Gå til innhold

Hvordan koble Z 5500 til xbox 360


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Hugsar ikkje heilt, men meiner det var vanskeleg å få både AV-plugg og HDMI i boksen samtidig. Måtte kutte opp pluggen for å få plass til HDMI-kabelen. Det finn du uansett fort ut av ved å prøve. Den eine AV-kabelen, meiner det er den med komponent har ein optisk utgang på pluggen. Dersom du har komponent på TV-en kan du bytte frå HDMI til komponent om det gjer saken lettare.

 

Ellers kan du sjølvsagt bruke analoge signaler dersom anna utstyr tar opp den optiske inngangen på anlegget. Då treng du ein overgang frå phono til minijack, female - female. Der kan du og kome ut for problemet med AV-plugg og HDMI.

Lenke til kommentar

Jo, det kan stemme. Trudde du meinte ein med kun optisk, men det er jo den med analog og.

jeg kjøpte arcade pakken.

 

Så vist jeg har forstått det riktig da, så kjøper jeg en optisk kabel også en omformer ?

Først av alt kan du sjå bakpå boksen om den ser sånn ut:

 

Premium_HDMI.jpg

 

Så kan du finne pluggen som fulgte med din boks og prøve å plugge den i samtidig som HDMI-kabelen står i. Som eg skreiv tidlegare kan det bli kræsj. Då har du nokre alternativer:

 

1: Kutte opp AV-pluggen så den får plass samtidig med HDMI-kabelen og bruke optisk

2: Kjøpe ein komponentkabel og bruke komponent til biletet (forutset at du har komponentinngang på TV-en) og optisk til lyden

3: Kjøpe lydplugg med optisk og analog, kutte den opp, bruke optisk og HDMI

 

Kva TV har du forresten? Enkelte apparater kan kjøre digital lyd som kjem inn på HDMI ut gjennom digital coax eller optisk. Z-5500 har begge delar, så det kan gå. TV-en kan kanskje sende lyden ut analogt og. Om du informerer om kva TV du har, merke og modellnummer, så er det kurant sak å finne ut av. Det er det beste alternativet dersom det er mogeleg. Du bør og sjekke om du får AV plugg og HDMI i samtidig. Om dei fiksa den der feilen på Arcade veit eg ikkje.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar
Det går ikke uten kabel nummer to fra venstre.

Du kan bruke komponentkabelen og, då kan du samtidig sleppe HDMI-kabelen.

 

Her er mitt forslag til korleis du kan gjere det:

 

Sjekk bakpå TV-en din at inngangen vist nede til høgre på biletet under er ledig. Den er merka med Y Pb Pr, grønn, blå og raud. Det er ein komponentinngang.

 

32pfl5322_10_cow_.jpg

 

Dersom den er ledig så kjøper du denne kabelen:

 

xbox_360_hd_cable_component.jpg

 

Pakken ser sånn ut:

 

XBOX_360_component_HD_AV_Cable.jpg

 

På pluggen på det øverste biletet ser du ein svart firkant på same side som kabelen. Der kan du kople til ein digital optisk kabel, den ser sånn ut:

 

AUD920510.jpg

 

Først av alt fjerner du HDMI-kabelen, den treng du ikkje. Komponentkabelen kopler du i Xbox-en, grønn, blå, raud inn på TV-en som vist lengre oppe. Hugs å bruke den raude pluggen som er lik dei andre. Det er ein gul plugg samt to som er heilfarga raud og kvit, dei skal du ikkje benytte. Den optiske kabelen koplar du frå den svarte firkanten på pluggen og inn i Z-5500. Still anlegget på Digital Optical så skal du få lyd. Du må kanskje inn i innstillingane til Xbox-en og velge den optiske utgangen.

 

På komponentkabelen finnes det ein brytar som skifter mellom SD og HD. Den må du setje på HD for å få best bilete.

 

Dette trur eg er den enklaste måten. Skal du bruke HDMI må du enten få tak i ein kabel som passer, eller bryte opp ein original. Det er i praksis ingen forskjell på biletkvalitet mellom HDMI og komponent, så det går heilt fint.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...