Gå til innhold

Hvordan søke jobb?


Anbefalte innlegg

Er da en 16 år gammel student, skal flytte pga skole :/. Så har da tenkt å søke jobb. Har dere noen råd? Har aldri sendt CV/jobbsøknad. Dette er da førstegangen. Når jeg søker jobb, skal du først gi en CV også etterhvert en jobbsøknad? 

Endret av DwightKS
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har dere noen råd?

Får ta det HEILT grunnleggjande no, og heller koma att i morgon kveld med meir. Du skal alltid senda både søknad og CV. Ein god CV inneheld persondata (namn, adresse, kjønn, fødsesldato og -stad, tlf og e-post, osb), nokre "nøkkeløunkt" om dei viktigaste kvalifikasjonane dine for nett denne stillinga du søkjer på, og ellers eit oversyn over skulegong og tidlegare stillingar. I ditt tilfelle vert det fyrste veldig lite ("Fullført pliktig ungdomsskule ved.... skule ...6.2011, valfag ..... og ....., hovudkarakter ..... ") og "tidlegare stillingar" forsvinn. Då bør du byta ut med "relevant røynsle" og setja om kva du har av røysle (f eks frå hobby eller arbeid i lag (forening), til dømes som leiar her. Utover det bør du nevna litt om kva språk du kan, og på kva nivå (EU/EØS har ein "nivånorm" i framandspråk frå A1 til C3, han kan vera god å nytta., men er slett ikkje naudsynt) kva dataprogram arbeidslivet nyttar du kjenner og på kva nivå. (Her kan du jo ta til lista med dei ulike Office-programma, og så gå vidare med alt frå operativsystem via e-postprogram og internettlesarar til fakturaprogram/rekneskapsprogram og ulike fagprogram bransjen du søkjer stilling i generelt nyttar, eller som du veit nett denne arbeidsgjevaren nyttar.) Du bør og setja opp namn/stilling/tlf/e-post til to personar som kan vera "referanse" for deg under sluttfeltet "referansar". Ein skulelærar som verkeleg KJENNER DEG frå siste skuleår og ein person som kjenner deg frå lagsarbeid (gjerne som du har vore saman med i eit styre/nemnd/råd/komite) er gode referansar. Og hugs: Ein referanse skal alltid både ha gjeve løyve til at du nyttar han/henne som referanse og vera førebudd på at "NN frå verksemd BB kan koma til å ringja deg, eg har oppgjeve deg som referanse i søknaden eg sendte ...dag".

 

Søknaden skal vera eit salsbrev, og det brevet skal IKKJE sikra deg stillinga! Det skal derimot sikra at "mogeleg kjøpar av arbeidskrafta du tilbaud i salsbrevet" får hug til ein samtale/eit intervju for å finna ut meir om "vara" du kunne by på. Den oppgåva har du i praksis kring 45 sekund av hin si tid på oppnå, og viktigaste spørsmålet lesaren stiller seg her er: "Kvifor kan nett NN vera ein mogeleg tilbydar av ei vare som kan vera av interesse, slik at eg skal nytta tid på å læra han/henne og det han/ho kan tilby betre å kjenna". Svar på det spørsmålet på ein truverdig måte, og vegen til samtale/intervju er sikra. Unnlat å svara på det, eller ikkje svar truverdig på det, og du høyrer knapt meir frå verksemda.

 

Ellers skal både søknad og CV vera ABSOLUTT FRITT for skrivefeil og dårlege formuleringar! Dei er perfakt måte å syta for at papira går rett i bossbøtta på! Du skal og setja opp søknadsbrevet etter norsk standard for maskinskrivne brev, og gje CV-en nokolunde same layout. Med mindre du søkjer eit arbeid som krev veldig høg grad av kreativitet, er alle avvik frå slik layout vilkårslaust negativt.

 

Det var i alle fall litt å ta til på...

Lenke til kommentar

Dette blir kanskje litt på sida av det du spør om, men med tanke på din alder og at dette er din fyrste jobb så kan det være lurt å ved personleg oppmøte oppsøke aktuelle bedrifter for å høyre om dei har ein jobb til deg.

 

Dette fordi at førsteinntrykket dei får av deg nok vil være av høgare betydning enn ein CV som er nesten tom.

Ta med CV i tillegg som du kan legge igjen dersom bedrifta vurderer å gi deg jobb.

 

Husk at når du ikkje har utdanning eller erfaring som skiller deg ut i frå andre 16 åringar så er det ekstra viktig å vise til personlege eigenskapar. Dette gjer du best ved å snakke ansikt til ansikt med potensielle arbeidsgivere.

Lenke til kommentar

Dette blir kanskje litt på sida av det du spør om, men med tanke på din alder og at dette er din fyrste jobb så kan det være lurt å ved personleg oppmøte oppsøke aktuelle bedrifter for å høyre om dei har ein jobb til deg.

 

Dette fordi at førsteinntrykket dei får av deg nok vil være av høgare betydning enn ein CV som er nesten tom.

Ta med CV i tillegg som du kan legge igjen dersom bedrifta vurderer å gi deg jobb.

Nei, ikkje heilt samd her. Me sit sjølv som eigar av ei verksemd, og eg har røynsle med ungdom som spør etter arbeid både der og frå andre stader. Det kan nok skifta litt ut frå bransje, men generelt er det slik at å "berre dukka opp" på ei verksemnd gjev - i boka, ikkje +! Rette måten då er å senda (evt levera i resepsjonen, om verksemda har resepsjon kor det alltid/jamt over er folk) ein "open søknad" (altså ein generell søknad om arbeid i denne verksemda, ikkje svar på nokon utlyst stilling). Her skal CV-en vera nett som i ein vanleg søknad, medan søknadsbrevet skal gje han/ho som les svar på to ting: Kvifor eg ynskjer meg eit arbeid nett i DEN verksemnda (kan du ikkje gje eit truverdig svar på det har du tapt!) og kva kvaliteter eg har på "vara" (arbeidskrafta) mi som gjer at du bør vurdera å setja av ei økt til ein samtale om "vara" og kvalitetane. Hugs då: Dette er eit SALSbrev! Du skal ikkje selja "vara" no, men du skal syta for at han/ho som les tykkjer dette ser interessant nok ut til at du er verdt å nytta 30-40-50 minutt av tida på, når dette måtte høva for leserane (og jo meir "vara" freistar, jo snarare høver det sjølvsagt til vanleg....)

 

Å levera ein slik søknad, skikkeleg og gjennomarbeidd er BERRE positivt. Eg har faktisk ved eit høve vore med på å oppretta ei ny stilling på 48 timar i ei verksemd etter ein slik (særs velskriven) søknad, ut frå tanken til avdelingsleiaren om at "ein SLIK kandidat let me ikkje nokon konkurrent få kloa i, om me kan FINNA eit eller anna å gjera på som freistar den kandidaten fyrste tre-fire månadene, før me faktisk HAR stillinga til NN ledig og kan nytta han der". (Vedkommande hadde nett same kvaliteten på og etter intervjuet, og han vart i ventetida boden ein jobb ein hadde mest to år før MÅTTE gjerast, men kor ein altså brått fekk ei grei kandidat og for den jobben og difor sette i gong med det same.) Å "berre møta" er derimot oftast mest negativt. Då har du sytt for nett same fyrsteinntrykk og er nett like populær som ein seljar som "sit og lurer på om du har tid til han"! Du signaliserer på den måten både vanvyrdnad for andre si tid og at det er heilt sjølvsagt "vara" di er av ein slik kvalitet og etter hin si meining at han/ho er interessert i å nytta tid på deg i det heile. Vidare hindrar du hin i å førebu seg til møtet, noko som oftast irriterer mykje, og får deg til å verka som ein seljar som nyttar overrupmlingsteknikk.

 

Husk at når du ikkje har utdanning eller erfaring som skiller deg ut i frå andre 16 åringar så er det ekstra viktig å vise til personlege eigenskapar. Dette gjer du best ved å snakke ansikt til ansikt med potensielle arbeidsgivere.

Her er eg heilt samd - men det er altså kjøparen (representanten for den mogelege arbeidsgjevaren som skal avgjera om han/ho ynskjer å nytta tid på å snakka andlet til andlet med deg. Har du høvet, skal du vera maksimalt førebudd.

 

Hin parten er, djupast sett, ikkje interessert i korkje utdanninga di eller røynsla di! Hin parten er interessert i svar på EIN ting: "Er du høveleg person for oss til å gjera nett DET arbeidet me skulle hatt gjort?" Her vert utdanning/røynsle ei rettleiing, men ikkje noko fasitsvar (anna enn i nokre stillingar, kor det er sett som ufråvikjeleg krav at personen SKAL ha den og den utdanninga/røynsla). Å overtyda her er å overtyda om at utdanning (både på skule og via evt fritidskurs!), røynsle (ikkje berre frå løna arbeid, relevant røynsle frå lag/klubb kan vera like god - og hugs no endeleg den høgst relevante røynsla du har for avløysararbeid ved at du passa dyra på garden heime tre veker medan hine var på ferie den sommaren du var 14, eller frå alle uløna kveldane som barnevakt siste to åra hjå ein nøgd nabo (berre nemn døme - og namn/telefonnummer) om du søkjer tilsynstilling i kjøpesenteret si barnepassavdeling!) og personleg dugleik SAMAN gjer deg høveleg for å gjera det arbeidet arbeidsgjevar treng dil deg. Er du veik på nokre punkt (til dømes utdanning og alder), må du vera sterk på andre om du skal vera interessant, men ER du sterk på andre kan du vera nett like interessant totalt for arbeidsgjevar sjølv om nokre punkt er veike! AT du og har sterke punkt skal du utdjupa den dagen arbeidsgjevar har fått interesse for det du kan by, fram til då skal du berre freista "akkurat nok" til at du nokon gong får høve til ein samtale med ein person som er interessert i å høyra meir. Etterpå sit du andlet til andlet med hin parten, og overtyder om at "vara" du hadde var ENDÅ litt betre enn salsbrevet (søknaden) tyda på...

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...