Gå til innhold

[Løst]Programvare som kan gjere MP3-spelaren min til ein bærbar enhet


Anbefalte innlegg

Problemet er veldig gammalt, så å levere den inn er uaktuelt, trur eg. Min svære, gamle Creative Zen Touch (20 GB) har tatt noko sånn som 4 GB som gissel. For dei som kjenner til konseptet i denne spelaren, så finst det éi mappe kalla 'data' og éi mappe kalla 'musikk'. Fyrste gong eg skulle leggje innpå musikk, så gjorde eg det heilt store. Eg la musikken (ved ein feiltakelse) inn i data-mappa (herregud, rlidal!!). Kvifor i helvete det skulle klurre til alt, veit eg ikkje, men musikk er visstnok ikkje rekna som 'data'...

 

Resultatet vart at spelar og programvare heng seg opp kvar gong eg prøver å opne data-mappa og slette innhaldet. Det går ofte slik: vente 2 minutt for å opne mappa, så får eg faktisk tilgang til filene. Og eg kan òg merke alle filene. Dette gjer eg, og trykkjer så på slett. Så går den faktisk i gong med å slette! Kan du tru det?! But here's the trick: den slettar ikkje filene i det heile! Det er rett og slett ein illusjon. Etterpå ligg dei der framleis og tek opp sårt trengt plass.

 

Musikk-mappa er dog fin og medgjørleg. Men spelaren mistar altså cirka 4 GB på dette problemet. Så den verkar altså, men kapasiteten er kraftig redusert. I den forbindelse er eg ute etter eit program som kanskje kan "kategorisere" spelaren min som ein vanleg, berbar enhet, som eg i neste omgang kan formatere. Finst dette? Eller er det kloke hovud der ute som har ei anna løysing på problemet? Har vel teke opp dette problemet ein gong i året, eller noko slikt, men ingen klarar å hjelpe. Er 2009 året when man beats computer?

 

Lukke til.

Endret av rlidal
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ja, og så gløymde eg ein liten ting til. Det skal jo då finnast ein reglementær måte å formatere spelaren på, men denne prosessen inneheld pressing av reset-knappen, og eg er rimeleg sikker på at den knappen er øydelagd. Iallfall går det ikkje an å kome inn i 'recovery mode' lenger.

Lenke til kommentar

Haha, fuckers! Beklagar, reset-knappen var så absolutt ikkje øydelagd. Eg hadde berre ikkje brukt nok kraft. Redd for å øydeleggje noko, veit de. Men det var jo fint å vite, etter fire og eit halvt år... Så no worries, formateringa funka som faen, og mine GB er attende der dei skal vera.

 

Beklagar igjen for å ha plaga dykk. Sov godt.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...