Gå til innhold

Sevald

Medlemmer
  • Innlegg

    288
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Sevald

  1. OK, eg mista litt tråden i innlegget frå ManagHead, er heilt utkjøyrt sjølv om klokka berre er 10.

     

    Men kva seier dykk? Vil 430W klare seg for meg?

     

    Det må klare seg med god margin, eg vil ha moglegheit til å utvide/oppgradere ein del ved ei seinare annledning. Eg kjem aldri til å få noko ekstremt overklokka monster oppsett, men ein disk eller to til pluss diverse ting og tang kan kanskje skje.

  2. Men saman med Asus A8N32-SLI Deluxe skulle det ikkje vere noko problem?

     

    Er den betre enn f.eks Hiper 580W og MIST 500W?

     

    Eg har tenkt som så at dersom eg kjøper ei veldig bra PSU nå kan den leve lenge, og forhåpentlegvis gjere at resten av maskine og lev lenger. Veit ikkje kor mykje det har å seie, men det er nå sli keg har tenkt.

     

    Eg vurderte lenge MIST og Hiper, men så kom eg over Seasonic. Den verker veldig seriøs, ikkje noko flashy tull, berre ei god hardtarbeidande PSU.

  3. Takk for råda, men å starta som du gjer funker ikkje. Når nokon seier "skal du handle så kjøper du sef 7900", tenker eg berre at det er ein person som ikkje har eit nyansert synspunkt på ting. Kvifor i all verda er det "sef" at eg skal kjøpe 7900? Det er ein tusenlapp dyrare, så det er nok usikkert om eg kjøper det.

     

    Når det kjem til ein god del av det andre, er eg noko meir med på det. Men med god lufting trur eg ikkje eg treng vifte, kanskje eg kjøper ei for å ha i bakhånd, men to vifter i kabinett pluss PSU bør klare seg. Eg skalikkje overklokke noko (heller andre vegen dersom eg skulle gått ein veg), så da bør det verkeleg klare seg.

  4. Ok, da får eg vurdere det da. Hadde eigentleg sett hjarta mitt på 7600 med passiv kjøling, men har vurdert den Zalman vifta og. Det eg tenker er at sidan alle vifter lager litt lyd, vil ein uannsett få meir støy for kvar vifte ein legg til. Og sidan eg ikkje har noko planar om å overklokke, hadde eg i utganspunktet tenkt at passiv skulle klare seg på GPU/CPU. Skal ha eit Lian-Li 6070 scand kabinett, som skal ha gode termiske eigentskapar, men det er sjølvsagt mogleg det ikkje vert kaldt nok.

     

    Nokon som veit korleis det blir med to 7600GT Silent kort i forhold til to skjermkort med f.eks den Zalman vifta på Asus A8N32-SLI Deluxe saman med Ninja kjølern? Bli det plass? Skal ikkje ha to kort nå, men kan vere greitt å ha moglegheita seinare.

  5. OK, nå har eg sliti lenge nok med det gamle vraket. Har Prøvd å få den noko kjappare, men er lei av den nå. Så da blir det å sjå etter ein ny data.

     

    Hovudkrava mine er, i prioritert rekkefølge:

    -stabil

    -"lydlaus"

    -gode moglegheiter for å oppgradere i framtida

    -god nok til bilde og film redigering (Adobe Photoshop/Premier)

    -god nok for MS Vista

    -god nok for dagens spel (treng ikkje max på alt, middels held lenge)

     

    Eg skal bygge sjølv, men har ikkje så god peiling på kva deler som er bra og passar saman.

     

    Dette er delene eg har satt opp til nå.

     

    https://prisguiden.no/vis_handlevog...waggon_id=25763

     

    Kabinett: Lian Li PC-6070A Scand

    PSU: Hiper HPU-4B580 / NorthQ 4775 400W

    Hovudkort: Asus A8N32-SLI Deluxe

    CPU: AMD Athlon 64 3700+

    CPU-kjøler: Scythe "Ninja" SCNJ-1000

    Skjermkort: Asus GeForce 6600GT 256MB Silencer

    Minne: 2 gigg (eit par 1 gigg brikker), ikkje spes dyrt

    Lydkort: Creative Sound Blaster X-Fi Fatal1ty FPS

    Harddisk: Hitachi Deskstar T7K250 250 GB S-ATA

    Trådlaus nettverk: Linksys WMP54G / Linksys WRT54G

    Tastatur: Logitech OEM Ultra X

    Mus: Logitech MX518

    DVD-brenner: Nec ND-4551

     

    Det er godt mogleg eg dropper lydkortet sidan eg tross alt skal betale dette sjølv. Dersom det ikkje er noko som er betre, billigar OG penare er kabinettet bestemt. Eg treng ikkje skjerm sidan eg har ein heilt fin 17'' Eizo skjerm

     

    Skal ikkje overklokke.

     

    Er det noko eg har gløymt å nevne nå da tru?

×
×
  • Opprett ny...