Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Prosjekt: Peugeot 405 SRi Saloon 1990 Oppgradering


Staketten

Anbefalte innlegg

Denne tråden laga eg no fordi... Eg trur ikkje eg greier å kvitte meg med bilen min. Har vorte for glad i han. Og sidan det er heller sjeldan eg møter ein annan 405 etter vegen, så har eg tenkt å oppgradere bilen frå noverande standard; arbeidsbil. Og ein sedan blir fort ein trong arbeidsbil, så eg kjem nok om ikkje så altfor lenge skaffe meg ein betre slurvebil. Til dømes ein brukt Partner. Men det tek eg ikkje opp i denne tråden.

 

Eg kjem med bilete av bilen i nåverande stand i morgon. Nå er det for mørkt til å ta bilete.

 

Bilen sin standard:

 

Motorrom:

 

Utdrag frå vognkort:

Slagvolum: 1,905 liter

Motoreffekt: 88 kW

Drivstoff: Bensin.

 

Kunne i utgangspunktet tenkt meg ein hakket sterkare bil, gjerne 2 liter. Men denne gjer også nytta. Det er ikkje turbo, og eg tvilar også på om det er teknisk mogleg å installere det. Det er altså ein standard 4-sylindra rekkemotor, der innsug kjem inn framsida, og eksos går ut bak. Det er altså framhjulsdrift, med fylgjande tverrstilt motor.

 

 

Karosseri:

 

Lakk-farge kvit. Treng polering, og rusthandsaming. Rettnok berre rust to-tre stader, elles nokså grei. Har også vurdert å hyre inn lakkerarar til å lakkerer bilen på nytt (med same farge), men veit ikkje om det eigentleg er naudsynt. Eg vil ikkje lakkere sjølv da eg ikkje har tid eller stad å lakkere i, eller er spesielt fagkunnig innan lakkering.

 

 

Dør og takluke:

 

Takluka er ikkje heilt tett, må få kunnige til å tette, og eventuelt byte ut heile takluka. Også ikkje mogleg å opne heilt opp.

 

Sviktande elektriske glasruter. Men av ein eller annan grunn har eg ikkje opplevd vanskar med sideruta til førarsetet.

 

Sentrallåsen fungera innanfrå, men ikkje noko låsing i det heile utanfrå. Sett bort frå bagasjedøra. Altså, eg går frå bilen ulåst, om det så er midt i hovudstaden. Dette må også fagkunnig sjå på, og truleg byte heile driten.

 

 

Dekk og felg:

 

Dimensjon: 185/65/R14. Skal kjøpe felgar som ser bra ut, til å erstatte noverande felgar som berre er der for å halde styr på dekk og aksling.

 

Utdrag frå vognkort:

 

Std dekksimensjon: (båe akslingane) 185/65/R14

Std felgdim: (båe) 5 1/2J

Min impress: (båe) 24 mm

Maks sporvidd: Aksling 1: 1450 mm

Maks sporvidd: Aksling 2: 1436 mm

Min hast: Aksling 1: U

 

Alternative dimensjonar:

 

For båe akslingane kan eg nytte Std felgdim 6J

 

 

 

Eg kjem med spørsmål, småplukk og oppdateringar etterkvart. De må gjerne kommentera.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Personlig syns jeg orginalfelger fra 405 T16 er stillige, disse er heller ikke fult så lette å få tak i da det ikke ble lagd så mange T16 Og dermed ikke så mange felger, men dukker innimellom opp noen på blocket.se

Har ikke sett noen dukke opp på finn,no enda men det kan jo skje.

 

Bilde av bil med slike felger.

 

 

imag01219xw0an.jpg

 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...