Gå til innhold

Kontormaskin - 4000+ - 15", batteritid


enixitan

Anbefalte innlegg

Eg er ute etter ei maskin til ein student, med følgjande krav:

 

- Ca. 15" skjerm (15,4 eller 15,6, eller kva dei kallar det)

- God batteritid (3 timar og oppover)

- Optisk stasjon

- Pris: i utgangspunktet 4-6000 kr, men det kan kanskje strekkast om det er verdt det

- Kjøpe i butikk, ikkje på nett

 

Bruksområde er teksthandsaming, sjå film og surfe på nett, primært.

 

Det er eit pluss med garantiordningar som kan gje kjappare reparasjon enn dei vanlege 4-6 vekene. At det er lett å få tak i eit nytt batteri etter 2-3 år er òg eit pluss. Eg er klar over at i prisklassa er desse vanskelege å oppnå, men eg nevner det.

 

Eg fann denne på Elkjøp:

Samsung R530-JA07

 

Eg finn derimot ingen informasjon om forventa batteritid, er det nokon som kjenner til denne modellen? Fann den ikkje på Samsungs nettsider heller, så eg lurar på om det er ein spesialbygd modell for Elkjøp/Dixons-butikkane.

 

Ingen direkte merkepreferansar, men eg har dårleg erfaring med HP-maskiner under 10000, både privat og i arbeid, så det er uaktuelt.

 

Håpar på gode bidrag. :)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...