (i alle fall akustiske, der det er en god del tynt treverk i lokk, sider & bunn), er at treverket sprekker opp ved for lav fuktighet.

 

Ville nok ha vurdert innkjøp av luftfukter, enten en stor for å dekke hele rommet, eller en mindre for å montere i lydhullet på gitaren når den oppbevares i sin kasse.

 

Sommerstid er dette vanligvis et mindre problem ettersom det er mye mindre oppvarming og mye mer lufting da. Siden du har et par hygrometer er det jo en enkel sak å følge med :)

 

 

____

GAu

Lenke til kommentar

Takk for svar.

Eg har i dag elgitar og har ikkje planar om å kjøpe akustisk med det første. Er det like viktig med elgitarar i hus?

 

Ein elgitar har jo heller ikkje eit hol å montere noko i. Stove pluss rom som heng i lag er vel på sirca 50m² totalt. Alternativet er å setje den på eit rom på 2m², som eg lettare å halde fuktigheiten oppe på, men då er den samtidig ute av syne. Det er lettare å spele meir når den er tilgjengeleg.

Lenke til kommentar

Er det en planke-gitar du har (ingen hulrom), så er naturligvis sjansen mindre for at ting plutselig sprekker: Ei 2" fjøl er nok mer solid enn ei 2mm fjøl.

Hvis gitaren alltid oppbevares i denne stue-ørkenen, og aldri blir brukt andre steder, har den kanskje allerede rukket å aklimatisere seg :)

Du oppfatter ikke gitaren som konstant ustemt, og merker ingen forskjell på halsen ?

Sånn som:

  • unormal krumming
  • kjenner båndene på siden av halsen når du flytter greps-handa

Da er det nok ingen grunn til panikk :thumbs:

 

Ellers et TIPS: Det finnes også luftfuktere som monteres i gitarkasser, f:ex:

http://www.gitarist.no/products/oasis-luftfukter-for-instrumentkasse

 

 

____

GAu

Lenke til kommentar

Du oppfatter ikke gitaren som konstant ustemt, og merker ingen forskjell på halsen ?

Sånn som:

  • unormal krumming
  • kjenner båndene på siden av halsen når du flytter greps-handa

 

Ustemt er den ikkje. Den har kanskje ein liten krumning opp og klirrar her og der, men eg veit ikkje heilt kva som er årsaken endå. Eg prøvde å skru på truss rod-skrua, men det var ikkje meir å gå på. Skal ta den med til ein forretning i morgon og høyre kva han har å seie.

Lenke til kommentar

Konklusjonen er at gitaren har hatt det for tørt. Den har hengt på veggen her i eit års tid. Eg merka ikkje noko til det sjølv, men båndene sto litt ut av halsen, som vart påpeikt av han på butikken. Han tok ei fil og fjerna kantane.

 

Frå no av vil eg alltid pakke den ned i bagen etter bruk. Eg har putta hygrometerene oppi bagen for å sjå tilstanden der, og overvåke det dei neste dagane. I tillegg vil eg sjå om eg får kjøpt ein luffuktar for kasse, som lenka til her oppe. Det er greiare enn å fukte opp heile rommet. Finn eg ein praktisk kasse eg kan ha ståande i stativ, eller heng på vegg eller noko sånt, så blir det kanskje kjøpt etter kvart.

 

Kjøpte i tillegg hakket større strengar, som hjelper med å få litt bøy på halsen. No får eg ta tida til hjelp og sjå korleis det går. Greit å gjere feil på ein gitar som ikkje er alt for dyr.

Lenke til kommentar

Finnes det fuktmålarar/hygrometer som ein kan stola på? Eg har prøvd nokre digitale, men alle viser forskjellige verdiar. Noko som stemmer godt med det som blir skrive på nettet av andre.

 

Det er lite hjelp i ein målar når ein modell viser 30% og ein anna viser 50%.

Lenke til kommentar

Eg kjøpte luftfuktar i staden for.

 

Har brukt eit sling psychrometer for å måle fuktigheiten. Den har i alle fall stige med 10%. Akkurat nivået veit eg ikkje heilt, sidan det er ein del slingringsmonn, men basert på målingane vil eg tippe at det ligg på rundt 50% no.

 

Målarane ligg på 40-44%. Eg fann ein test på nettet, der du legg hygrometeret i ein lufttett pose i lag med salt og vatn, og ventar ein del timar. Saltet er alltid 75%, så du skal lese 75% etter nokre timar.

 

Feilvisningen kan eg evt. rekne ut i prosent, og anslå kva målaren burde vise. Testen er ikkje heilt feilsikker, sidan dei seier at målarane ofte har forskjellig nøyaktigheit ved forskjellig nivå, men det skadar ikkje å sjekke mot sling psychrometeret.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...