Gå til innhold

RAM-problemer Optiplex 980


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg har nyleg oppgradert Dell Optiplex 980 med ny RAM. Den RAM-en skal vere heilt kompatibel ettersom det er av same slag som dei som stod i før.

 

Det som før stod i var DDR3-1333 som gjekk på 1.5V. Det var fire brikker på 2GB av denne sorten.

Eg bytta desse ut med 4x4GB Corsair Dominator-brikker med 1333 som skal kjøre på 1.6V.

Brikkene er utover dette så og sei identiske spesifikasjonsmessig.

Når eg set i alle dei nye brikkene får eg ein CPU-feil. Eg mistenkjer foreløpig at det kan kome av at brikkene trekk for mykje straum, eller at dei ikkje får den straumen dei treng. CPU-en er ein i7, noko som RAM-en spesifikt var meint å støtta.

Det eg har gjort for at systemet skal kunne køyre imidlertid er at eg bruker kun 2 av brikkene som eit par, dette fungerer heilt flott.

 

Når eg har i alle 4 får eg ein CPU-feil, noko eit feildiagnosesystem på fronten av kabinettet gir beskjed om.

Maskina startar ikkje opp då, men gir diagnosen på CPU-feil. Utover dette fungerer maskina flott, men ettersom det er ein Dell har egen ingen moglegheit for å stille inn noko som helst i BIOS. BIOS gir meg ikkje moglegheit til å sjå vDIMM heller.

 

Eg har prøvd alle moglege kombinasjonar av dei nye brikkene for å sjekke om det er feil på dei, men dei er alle i god behold. Problemet oppstår kun når eg skal ha i alle 4.

 

Ettersom maskina køyrer Citrix XenServer er det litt verre med å bruke GUI-baserte overklokkingsprogrammer og liknande for å sjå straumen til RAM-en. Eg prøvde også å sjå litt rundt ved hjelp av ein live CD med Ubuntu men fann ikkje noko spesielt då heller.

 

Så no spyr eg, er det noko måte å sjå vDIMM eventuelt forandra på det? Dette skal visstnok gjere seg sjølv, men eg mistenkjer at det ikkje heilt er tilfellet her.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...