Gå til innhold

Skjermdump av video i VLC

rlidal

Anbefalte innlegg

Hei

Det er umogleg å få ein skjermdump i fullskjerm av filmar. Prøvd printscreen og eit program, CaptureWiz (så etter to forsøk er det kanskje ikkje lov å nytte ordet umogleg), men det funkar ikkje. JPG-fila er heilt svart der som filmen skulle vera. Ein kan sjå vindauga. Eg antar dette har med rettigheiter og litt sånn å gjere, men er det ein måte å kome rundt dette? Eg prøvde å ta ein skjermdump av skjermdumpen når eg var i Paint, men det verka jammen ikkje det heller.

Så før eg rotar meg langt inn i freeware-verda så spør eg heller her. Litt komisk, fordi eg treng denne skjermdumpen til eit nytt spørsmål her inne, som angår noko heilt anna sjølvklart :) Det skal faen ikkje vera enkelt.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har ingenting med rettigheiter å gjere, men korleis videoen vert vist og korleis skjermskot-funksjonen virker. Men du kan ta eit skjermskot av ein video i VLC ved å velge Video --> Snapshot, eller trykke Shift + S. Biletet vert automatisk lagra i ei mappe du kan velge i innstillingane: Tools --> Preferences --> Video, under Video Snapshots.

Jaudå, eg har prøvd det òg, men biletet vert mykje mindre enn full størrelse. Dersom eg då gjer det større, så øydelegg eg biletet. Eg treng som sagt ein fullskjerm-skjermdump.

Takk for svar.

Redigert: Eg treng nok ikkje fullskjerm, men snapshotet er iallfall for lite.

Endret av rlidal
Lenke til kommentar
Snapshotet vert vel den oppløysninga videoen er i (vert iallfall det hjå meg), so vil du ha det større må du gjere det i eit biletbehandlingsprogram. Eg kan ikkje tru at oppskalering i eit biletbehandlingsprogram øydelegg biletet noko meir enn kva VLC gjer når den skalerer opp videoen.

For å seie det sånn: Eg ser på film i fullskjerm (eventuelt i maksimert vindu). Så tek eg eit snapshot. Resultatet vert då i 'Windows bilde- og faksbehandling' mykje mindre enn det eg såg på skjermen når eg tok snapshotet. Eg vil altså få ein skjermdump av nøyaktig det eg ser.

Lenke til kommentar

Ja, resultatet vert originaloppløysinga til videoen, eg var vel litt uklar på det punktet. Om videoen er 1280x720, vert biletet 1280x720, om videoen er 640x480, vert biletet 640x480 -- sjølv om du ser det i fullskjerm på ein skjerm som er 1600x1200. Er det eit problem å skalere biletet opp so det tilsvarer fullskjermsvising? Videoen er jo skalert opp når du ser den i fullskjerm, eg vil som sagt tru at eit biletbehandlingsprogram vil kunne gjere ein like god jobb.

Men eg kom på ei anna mogeleg løysing: Ved å skru av maskinvareakselerasjon skal vanlege skjermskot (printscreen-tasten) fungere. Forklaring på korleis du gjer det finn du her (Vista) og her (XP). Har ikkje prøvd det sjølv, men du kan jo prøve.

Det gjekk jo heilt nydeleg å skru av akselerasjonen. Tusen takk for hjelpa. Så til det verkelege "problemet". I hermeteikn, fordi det nok berre er rein syt frå mi side. Spør deg før eg lagar eigen post.

På biletet ser du filmen som angivelig er ein DVD-rip i den normale storleiken (omtrent 700 megabytes). Så lurer eg eigentleg berre på om så dårleg kvalitet er å forvente, eller om eg har eit dårleg skjermkort. ATI X1100 er namnet.

Og eg er fullt klar over ekstra problem i mørke område. Då vert detaljane dårlege, og det er greit. Det er jo til og med ein problemstilling på vanlege DVD-ar og på ein normal TV.

Dersom det er eit slikt nivå eg må forvente meg, så skjønar eg godt at eg aldri har lasta ned før :) Så kan noko gjerast? Innanfor dette filområdet sjølvklart. Eg har ikkje plass til å laste ned skikkelege DVD-rips. Og eg klagar eigentleg ikkje. Eg vil berre vite om eg kan oppgradere noko for betre kvalitet.

Lenke til kommentar
Det er forskjell på kor god kvalitet det er på slikt, og det avheng av kor god jobb personen som gjorde komprimeringa har gjort. Noko er greit, noko er dårleg. Fullt so bra som vanleg DVD-kvalitet trur eg ikkje er vanleg på slike 700MB-filer. (Skriv dette utan å ha sett biletet forresten.)

Hmm. Jammen gløymde eg å laste biletet opp. Eg forventar aldri vanleg DVD-kvalitet på desse filene, nei. Berre lurer på om eg kan gjere nokre oppdateringar på skjermkortsida. Eller vil ikkje det ha noko innverknad på filmar? Det er jo mest spelarar som er opptekne av dette.

post-119123-1231109789_thumb.jpg

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...