Gå til innhold
Spørsmål om hus eller oppussing? Still spørsmål her! ×

Behandling av eikeparkett?


Anbefalte innlegg

Vi har eikeparkett i hele leiligheten. Den begynner å bli litt småslitt noen steder. Typisk der bordbein har stått tidligere osv. Det er da matte partier rundt omkring.

 

Er det noen måte å få dette pent igjen, uten å slipe ned og olje/lakke?

Har lest noe om voks og polering, men hva er det i så fall jeg trenger, og vil det bli bra?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
' timestamp='1313597137' post='18182935']

Vi har eikeparkett i hele leiligheten. Den begynner å bli litt småslitt noen steder. Typisk der bordbein har stått tidligere osv. Det er da matte partier rundt omkring.

 

Er det noen måte å få dette pent igjen, uten å slipe ned og olje/lakke?

Har lest noe om voks og polering, men hva er det i så fall jeg trenger, og vil det bli bra?

Voks og polering hjelper mykje for å halda ein parkett fin, men voks hjelper særs lite for å fjerna synleg slitasje som alt ER der, så vil nok heller foreslå litt lett pussing av golvet, litt flekklakkering der det er mest slite og så heillakekering eit par strok . (Eg føreset då at golvet er lakka. Er det olja, må det pussast grundig og fyrst "fleikkoljast", så heiloljast fleire gonger til det ikkje sug meir, og så må det olje som er for mykje fjernast.)

 

Eit SLIKT golv bør derimot polerast nokre gonger. Då treng du ein god hardvoks, den alle beste (eigentleg einaste verkeleg brukbare) er http://www.simoniz.se/produkter/sim0010, som du kan i Noreg rekna med 130-150 kr i pris for pr boks på 150 gram. Han er ikkje heilt lett å få tak på i Noreg meir, men prøv ein litt "gamaldags" bensinstasjon eller jernvarebutikk, ting evt her: http://www.care4car.com/productdisplay/productid/336/Simoniz_Original_Wax_Car_Polish_150g.html. (Siste staden er er prisen 9 GBP (drygt 80 kr) pr boks, norsk MVA kjem i tillegg. Portoen (som skal vera "rest of World, ikkje Europa, det er misvisande - tyder "EU" - og gjev hundrevis av kroner i "straffeporto" kravd opp av posten før du får vara!) er 16 GBP (ca 145 kr) anten du tingar to eller tjue boksar.) I tillegg treng du ei gammal bomullsfille du ikkje er redd for (ho må kastast etter jobben, og det kan gå eld i henne, så ho må vætast både lenge og godt før ho vert kasta!) + rikeleg med polergarn (prøv næraste bensinstasjon eller bilrekvistsitabutikk). Rekna ein boks voks + 200 gram polergarn til 8-10 kvm golvflate. Polera golvet er ein smule krevjande jobb, reint fysisk, men slett ikkje vanskeleg: Smør på eit tunt, jamt lag, (ei matskei eller så pr kvm) med filla, lat tørka 30-45 sekunder, og gni (GNI!) i større og større sirklar til golvet vert blankt og skinande. Bit for bit. Etterpå vil du truleg nyta synet av golvet ditt. Jobben bør gjerast ein-to gonger pr år på eit parkettgolv, etter kor mykje golvet vert nytta.

 

Før ein polerer skal golvet vera GRUNDIG vaska og heilt turt. Etter polering bør ein lata vera å nytta golvet på 12-24 timar, så voksen får herda maksimalt og held seg fin så lenge råd er.

Lenke til kommentar

Takk for svar! Det blir nok litt mye jobb å pusse ned å lakke opp igjen hele gulvet i denne omgang.

 

Ser den Simonizvoksen er en bilvoks. Er det en hardvoks? Kan en bruke andre bilpleieprodukter også? Jeg har en god del stæsj jeg bruker på bilen. Bl.a. en utrolig god hardvoks fra Meguiars.

Lenke til kommentar
' timestamp='1313606496' post='18183747']

Takk for svar! Det blir nok litt mye jobb å pusse ned å lakke opp igjen hele gulvet i denne omgang.

 

Ser den Simonizvoksen er en bilvoks. Er det en hardvoks? Kan en bruke andre bilpleieprodukter også? Jeg har en god del stæsj jeg bruker på bilen. Bl.a. en utrolig god hardvoks fra Meguiars.

Unnatak kan finnast, men normalt nei. "Simoniz Gul" er ein rein VOKS utan slipemidlar, og (trur eg) einaste av desse trur eg. Altså skal han, i motsetnad til "polish", som har slipemidlar, ikkje nyttast på bil utan ein grundig lakkrens fyrst, av typen "Color Back", "Lakkreinsar" eller liknande. Det at voksen er rein og utan slipemiddel gjer han derimot nett like høveleg på bil, golv og møblar - når dei berre er REINGJORDE godt på førehand.

 

Ellers: Du treng ikkje pussa NED for å lakka. Målet med pussinga når du skal ha "lakk på lakk" er ikkje å pussa ned (anna enn der lakken er VELDIG sliten), men å gjera lakken matt og ru, så ny lakk bit seg best mogeleg fast. Ein snakkar altså om nokre lette drag med sandpapiret, ikkje lakkFJERNING. Hugs berre etterpå å sjekka kva lakktype som er nytta frå før (ikkje merke, men TYPE, som alkyd, akryl, ureretan, polyvinyl, cellulosebasert, syreherdande...) av di du skal nytta same typen på ny. Å blanda to ulike lakktypar kan lett gje "lakkoking" og med det eit øydelagt golv du aldri får fint etterpå.

Lenke til kommentar

Voksen jeg har er også en slik ren voks, med carnauba.

http://www.performancemotorcare.com/acatalog/Meguiars_Mirror_Glaze_Professional_Paste_Wax___16_312g.html

Den legges ultratynt på med gummisvamp og tørkes av med mikrofiber etter den har tørket, som siste skritt i bilbehandlingen. Altså etter selve poleringsjobben.

 

Ok, da er det ikke SÅ krevende jobb, selv om vi snakker om 96kvm om jeg skal gå over hele...

 

Hva det er behandlet med originalt er ikke lett å si. Det er vanlig parkett (type klikk) som aldri er gjort noe med etter den ble lagt. Halvblank overflate. Lakkoking er veldig greit å unngå ja. Har ikke noen rester liggende heller, men en kan jo prøve seg frem under kjøkkenbenken f.eks.

 

Hva med småriper i overflaten? Typisk sånne som kommer etter en stund når en har flyttet stoler frem og tilbake, eller hatt sand under skoene i gangen. Vil det være mulig å polere ned dette, slik som riper i lakken på en bil? (Jeg har 2 poleringsmaskiner liggende)

Lenke til kommentar
' timestamp='1313617398' post='18184748']

Voksen jeg har er også en slik ren voks, med carnauba.

http://www.performancemotorcare.com/acatalog/Meguiars_Mirror_Glaze_Professional_Paste_Wax___16_312g.html

Den legges ultratynt på med gummisvamp og tørkes av med mikrofiber etter den har tørket, som siste skritt i bilbehandlingen. Altså etter selve poleringsjobben.

Kjenner ikkje nett denne voksen, men generelt: Sjekk grundig at han er REIN voks, med null slipemidler, null "nanoteknologi" (kravet om gummisvamp og (serleg) mikrofiberklut gjer meg litt skeptisk her), null silikon osb. Berre vanleg voks av planteekstrat og/eller bivoks - og jo meir carnauba, jo betre, utan at DET er avgjerande då på eit golv. VEIT du han fyller dei krava, er det berre å setja i gong.

 

' timestamp='1313617398' post='18184748']

Ok, da er det ikke SÅ krevende jobb, selv om vi snakker om 96kvm om jeg skal gå over hele...

Å ta 96 kvm for hand på ein dag er temmeleg krevjande fysisk og krev god "skulderkondisjon" om du ikkje skal ha "verkeskulder" utover kvelden og natta. Har du SAKTEGÅANDE poleringsmaskin er det fullt overkomeleg når ein har normalt god helse

 

' timestamp='1313617398' post='18184748']

Hva det er behandlet med originalt er ikke lett å si. Det er vanlig parkett (type klikk) som aldri er gjort noe med etter den ble lagt. Halvblank overflate. Lakkoking er veldig greit å unngå ja. Har ikke noen rester liggende heller, men en kan jo prøve seg frem under kjøkkenbenken f.eks.

Veit du kven produsenten er og nokolunde kva tid han er frå, får du ofte god info her. Ellers må ein gjera nett som du seier. Testa litt på "usynleg" stad og lata det turka godt før ein vurderer og går laus på prosjekt golv. Generelt er ueretanakyd beste utgangpunktet men på "spritlakk" og celluloselakk kokar alt anna. Då vert det jo eit problem at på alkydlakk og syreherda lakk kokar celluselakk og "spritlakk" krev både lærdom i lakkblanding (du får han ikkje ferdig i dag) og god teknikk for å få fint resultat....

 

' timestamp='1313617398' post='18184748']

Hva med småriper i overflaten? Typisk sånne som kommer etter en stund når en har flyttet stoler frem og tilbake, eller hatt sand under skoene i gangen. Vil det være mulig å polere ned dette, slik som riper i lakken på en bil?

Du greier knapt å polera desse vekk, dei går langt djupare enn riper i billakk om dei er irriterande (så lenge du ikkje har heilt uvanleg store krav til finish). Om dei er i LAKKEN vil dei derimot verta tilnærma usynlege om du lakkar over med god lakk og pussa litt ekstra der dei var, så du kom djupare i lakken. Er dei i treverket må det nok heil nedpussing av golvet til.

Lenke til kommentar
  • 3 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...