Gå til innhold

Nytt headset, 1500-2000,- til musikk, god støydemping (ATH-M50 kjøpt)


Anbefalte innlegg

Budsjett: 1500-2000,-

 

Størrelse: Klokker som dekker hele øret

 

Type: Litt usikker, vil ikkje lekke så mykje lyd, så lukka er kanskje det beste. Blir stort sett brukt på buss, fly og rom med fleire til stade

 

Bruksområde: Kun musikk

 

Tillegsinfo: Mest metal og rock, men og ein del roligare der god diskant er viktig

 

Hvilket lydbilde liker/ønsker du?: Heile området for så vidt. Er nok meir glad i diskant og mellomtone enn bassen, men vil ikkje miste delar av lydbiletet der nede heller. Hart høyrt mange sett der bassen drunkar i resten. Om eg skulle velge ville eg nok hatt meir diskant og mellomtone enn bass, men helst ein god balansering av alt. Det er viktigare at bassen er klar og til stade, enn at den er så dominerande.

 

Kilder: PC og bærbar mediespelar, spesifikt Cowon D2. Mp3 VBR V2 på Cowon og FLAC på PC. Blir nok brukt 80% med bærbar spelar, så det er hovudprioritet. Har ikkje amp.

 

Hva har du ifra før: Shure SE530 er det eg brukar mest, og er veldig nögd med. Eg saknar derimot eit headset som kan produsere meir bass og ha eit fyldigare lydbilete.

 

Komfort er veldig viktig, sidan eg kjem til å bruke dei over lengre tid i strekk. God stöydemping er greit å ha i støyområder, men trur ikkje eg vil ha aktiv støydemping. Vil gjerne at dei ikkje blir for varme ved bruk på heite sommardagar. Utsjånad er ikkje veldig viktig, men jo mindre fysisk störrelse, jo betre. Både av utsjånadsmessige hensyn, samt praktiske ifm. reising og pakking. Störrelser liknande Bose QuietComfort 15 er greit, men ikkje prioritert over lydkvalitet.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har lese litt på K 272 og lurer på om dei kan bli for kjedelige. Eg vil ha eit klart lydbilete, men ikkje kjedelig. DT770 er jo ein favoritt hos mange, men ser ikkje så bra ut, usikker på kor kraftig den er på bassen og. D2-en har jo BBQ og Mach3Bass, så den kan guffe på der dersom det mangler litt.

Lenke til kommentar

Valget mitt tidligere stod mellom AKG K272HD, DT770.. Såg også på Sennheiser, Denon AH-D2000 (og AKG K701), men var utenfor min prisklasse..

 

Burde kanskje ta en titt på AudioTechnica (husker ikke helt namnet men...)

 

 

Men siden det er til bærbar spiller så er det vel kanskje høg impedans på ? Alt etter hvor høg lyd du har på da.. Har du mulighet til å få testa de ? Med tanke på komfort og lydbilde?

 

Men til Rock og Metal sjanger vil jeg tro du vil trives bedre med DT770 (kanskje gå for 32 Ohm versjonen )

Ellers om du har litt ekstra penger, ta en titt på Sennheiser HD650 (eller HD800 om du har mye peng), Grado, og Denon

Lenke til kommentar

Cowon D2 har god utgangseffekt, men ut frå det eg har lese er ikkje K272 så godt egna til bærbar spelar utan amp. Skulle gjerne fått testa litt forskjellig, får sjå om eg kan spore opp ein butikk som har noko inne. K272 blir nok uansett litt for kjedelig, spesielt dersom den absolutt skulle hatt amp.

 

Om eg går for DT 770, bør eg velge 32 ohm eller 80 ohm? Eg spelar ikkje spesielt høgt, difor eg er opptatt av god støydemping, for å kunne ha eit lågare volum. Men det er klart at spelaren må sjølvsagt kunne drive dei. Korleis er komfort, støydemping og varmeutvikling på DT 770?

 

H650 ser ut som dei er åpne eller semiåpne, det er nok ikkje aktuelt. Utsjånaden var heller ikkje bra.

 

Eg har for så vidt ikkje satt noko grense på pris, så den kan vurderast dersom det er mykje å hente på ein dyrare modell. Å kjøpe amp er nok derimot ikkje aktuelt, så det må kunne drivast av ein bærbar spelar.

 

Må sjå om eg får testa DT 770, det er settet som står høgast på lista, men eg er litt usikker på bassen. Enkelte har kalt det eit bassmonster. Eg er ikkje noko basstilhengar, så akkurat det kan bli eit problem. Det hadde difor vore greit å fått prøvd. Haugesund, eventuelt Bergen er der eg kan prøve dei. Skal til Bergen om ikkje alt for lenge. Meiner eg har lese at Musik-Magazinet har dei.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar

Det går egentlig på smak og behag...

 

Men til bærbart oppsett ville eg gått for 32 Ohms versjonen..

Du bør sjekke om dei har Grado og Audio-Technica.

Men for all del, prøv før du kjøper !

 

 

Husk å ta med Cowon D2'en når du skal teste dei for å finne ut det beste til deg ;)

Endret av TomTom92
Lenke til kommentar

Det er klart eg tar med spelaren min. Grunnen til at eg vurderer 80 ohm er erfaringar eg har lese på forumet her. Fleire som meiner 80 ohm går fint til D2, blant anna Capt. Ødegård, som har litt peiling.

 

Det er vel 37+37W output på D2.

 

Nokre spesifikke modellar på Grado og Audio-Technica?

Lenke til kommentar

Er 3 varianter av DT770Pro. 32, 80 og 250. 80 ohm versjonen er den med mest bass.

Rangering mhp. bass: 80 > 32 > 250

 

Du bør også se på Audio-Technica ATH-M50, Shure SRH840 (litt store og tunge), Shure SRH750DJ, Denon D-1001 og Creative Aurvana Live (som har samme innmat som D-1001 men mye billigere).

 

DT770Pro er den mest komfortable av disse. Velourputer blir litt mindre varme enn syntetisk skinn.

 

Hvis du vil lære mer om hodetelefoner bør du lese litt på head-fi.org.

Lykke til!

Endret av bar1
Lenke til kommentar

Vurderer no Nuforce uDAC og AKG K 272 HD.

 

17-80-large.jpg

 

+

 

AKG-K272-HD.jpg

 

Hadde håpt å fått prøvd DT 770 og. Forsterkaren kjøper eg nok uansett, er greit å ha.

 

Edit: Har lese litt om uDac, den er visst meir DAC enn amp, så eg burde kanskje vurdere ein anna.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar

Kanskje Audio-gd Sparrow (dac/headamp) kan være noe for deg?

http://www.head-fi.org/forum/thread/483188/audio-gd-sparrow-a-semi-portable-dac-amp

Jeg har Audio-gd Fun (dac, headamp, preamp) og er veldig fornøyd.

http://www.head-fi.org/forum/thread/468522/review-of-the-audio-gd-fun-a-modular-dac-headphone-amp-preamp.

 

http://www.head-fi.org er Audio-gd regnet for en produsent som gir god "bang for the bucks".

Jeg bestilte rett fra produsent. http://www.audio-gd.com/En%20audio-gd.htm

Endret av bar1
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
  • 2 uker senere...
  • 2 uker senere...

Litt sein tilbakemelding, men no har eg fått settet. Hadde nokre veker der eg lurte på om eg ville kjøpe i det heile tatt, men rista frå meg den tanken og landa til slutt på:

 

Audio-Technica ATH-M50

 

ATE-ATHM50%5B1%5D.jpg

 

Brukte Head-fi ein del til å lese erfaringar rundt sett og fant ut at M50 var ein god match. Veldig komfortabelt på hovudet, tar ikkje så stor plass, isolerer veldig godt og har eit lydbilete eg kan like!

 

Utsjånaden er eg og veldig nøgd med, var ein del sett som ikkje såg så bra ut. Har lytta til det i drøye 20 minuttar no og kan absolutt godkjenne det. Eg er som sagt glad i god diskant, noko settet leverer praktfullt, klar og fin lyd frå cymbaler. Det har meir bass enn Shure-pluggane mine, og det funker knall, med Mach3Bass og BBE kan eg sjølv justere etter behov.

 

Har allereie høyrt detaljer i lågare frekvensar eg ikkje får med meg gjennom pluggane.

Takk for all hjelp i tråden!

Lenke til kommentar
  • 2 måneder senere...
  • 10 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...