Gå til innhold

Noen som kan oversette kinesisk fra et bilde?


glad

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Har allerede sjekket, godt mulig det er en kopi. Skulle ønske det var mulig å oversette det bildet, radioen har en plagsom kinesisk stemme, og det er umulig å se hvilken frekvens den bruker som standard slik at den kan samarbeide med mine andre radioer.

Lenke til kommentar

Innlegget er oppdatert med heile teksten. Sjå nedst

 

Det finst ikkje noko kinesisk tastaturoppsett med teikn, diverre. Dei skriv latinske bokstavar og so kjem teikn opp som val. Skriv du til dømes «ren», vil du få opp mellom anna 人. Men då må du vita korleis ordet skal seiast og om du ikkje kan kinesisk, so er du like langt. Men heilt gale er det ikkje. Teikna har eit system — dei er bygd opp av nokre grunnteikn. Til dømes er 好 (god) bygd opp av 女 (kvinne) og 子 (barn). Då kan du trykkja på eit av dei i lista til Wiktionary over grunnteikn (http://en.wiktionary.org/wiki/Index:Chinese_radical). I dei fleste teikna finn du grunnteiknet til vinstre, òg i dette teiknet (altso finn du 好 ved å trykkja på 女, men IKKJE om du trykkjer på 子). Lista er ordna etter talet på strek i grunnteiknet. Du kjem til ei ny liste som er ordna etter talet på strek som er att når du «tek bort» grunnteiknet.

 

Ei anna løysing er programmet hanzidict (http://kiang.org/jordan/software/hanzilookup/hanzidict.html), eit Java-program (som diverre berre finn det rette teiknet om alle streka er teikna i rett rekkjefylgje). Då nyttar du musa og teiknar det du ser. Eit alternativ til hanzidict er teikngjenkjenninga på iPhone/iPod Touch — eg har prøvd nokre gonger og det verkar ganske lett. Korleis du skal få teksten til PC veit eg ikkje, men eg reknar med at du kan nytta Google Translate på iPhone òg.

 

Eit teikn som det er mykje av i teksten er 电 (diàn), som tyder «lyn» eller «elektrisitet». Du finn det ofte i ord som har med straum å gjera, som 电脑 (diànnǎo, datamaskin, eigentleg «elektrisk hjerne»), eller i denne teksten, 电源 (diànyuán, straumforsyning/straumkjelde).

 

Overskrifta har eg tyda til 基本操作与功能说明 og fyrste linje av fyrste punkt til 电源开关/音量调整. Fyrste linje av andre punkt ser ut til å vera 信道选择 og fyrste linje av tridje punkt ser ut som 双守候与信道扫描. Skal sjå om eg har tid til å finna resten av teikna i morgon. Då kan eg òg sjå om eg får til ei omsetjing.

 

ENDRA:

Då har eg skrivi ned heile teksten. Eg trur alt skulle vera rett. Lyspæreteiknet fann eg ikkje, so eg tok ei sol i staden. Skal sjå om eg får til å omsetja òg, men her er i alle fall teksten:

 

基本操作与功能说明

•电源开关/音量调整

1.按顺时针方向转动"电源开关/音量调整"旋钮,打开电源时,发出"哔"尹声,语音提示所处信道。

2.按下"监听键"后转动"电源开关/音量调整"旋钮调节音量。

•信道选择

1.转动"信道旋钮",选择您耍使用的频道。

2.要进行呼叫时,按住"发射键",此时"接收/发射指示灯"亮红灯;时对着"麦克风"用正常声调讲话。

3.请保持"麦克风"于嘴唇距离至4cm处。

4.放开"发射键"进行接收。

•双守候与信道扫描

按住"监听键"开机,语音提示"扫描"。

此时信道旋钮位于第1~15信道时为双守候状态,可同时守候当前工作信道与第16信道。

当信道旋钮位于第16信道时为信道扫描状态,依次从1到16信道进行扫描工作。

•低电量告警

电量不足时,语音提示"请充电"。

•照明灯

按[☼]键,照明灯亮;再按[☼]键,照明灯关闭。

Endret av 9E2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...