Gå til innhold
Spørsmål om hus eller oppussing? Still spørsmål her! ×

Anbefaling av hybelovn?


Anbefalte innlegg

Mudern har nettopp fått seg ein hybelbuar i kjellern og er på utkikk etter ein liten hybelovn.

 

Det er allerede innstallert eit hybelkjøkken med 2 kokeplater der, så det er berre aktuelt å kjøpe ein ovn med kokeplater dersom den er billigare (har funnet ein del slike kombi-løsninger).

 

Eg finn veldig lite info om dei på nett, er det nokon som har anbefalinger/erfaringer å kome med?

Endret av HValder
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ikkje tvil i det heile. Den i særklasse beste og mest slitesterke hybelomnen du finn på marknaden er norske Kervel, http://www.kervel.no/kervel-2000c/. Dette er solid og kraftig norsk vare som gjerne varer 30 år (har ein frå før 1980 i slekta, han har gått på omgang frå hybelbuar til hybelbuar der og fungerer framleis like godt), i motsetnad til ein del importert skrammel frå Kina og Aust-Europa. Vert selt av alle butikkar i kjedane Expert, Euronics og Ideel + av nokre Coop OBS og Coop Marked, men slett ikkje lagervare alle stader. Prisen ligg litt i underkant av 2000 kr. Det finst no og ein 3000G, som er nett same omnen, men med grill. Han er nett gått ut av produksjonen (truleg for lite etterspurnad etter grill i hybelomnar) og er ein del dyrare, men du finn han framleis i nokre butikkar. Omnen 2000C må IKKJE forvekslast med 2000, som har dobbel kokeplate i tillegg og kostar 500-600 kr meir.

 

Kan kanskje og vera greitt å vita at det finst eit bord til denne omnen, eit bord som får han opp i nøyaktig kjøkenbenkhøgd og har hyller for lagring av former, panner mm under? Ligg på kring 500 kr.

Lenke til kommentar

Akk ja, rimeleg - og totalt ubrukeleg. Nett som Biltema sin. Etter mitt syn betre å vera utan omn enn å skaffa noko slikt - og dessutan varer dei just over garantitida på to år om du nyttar dei meir enn tre ferieveker og ein gong i månaden ellers.

 

Å kjøpa "så rimeleg du på nokon måte kan finna" vert så altfor ofte å kjøpa det dyraste du kan finna, i lengda.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...