Eg er noob på dette temaet (bil) men etter å ha gjort ein del lesing og fundering i des siste så virker det at det er ganske mykje som må til for å få God lyd(tm) i ein automobil. I mitt tilfelle så må eg ha ny spelar for å få tilgang til ein god multiband EQ og moderne tilkoplingsmogligheiter som USB, bluetooth, android integrering etc samt kunne spele av FLAC og denslags. Dette blir ca 4000kr for ny spelar og 2din ramme. Men denne nye spelaren, til tross for at specs seier den skal ha 4 x 50 watt i 4 ohm, har egentlig kun 4 x 22 ekte watt i heile frekvensområdet - dette er for lite til å nyttegjere seg fullt ut av gode nye fronthøgtalarar, som er neste punkt.
Gode fronthøgtalarar: fra 1500-3000 kr for 65-85watt ytelse i 4 ohm, desse kan ikkje vere for fysisk djupe for å kunne passe inn i dørene. Høgtalarane treng då ein ekstern 4 kanals forsterker som koster 2-3000kr som kan gi nok kraft, denne forsterkaren funker då og til å drive subwooferen som koster 2-3000kr. Så ca. 10 000kr for å få bra lyd. Så kjem styret med å trekke straumkabel fra batteri inn i bilen, opne lister og dash for å legge høgtalarledninger, lyddempande matter i framdørene etc. Er dette nokolunde riktig forstått? Eller kan eg klare meg med 4 x 50 watt fra spelaren sjølv om det ikkje er "ekte" watt? (må då ha ekstern forsterker til sub)