Gå til innhold

vi skal kjøpe leilighet


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Be om ein tilstandsrapport for boligen. Dette er ein rapport som er utarbeida av ein takstmann med teknisk bakgrunn. Her vil det meste av bygningsmessige svakheiter og vedlikholdsbehov bli avdekka.

 

Takstrapporten som meglaren sjølv utarbeider er mykje meir overflatisk og blir stort sett brukt for å estimere verdien av boligen.

 

Legg dette på selger å dokumentere den tekniske tilstanden til boligen og byggningen.

Du kan også ta med ein venn som har erfaring eller kunnskap om bygg på visninga for å hjelpe deg å sjå etter feil og mangler.

Vær forsiktig med å ta med eigen takstmann på visninga då dette kan skape eit skeivt forhold mellom kjøper og selger. Ved ein eventuell reklamasjon så kan du risikere at du blir ansett som den proffesionelle part, då blir det lagt meir vekt på din undersøkelsesplikt enn det blir lagt vekt på selgers opplysningsplikt.

 

 

 

Når det gjeld ting som du bør sjekke så nevner eg:

-Sjå om snekker- og elektrikkerarbeidet bærer preg av dårlig håndverk, be om dokumentasjon på utført arbeid dersom ting ser amatørmessig ut.

-Når blei det gjort noke med taket sist? Sjå etter istapper, dette er eit dårlig tegn.

-Gå rundt bygget og sjå på takrenner og avløp. Ettersjå at avløpsvatnet frå taket blir drenert vekk frå byggninga. Sjekk om det er råteskader på veggkledninga.

-Når du går rundt sjå etter sprekker i grunnmuren (ser at det står at denne ikkje er synlig). Sprekker kan være symptom på settninger i grunnen.

-Er skorsteinen rehabilitert? Be om rapport frå feier.

-Vær oppmerksom på lukt på badet. Sjekk ventilasjonen på badet og sjå etter fuktmerker rundt takventilen.

-Sjekk om det er fall til sluket i dusjen. Dette kan du gjere ved å sprute litt vatn i dusjen, eventuellt ta med ei klinkekule. Dersom det ikkje er nok fall så vil det samle seg dammer med vatn som kan føre til skader og som skaper irritasjon ved at det alltid er vått i dusjen.

-Sjekk sikkringsskapet, er dette oppgradert til automatsikkringer? Undersøk om sikkringa går ofte.

-Sjekk om det står bolignummer i dørkarmen (f.eks H 0101), dersom dette mangler så kan dette tyde på boligen ikkje har fått ferdigattest frå kommunen (dette er nok ikkje eit problem i denne type bolig).

 

 

Ellers så vil eg gi deg det generelle rådet at du prøver å holde fokuset på konstruksjonane i boligen, eg ser at meglaren har fokusert mest på å beskrive innredninga, men dette er ikkje viktig. Ofte så blir det til at du gjer endringer på kjøkken og bad etter at du har kjøpt boligen uansett. Om det er ting du lurer på så be om dokumentasjon fra selger/megler.

 

Bestem deg også på forhånd om kva du er villig til å betale for leiligheita. Mange går i den fella at dei faller for boligen under visninga og berre må kjøpen den koste kva det koste vil og utan å tenke så mykje eventuelle svakheiter.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...