Gå til innhold

BigJaffa

Medlemmer
  • Innlegg

    2 104
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Blogginnlegg skrevet av BigJaffa

  1. BigJaffa
    Lengen sidan eg har komme med noko her, gode grunner til det. Det er lite å skrive om.
     
    Eg har starta å rydde og pakker litt meir seriøst og blir meir og meir overaska over kva eg har. Har fått med meg to esker med rot heim som eg ikkje gadda å sjå i gjennom (blir sikkert litt gøy å sjå igjennom det om eit par år.) Har og fått litt penger fra staten og det blei 1600 for dei første dagene. Ser no kor dumt det var å ha hybelen så lenge og at eg ikkje kan leve på desse pengene, man lærer av sine feil.
     
    Skal og til Bergen på fredag og få koble litt av, tenke på andre ting og ha det gøy. Skal og møte ho eg møtte på nettdatingen og er drit nervøs, me skal finne på noko i sammen og eg tenker for harde livet på noko som kan vere gøy og at eg ikkje driter heilt på draget. (Har ikkje vert på slike dating greier) Men håper at alt går bra da
     
    Men livet som arbeids ledig er ikkje noko gøy no som eg har mista håpet om å få meg små jobber.
  2. BigJaffa
    Da var det mandag, vakna litt ut på dagen steikte meg grandis til frukost/middag og såg nye episodar av nokon seriar. Fekk og ein telefon i fra nav om søknaden min om dagpengar, eg hadde kryssa av at eg ikkje var interessert i å flytte for å jobbe når eg skal på folkehøgskule etter sommaren. Så eg måtte bare godta at eg må flytte for å få dagpengar, må og sende noko dokumenter til dei og av lærling kontrakt og oppsigelse papiret, så da blir det enda meir forsinkelse. Var og på Stord og kjøpte den nye plata til El Caco som var fantastisk bra, plukka om opp ein kompis som skulle til bake til Fitjar.
     
    Resten av dagen gjekk med til å handle mat for eit par dagar og sjå History X, startar no å merke at eg har lite pengar på kontoen og må tenke meir og meir over kva eg kjøper og om eg har rå til det. Ganske tragisk men får håpe eg lærer noko av det.
  3. BigJaffa
    Fant ut at eg må komme med ein update på livet mitt her no. Er ikkje arbeidsledig no lengre og går på folkehøgskule som har gjett meg eit friskt pust. Har fått nye venner og kjæreste som eg skal flytte sammen med etter skulen. At livet skulle snu seg heilt er eit under. Fra å vere eit helvete til at det blei bare superet er eg glad for. Den fantastiske kjæresten min fant eg her på skulen etter ein ganske fuktig fest som slapp alle følesene fri. Ho som eg traff på nettdating har eg ikkje noko kontakt med lengre, mest for at eg ikkje var interisert i ho.
     
    Men gleder meg til å finne ein ny jobb i Bergen der eg kan trivest og at eg finner ein fin plass og bu. Har ikkje klart å finne noko som passer til lommeboka enda og kolektiva ønsker ikkje to på eit rom vist. Vist der er nokon som ønsker å ha oss som leigetakere så er det bare å sende ein PM til meg.
  4. BigJaffa
    Har ikkje funnet noko grunn til å fortelja noko her siden det har ikkje hendt det store.
     
    Det som har hendt og som er vert å skrive om er at eg har fått dagpengar, 580kr dagen der ikkje mykje men det er mykje bedre enn ingenting. Har søkt på jobb hos elkjøp og håper på at eg får jobb der. Fekk og brev om at 4700kr av stipendet mitt fra 2007 er blitt til lån etter at eg jobba litt overtid. Noko som passa meg ekstremt dårlig.
     
    Fekk og sjølve Fagbrevet i posten og brukte halve torsdagen på å kjøre kommunen rundt for å finne ramme, noko eg ikkje fant. Kva er vitsen med å lage fagbrevet så stort at eg må til ein ramme butikk for å få lage ei ramme til det?
  5. BigJaffa
    Fekk ikkje sove i natt og tenkte ein del da på starte å jogge om morgonen stå opp rundt seks og hoppe i treningstøyet og jogge ein liten runde. Så i dag kvart på seks starta eg å jogge, tenkte at eg måtte starte rolig no siden eg ikkje har tent på tre år. Så det var litt jogging og ein del gåing. No er det bare å huske på å gjere dette kvar morgon
     
    Takker SirEmanon for ideen om å utforske Fitjar til fots.
     
    Klarte og å fikse skjerm kort problemet i dag, fatter ikkje at det skal vere så mykje problemer med 9800GTX.
  6. BigJaffa
    Da var det tysdag og for å sei det slik så har det ikkje hendt så mykje spennande. Sto tidleg opp for å poste brevet til NAV, kjøpte meg frukost og snus så for eg heim igjen. Sleit med mage problem også så det blei mange turar på potta, på dei timane eg var der fant eg og ut kor mange dorull pappruller som går inni ein dorull (14). Starta med å lydisolere ein pc som eg skal bruke som media senter eller server.
     
    Starta og på eit maleri etter eit nytt raseri anfall på rikstv og ta kundeservicen ikkje ønskte å hjelpe meg vist eg ikkje kjøpte ny antenne. Forstår ikkje korleis dei kan levere eit så dårlig tilbud? Det er nesten som at dei ber folk om å laste ned tv programmer og filmar i det minste så er det i bedre kvalitet og blide detter ikkje ut når det er noko som eg skal sjå.
     
    Har og prøvd nettdating for å ha noko å gjere på, så langt går det bra. Har troffe ei som er eit par år yngre enn meg med same interesser, ser hyggeleg ut og har same musikk smak som meg. Kan dette vere lykken?
  7. BigJaffa
    Da var den dagen over, klarte å få inn alle kanalane på rikstv igjen... jippii meg, fekk den "sukke det er jobb i morgn" følesen. Skal starte å jogge i morgon tenkte eg, føler at kroppen har ein del energi som den ikkje få brukt og det er kjedelig å ligge på sofaen heile dagen uten å gjere noko spesielt.
     
    Lang ope på sim i morgon så da blir det sikkert ein tur der og med litt søppel.
     
    Da er det natt og eg får legge meg. natta
  8. BigJaffa
    Laurdagen ja, eg døgna litt ufrivillig fra fredag til laurdag da eg såg på ein serie som vare ganske spanande. Blei ferdig med serien rundt ni. Resten av dagen gjekk med å henge hos ein kompis og ein kjøre tur til stord for å kjøpe gradinar.
     
    Kom til bake til hybelen rundt seks og la meg ned for å sjå ein film, vakna halv elve og fant ut at dette gjekk ikkje så eg la meg i igjen...
  9. BigJaffa
    For ein behageleg dag, våknet rundt 12:00 bra utkvilt og klar for å rydde. Brukte litt over ein halv time på å fylle fem boss sekker med bare drit som eg ikkje hadde gidda å kaste, alt fra eit år gammal grandis som overraskande ikkje hadde mygla men bare tørka til plast fra ting som eg hadde kjøpt. Fant og ut at det hadde vert ein fordel å sortert litt i bosset før eg kjørte til sim. For han som var der såg igjennom alle sekkene som endte med ein del dumme forklaringar.
     
    Var og på gamle jobben og henta skattekorte og avklarte når eg fekk feriepengen, noko som var greit å få gjort. Fekk og spørsmål om eg jobbe på aker stord som utleige fra den bedrifta eg jobba for. Jobbe på verft er ikkje noko for meg ønsker heller å drive med mitt enn å sitter i stor hall og vente på å komme heim. Hadde eg tatt den jobben så måtte eg nokk sikkert ha stått opp før fuglane feis og.
     
    Resten av dagen min har for det meste godt med på å ligge på sofaen med snusen min og drikke øl og så på seriar, nesten ferdig med alt av seriar som eg har no så da blir det nokk sikkert litt leiting etter noko nytt i morgon.
     
    No er det til bake til sofaen, snusen, ølet og ein god serie.
  10. BigJaffa
    Som sikkert mange forstår så er det lite gøy å sitte heime og ikkje gjere det store. Dagen i dag har faktisk vert ganske grei, måtte på butikken da eg gjekk tom for snus og nytta det til å ta ein kjøre tur. For det første for å finne ut kor sim var, der eg skal med alt bosset i morgon. På turen fant eg og ut at det hadde vert lurt å ta med kamera da eg fant mange fine motiver som hadde passa som eit maleri eller bare eit bilde.
    Tragisk nok så varte denne turen bare ein time og det var til bake til hybelen og slenge seg på sofaen, ettersom rikstv har klikka igjen så har eg bare reprise kanalar som TV2, TV2 Zebra, TV2 Film, TvNorge, FEM, Discovery.
     
    Dagen gjekk da vidare med å rydde tomme whisky flasker og brusflasker fra dvd hylla og finne igjen alle fimene og dvd platene i alt rotet. (Skal prøve og ta før og etter bilde i morgon.) Fant og nokon fimer som eg ikkje hadde sitt så eg var ikkje noko serlig sosial i dag.
     
    Det største problemet med å vere arbeidsledig er å tenke over kva eg bruker pengar på, No har eg bare ei lønning på kontoen og det vil sei ca 11000. Dette er noko som eg skal leve på til eg får dagpengar fra NAV og det tar minst tre veker etter som dei sa på nav og det tviler eg sterkt på. Var smart og betalte hybelen med litt av ferie pengane så eg slepper å tenke på det.
     
    Prøver å legge litt planer for neste veke og det går ut på å skaffe ein deltids jobb i ein butikk i nabo kommunen slik at har pengar til bensin og mat. Pluss det er greit å ha noko å gjere på enn å ligge på sofaen og lure på kvifor eg gidder dette.
     
     
    Så no er det bare å sjå ein film til og hoppe i loppe kassen.
  11. BigJaffa
    Startar denne bloggen for å fortelja korleis det er å vere arbeidsledig i ei bygd der det ikkje er noko å gjera. Det heile starta med at eg blei oppsagd for litt over ein månad sidan og ikkje hadde noko jobb etter påske. Påsken var grei folk hadde fri, kompisar hadde påskeferie og alt var bare topp. Så kommer kvar dagane igjen folk fer på jobb/skule og eg sitter i ein kjeller og klør meg i ræva.
     
    Tysdagen reiste eg til bake til hybelen for å rydde og slappe av, har enda ikkje rydda da men har ein plan om det i morgon etter at eg har prøve kjørt ruta til sim. Brukte heile dagen i går å sjå på green wing og klarte å fullføre alle episodane av det på ein dag. Blei ca 16 timer med bare å ligge på sofaen og slakke med snus og cola. Noko som førte til at eg var så passa våken at eg ikkje sovna før rundt 04:00 (såg på klokka 03:30).
     
    Meininga med denne bloggen er at eg skriver kvar kveld kva eg har gjort igjennom dagen og at eg får noko å gjere på om kvelden.
     
    Det som eg har gjort i dag kommer seinare i kveld.
×
×
  • Opprett ny...