Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

06 Polo TDI har "mista" effekt


Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei.

 

Er nok ikkje så lett å gje noko diagnose på ein bil over internett, men det kan jo hende at nokre av dykk som frekventerer denne delen av forumet enter har liknande erfaringar, eller rett og slett er mykje dyktigare når det gjeld bil og motor enn det eg er.

 

Grunna behov for bil i ny jobb gjekk eg tidlegare i år til innkjøp av ein bruk 06 VW Polo TDI. Dette er den versjonen med 80kh motor. Har full forståelse for at det verken er den sprekaste eller mest spanande bilen der ute, men i forhold til behovet mitt, så fungerer den utmerket. Brukar den klart mest til og frå (og litt i) jobb og nesten alltid med kun ein person i bilen.

 

Sjølv om at eg var klar over at det ikkje ville vere den sprekaste bilen som eksisterer, så vart eg nesten positivt overraska over motoren dei første to månadane. Det gjekk sjølvsagt ikkje himla raskt, men den drog bra, også i tunge motbakkar. Køyrer gjennom ein lang undersjøisk tunnel til og frå jobb og hadde ingen problemer med å kjøre opp den bratte sida i tyngste gir og hadde også ekstra kraft til å akse forbi andre uten å gire ned.

 

Nyleg har det skjedd ei endring. På flatmark merkar eg ikkje så voldsomt mykje, sidan det verken er vegar som passar eller fartsgrenser som tilseier at eg kan køyre så voldsomt fort, men eg merkar veldig godt i motbakkar at effekten ikkje er den same som den var den første tida. Frå å lett kunne akse frå ca 17-1800 omdreiningar i motbakke på femtegir, sliter bilen ganske plutselig med å holde farta i femte. Bilen har ikkje vore utsett for noko som helst, kun vanleg køyring.

 

Er det nokon som har erfaring med noko liknande, eller ein mistanke om kva eg bør sjekke ut? Eg har nokre mnd bruktbilgaranti på bilen, så dersom det skulle vere noko, så reknar eg med å kunne få ordna det gjennom den, men om enkle ting ein kan sjekke sjølv, så hadde det vore greit å gjere det først.

 

Det vart veldig mykje tekst, men om det er fleire detaljar eg kan kome med eller noko de lurer på, så er det berre å spørre. Set stor pris på om nokon har noko å kome med.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Evt. dieselpartikkelfilter kan også være synderen (gjerne pga dyse som fusker), men bilen din har vel ikke dpf?

 

Siden oljenivået ikke har økt så er det ikke sikkert det er dyseproblematikk.

Skrevet (endret)

Det må eg faktisk sjekke opp. Det kan vere det, for det er det på 07-versjonar registrert mot slutten av 06, men må som sagt sjekke det opp. Det ser ut som dette er optional på desse, så får sjekke papira på bilen.

 

Det sikraste vil vel trulig vere å få nokon med litt meir kunnskapar rundt slikt sjå på bilen.

Endret av archanios
Skrevet

Engine lacks power:

-Air filter element blocked

-Fuel filter choked

-Fuel pipes blocked or restricted

-Engine overheating

-Fuel tank level low (diesel)

-Accelerator pedal sensor faulty

-Blocked injectors/fuel injection system fault

-Faulty injectors (diesel)

-Uneven or low cylinder compression

-Blocked catalytic converter

-Brakes binding

-Clutch slipping

Skrevet

Har ikkje merka økt forbruk. Bilen har generelt ganske lavt forbruk, så eg trur eg ville merka om det endra seg noko særleg.

 

-Engine overheating

-Fuel tank level low (diesel)

 

Desse er heller ikkje aktuelle slik eg ser det. Det er heller ikkje eit problem som kjem og går, men eg merkar det stort sett kun i femtegir og oppoverbakke. Må der gire ned, der eg tidlegare kunne halde giret.

Skrevet

Siden du kjører E.sambandet hver dag/ofte til og fra jobb så ville jeg sjekka luftfilteret, for der nedi er det mye svevestøv og dritt. Kjørte der selv hver dag i en periode, og luftfilteret på bilen gikk ifra nytt til svart uvanlig fort.

Skrevet

Kan godt være EGR-ventil som har tatt kvelden og. Forrige eier kan ha brukt bilen så kort av gangen at motoren ikke har rukket å bli skikkelig varm. Og sånt er dårlig når du kjører diesel. Det er så mye som kan være galt når effekten forsvinner, så det eneste egentlige forslaget jeg har er å stikke en tur og få det ordna opp på garantien.

Skrevet

Haha, jo skulle nesten vurdert om det kunne vere det, men måtte i såfall lagt på meg tilsvarande som tre mann ekstra i bilen, og så gale har det nok ikkje vorte endå. Då ville nok klea også vorte problematiske. ;)

Skrevet

Den tunnelen du kjører er seriøst full av dritt, sjekk luftfilteret først. Det er fort gjort :p men det skal være ganske skittent og tett skal ytelsen synke så voldsomt at det tilsvarer fullastet bil. Det skal ikke være slik at bilen går dårligere, og siden du har garanti så ville jeg tatt den i bruk så fort som mulig (før det er for sent).

Skrevet

Skal sjekke standen på luftfilteret, men hadde nesten rekna med at eg ville merke meir over heile linja.

Var i kontakt med lokale forhandlar/verksted i går og dei mistenkte som enkelte her inne at det kunne vere ein luftmengdemålar, men då må dei få låne bilen litt for å sjekke det, så eg må finne ei tid eg har mogelegheita til å gi den frå meg ein dag eller to for å få sjekka ut det.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...