Gå til innhold

Amerikansk finanskrise


Anbefalte innlegg

I tråden om republikanske presidentkandidatar dukkar det opp eit spor om den amerikanske finanskrisa:

 

https://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=1275496&st=400

 

Eg siterer Blåbær:

Du misforstår, å øke lånerammen er helt nødvendig for at kreditorene skal vite at USA betaler til riktig tid når avdragene skal betales (med lånte penger riktignok). Dessuten så må de låne penger for å betale for underskuddet på statsbudsjettet.

 

Dette temaet fortener ein eigen tråd, sjølv om det sjølvsagt i nokon grad er knytt til spørsmålet om kven som vert president til neste år, og om det finst noko alternativ til Obama sin finanspolitikk.

 

Kan ein betala ned lån med lånte pengar? Etter det eg kan forstå, i lengda ikkje. USA sitt problem er overforbruk, og "løysinga" på finanskrisa har vore endå meir overforbruk som skaper endå større finanskrise. Er ikkje det rett?

 

Ron Paul er så vidt eg forstår den einaste presidentkandidaten som har tenkt å gripa tak i dette, men han har ikkje ei nubbesjanse til å verta vald.

 

Spørsmålet er kva konsekvensar det vil få for oss når den amerikanske økonomien kollapsar? Ein ting er at oljefondet sine investeringar i USA i lys av dette sannsynlegvis er meir å sjå på som bistandsmidlar enn rentable investeringar, men kva med dei direkte konsekvensane for Noreg og resten av Europa? Er me avhengige av at USA er lokomotivet som held økonomien i gang eller greier me oss sjølve? EU er jo dessutan også nokså nær konkurs, så det ser ikkje bra ut!

 

Våre vener på Island er utan tvil dei som har løyst den internasjonale finanskrisa best. Dei har skore ned levestandarden sin monaleg og har dermed justert forbruket til betalingsevna. Dessutan har dei gjort dette ved å devaluera valutaen, noko som har fordelt byrdane jamt ut over folket, men det er ikkje noko som alle land kunne gjera, for då ville det jo ikkje ha nokon effekt.

Endret av ingvaraaberge
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...