Gå til innhold

Sevald

Medlemmer
  • Innlegg

    288
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Sevald

  1. Skink_123: Er delvis enig med deg. Det er supert å setja på ei plate, men ein del av tida vil ein berre ha noko lyd i bakgrunn medan ein driv med andre ting, og då er gode MP3ar ganske kjekt å ha.

     

    Hadde vore festleg om dei skulle kjørt ei rettsak mot tusenvis av person som alle berre har laste opp bittesmå bitar av sangar. Lurer litt på korleis inkompetente juristar skulle fått til det... trur nok det hadde vorte kaos!

  2. Jaja, vi får nå sjå kva som skjer nå da. Ikkje at eg skal påstå at eg veit alt, men har med åra vorte ganske skeptisk til alle "dommedagsprofetier". Eg dau ikkje av SARS, fugleinfluensa har ikkje teke knekken på meg og for å seie det mildt trur eg ikkje dette vil gjere det heller.

     

    Så eg må seie at dersom dei kjem for å ta meg blir eg nok litt paff! Spesielt sidan eg ikkje har lasta ned noko særleg på eit par tre år ;-)

  3. Det vert lite speling nå. Strengt teke vert lite av alt anna enn eksamenslesing ;-) Men når eg speler klarer eg meg heilt fint med å kjøre UT2004 på minimum på alla innstillingar, er ikkje så kresen i matvegen. Så lenge eg ser at ting beveger seg relativt glatt, og kan peike eit eller anna våpen mot det som beveger seg utan altfor mykje hakking, så er eg glad eg :-D

     

    Men eg trur nok at det vert ny rambrikke ja, og endringane i BIOS som er eit par har poengtert. Dersom eg får ånda åver meg kanskje formatering, men eg orkar ikkje tanken nå (jada sikkert mange her som seier: "men det er da ikkje noko stress", men da er eg ikkje heilt einig i det).

  4. Hei, eg har ei gamal maskin som etter kvart syng siste verset ganske sakte. Det eg lurar på er om det er kva som er det svakaste leddet, og om det er mogleg å få gjort den noko kjappare på ein billig måte. Den er tre og eit halvt år gamal, så det er ikkje aktuelt med store invisteringa, det bli da evt heilt nytt. Desverre så er ikkje staten SÅ rause med oss studentar at ein kan kaste pengar etter nettbutikkane, så det skjer nok ikkje med ein gong.

     

    Kjører XP Pro, og bruker den nesten berre til diverse win program. Eg skal med andre ord ikkje kjøre HL2 eller liknande på den, men redigere litt bilder og slik.

     

    Jaja, uannsett så er dette CPU/RAM/Skjermkort eg har.

    Athlon XP 2000+ 1.26 GHz

    512 MB RAM

    NVIDIA GeForce Ti 4200

     

    Så om du har tid, lyst og evne til å kome med gode tips hadde det vore fint.

  5. Dersom du berre venter litt kjem det sikkert nokon som annbefalar dei to du nevner og. Eg bruker Everglide Giganta til mi mus (rett nok ikkje razor), og er veldig godt tilfreds med det. Så når alt kjem til alt trur eg kanskje at det beste er om du kan få prøvd nokre matter sjølv, og så bestemme deg. Eller sjølvsagt gamble, dersom ein kjøper noko andre liker er nå sjansa god for at du og gjer det.

    Lykke til!

  6. No kom eg på ein film eg såg ei natt eg kom heim frå fest. Ikkje spør meg kvifor eg trudde at ein sfilm som starta på TV2 eller TVNorge klokka 3-4 om natta skulle vere god, men det trudde eg tydlegvis på det tidspunktet. Det eg kjem i hug av den filmen er stort sett at det er ein fyr som sit og kjører bil, ikkje noko særleg med dialog eller handling. SÅ når eg tenkjer at nå er det snart slutt, så vi må få ei forklaring på kva som skjer, kræsjer han med ei vegsperring eller noko. Jaja, tenkte eg, og så var filmen over. Såg ikkje starten, men siste 3/4 av filmen gav i allefall inga meining i det heile.

  7. Tja, Det er ikkje ei objektiv kåring av dårlegaste film i verda. Så dersom nokon meiner at Titanic er den dårlegaste filmen dei har sett, er det greitt for meg. Når eg såg Mulholand Drive f.eks, var eg ganske usikker på om eg likte filmen eller berre hata den fordi det var så absurd. Eg landa rett nok på at eg liker den, sjølv om eg ikkje skjønnar ein drit, men om nokon anna meiner den er heilt elendig fordi dei ikkje skjønner den, er det ei fair sak.

     

    Anngåande Eksorsisten, trur eg det er litt som Sult (boka ja). Den er bra sett i eit historisk perspektiv, men er ikkje noko å skryte av nå lenger. Kan ikkje seie at eg har vorte særleg skremt av å sjå den filmen, og det er vel poenget med ein skrekk-film. Men sidan eg fekk meg ein del gode latterkuler av den, kan eg med hånda på hjarta seie at eg faktisk finn den undeholdande. ;-)

  8. Godt at det er mange andre enn meg som kastar bort den "verdifulle" tida si på meiningslaust møl. Og mange gode idear til nye filmar å sjå her, spesielt LarsP hadde ei fin liste. Mange filmar der eg håpar å få sett ved ei annledning (kanskje neste eksamnsperiode passar!).

     

    edit: søvnig..... zzzzzzz

  9. Er godt mogleg det er tema om dette frå før her, men eg klarte ikkje å finne noko. Så da tenkte eg som så at det sikkert er fleire enn meg som har sett elendige filmar. Det kan vere ei plage når ein ikkje har planlagt det (Matrix II), men kan og vere ustyrteleg morosamt om ein er forberedt på det ('Manos' the Hands of Fate).

     

    Så kva er dine "favorittar" i sjangeren elendig film, kom gjerne med forslag i både kategorien uforberedt og forberedt.

     

    Uforberedt:

    Matrix II, kan på ein måte ikkje sette fingeren på kva det var lenger, men eg satt heile filmen med ein følelse av å vere snytt for 70 kroner, eller kva det nå var det kosta å gå på kino på den tida. Og da pratar eg ikkje snytt som i 53,- for ein frossenpizza, 100,- for å bli klemt mellom fulle, svette og stinkande folk i ei kjellar i Bergen, eller 64,- for ein 0,3 Ringnes. Nei eg pratar om å bli snytt som i, 25.000 for ein fallskjerm som løysar ut!

     

    Forberedt:

    'Manos' the Hands of Fate, dette er ein skikkeleg skikkeleg skikkeleg dårleg film. Eg såg den, heldigvis, i MST3K versjon, og eg må seie at på tross av elendig plot, filmen, klipping, kostymer, skodespelare, ... (dykk ser sikkert teikninga), var det tidpunkt der ein berre måtte la seg underholde

     

    Forøvrig har eg planar om å sjå Troll og Troll II, skal i følge mange vere særs elendig (spesiellt Troll II)

     

    Edit: La til eit par ord i tittelen.

  10. Kan vi ikkje få ut att linken til sida? Vart nyfiken her eg sit nå :-D

     

    Anngåande det fyrste svaret, er kanskje ikkje ordbruken heldig, men på andre sida må ein tross alt rekne med at folk svarar det dei måtte meine om sida når ein fyrst sprø om det.

     

    Når det gjeld den sida vi har link til nå (gamle sida?), har eg i allefall to ting eg hadde endra på sekundet. Rullande tekst og animert bilde. Kan ikkje beskrive kor lite eg i utgangspunktet liker det. Merkar spesielt at eg blir stressa av den rullande teksta.

  11. Hei eg har planer om å lage ei nettside med css og layers i staden får tabellar.

    Heile sida har ljos blå bakgrunn og skal vere sentrert

     

    Eg skal ha med følgande layers, med 10px "luft" mellom.

     

    "Banner" - layer som går over heile sida øverst og er 800px X 90px, med bilde

     

    "Overskrift" - layer som ligg på sentrert på botten av "Banner"

     

    "Menyar" - tre layer som ligg under ein an langs venstre kant. Dei skal vere 130px breie og så høge at all teksta får plass og ligge under "Banner". Mørk blå bakgrunn, ljosblå og svart kantlinje.

     

    "Hovedtekst" -eitt layer som ligg til høgre for "Menyar" og under "Banner". Dette skal vere slik at høgre kant ligg parallelt med høgre kant "Banner". Svart kantlinje.

     

    "Sub tekst" -eit layer som ligg rett under "Hovedtekst".

     

    Det eg i allefall ikkje har vore i nærleiken av å få til er å plassere dei to underste "Menyar" og "Sub tekst" + få til kantlinjer på "Menyar".

     

    Her er ein link til den gamle sida med ekle tabellar som ikkje gjer det eg vil. Den nye sida skal vel igrunn likne ein del på den...

     

    Etter å ha søkt rundt på nettet generelt og Hardware.no spesielt ei god stund utan å bli smartare, tyr eg til den "kjedelege" løysinga, og spør dykk. Hadde vore fint med gode og lettfattelege svar, men alle (relevante) svar er supert.

     

    EDIT: kan evt ha ein scrollbar på "Hovedtekst" slik at "Sub tekst" blir liggande nederst på skjermen heile tida.

×
×
  • Opprett ny...