Gå til innhold

Sevald

Medlemmer
  • Innlegg

    288
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Sevald

  1. Eg må vel seie meg einig med dei som ikkje tykkjer det kan reknast som ei dødssynd å tabbe seg ut 2 gonger over ei periode på fleire månader, og når dei fiksar det utan noko stor krangel, hadde nå eg sagt meg godt tilfreds. Seier ikkje at det er greitt at dei gjer feil, men noko slingringsmonn må ein nå gje folk, ellers blir verda ein trist og einsam plass. ;-)

     

    Men for all del, det er bra at du gjer oss merksam på kva rettar ein har!

  2. Hei, eg har ein haug med bilder (la oss si eit par tusen) som er organisert i Adoebe Photoshop elements 3.0. Eg bruker tags til organiseringa. Det eg har lyst til å gjere nå er å flytte alle filer slik at dei ligg i kataloger som har oppbygging C:\..\"kategori"\"sub-kategori"\"tag"\

    I tilleg har eg lyst til at filene skal få navn som er på forma "tag + nummer"

     

    Dei aller fleste bildene har berre eit tag, særs få har to eller null.

     

    Er det mogleg å gjere dette automagisk? Eg er ein sterk motstander av arbeid :-D

     

    Er det forresten noko program som er mykjer betre enn elements til organisering av bilder?

  3. Eg har litt planer om å kjøpe meg ny hardware etterkvart.

    Skal brukast til alt mogleg, men det viktigaste er vel at den er roleg, har bra lydkort (god lyd, bra med innganger +++), god plass til lagring av bilder, og er stabil. Med alt mogleg er litte speling, skriving, bilde/film redigering, lage nettsider og mykje anna inkludert.

     

    Det er ikkje aktuelt å overklokke noko, heller andre vegen.

     

    Som sagt så er vel budsjett strekt til 10 tusen, noko meir enn det har eg nok slettest ikkje råd til, må vurdere om eg har råd til noko som helst etter kvar. (Rekningane ligg på lur)

     

    Det eg ikkje treng er:

    -Skjerm (17'' Eizo)

    -Kabinett (Chieftec, Dragon alu)

    -mus/tastatur (logitech)

    -OS og anna Programvare

    -Diskettstasjon

    -CD/DVD ROM/Brenner

     

    Det eg treng er:

    -Alt anna

    -Firewire inngang

    -Bra lydkort

    -Ekstern disk

    -God lagringsplass

    -Rolege vifter

  4. Det er eit bra fotoapparat, men dersom du ikkje har noko spesielle behov eller lyster som tilsier at du bør kjøpe speilrefleks, kan det godt hende du er like godt tent med eit "kompakt" kamera.

     

    Når det er sagt, må eg og få si at eg er godt tilfreds med mitt 350D. Har hatt det i ei vekes tid nå, og det er rasande festleg.

     

    Når det kjem til minnebrikke, må eg vel berre gje deg mitt personlege synspunkt. Eg kjøpte meg eit 1 giggs scandisk ultra II kort. Det er kjapt og stort nok for mitt bruk. Ikkje gå i den fella at du kjøper eit kort som berre kan skrive 1 MB i sekundet, sidan bildene er på 3-4 i beste jpeg kvalitet og apparatet klarer 3 bilder i sekundet.

     

    Lykke til!

  5. Det blir vel opp til kvar enkel. Personleg er eg særs glad i mine AKG K271 Studio. Dei er lukka, spelar bra, funkar fint med mp3 spelare, er tøffe å sjå på, lett og behagelege og har den fine eigentskapen at dei slår av lyden når du tek dei av. Har ingenting negativt å seie om dei!

     

    Du finne dei her

     

    EDIT: Kom på at det kanskje er tvilsomt om 1795 er i "tusen kroners klassa", men dei er verdt kvar ei krone.

  6. For min eigen del er i alle fall den ekstra sikkerheita verdt det. Men det kjem sjølvsagt alt an på korleis du har tenkt deg til å bruke det. Eg som skal kaste det ned i ein sekk å kjøre litt meir enn eg er god for nedover pudderbakker, med "fine" steiner rett under overflata, tykkjer det er verdt det. Men så betalde eg nå ein tusenlapp for å få ekstra forsikring og.

     

    Så det kjem vel til at du sjølv må bestemme deg for kva du tykkjer det er verdt, det er det ingen andre som kan gje deg svare på.

  7. Eg har eit 1 giggs Scandisk Ultra II kort. Det funker utmerket med mitt 350D. Eg tek bruker fotoapparatet til ein del "action" ting, så det blir mykje seriebilder. Da treng ein eitt kjapt kort for at det skal henge med på lange serier.

     

    Ellers kan eg annbefale å handle på JapanPhoto, grunn til det er at dei har ei heilt fantastisk forsikringsavtale. Eg betalte sirka 900 kroner, og da er det forsikra mot alt, bortsett frå tjuveri og bort-roting, i fire år. Det vil si at så lenge eg har med meg delane, og det kan bekreftast at det er det fotoapparatet som avtala gjeld for, fikser dei det, eller gjev meg eit nytt eitt. Det er suverent for meg som har tenk å ta det med i situasjoner der ein kan rekne med ein del slag og spark!

    Det er sjølvsagt mogleg at dei har liknande avtaler hjå andre butikker og, men det veit eg ingenting om.

  8. Hei, eg har ein CD-spelar frå harman/kardon som ein ofte må trykke opp mot 50 gånger på eject knappen for å få opp skuffa på. Kjøpte den på HIFI centeret frå eit par år sidan. Dette har vore slik i ei periode på kanskje eit år. ikkje heile tida, men kjem og går som det passer seg. Dei har prøvd å fiksa det eit par gonger med vekslande hell.

     

    Korleis er lov-verket om dette? Har eg rett på å få den skifta etter kvart? Er det fem års reklamasjonsrett? noko anna eg kan tenkje på?

  9. Dette er ein slik diskusjon som tydleg har to sider.

     

    Lovmessigt er det klart at ein kan angre på eit kjøp frå kva som helst nettbutikk. Det kan ein gjere om vara er heilt perfekt, eller om den har "ubetydlege" feil. Dersom ein har lyst står det ein del om det på Lovdata.no

     

    Når det kjem til det moralske, er det ei anna sak. Eg må nok seie at dersom du kjøper ein relativt billig skjerm, frå ein produsent som ikkje garanterer at det ikkje er døde pixler, er det i beste tilfelle tvilsom å angre på det kjøpet. Det er klart at ein kan gjere det, men for min del tykkjer eg ikkje at ein bør gjere det.

  10. Hei, eg har nå bestemt meg for å kjøpe Conon Eos 350D med kit linsa.

    Det eg er noko usikker på er kvar eg skal kjøpe det. Eg har mest lyst til å kjøpe det i ein butikk slik at eg har ein plass å gå å vere sint dersom det ikkje funkar. Dersom det er ekstremt mykje å tene på å handle på nett må ein kanskje gjere det, men til nå har eg ikkje funne noko som er så billigt at det er verdt det. Eg bur forresten i Bergen.

     

    Til nå har eg følgande val:

    # JapanPhoto: 7777,- utan noko ekstra.

    # Foto Knudsen 8499,- med eit 1024mb Kingston kort og ein Canon kamera bag.

     

    Eg treng ikkje bag, og det var ikkje mogleg å få greie på farten på kortet (men eg trur det må vere "Kingston Compact Flash 1024MB Type I, 1.5/6MB Write/read").

     

    Så ver så snill å kom med forslag!

     

    Edit: ny info

  11. Det er både festleg og særs positivt at folk er engasjerte. Rett nok kan ein bli relativt frustrert kvar gong nokon har eit syn som for ein sjølv er "stein hakkandes galskap", men det er nå slik det er. Ein kan ikkje vere einig om alt, så da lyt ein berre stemme slik ein tykkjer er best, og så satse på at nok andre har gjort det same!

     

    Sidan eg stemte SP, må eg forresten seie at eg slettest ikkje likar nåverande resultat på pollen, men vi får berre håpe at dette ikkje er representativt for det norske folk! Eg ser nok ikkje heilt for meg at det er H og FrP som skal kjempe fram sakane eg brenn for. ;-)

  12. Som ein tommelfinger regel kan ein vel seie at ein ikkje får med meir enn dei seier ein får. Apple legg ikkje ved docking stasjon på sine sider. Det har dei slutta med for ei stund sidan. Bonusen er sjølvsagt at prisen er veldig redusert, pluss at ein strengt teke ikkje treng den. Så for min del er eg berre glad til.

    Tilbodet til officeline verker som eit greitt tilbod, dersom du skal ha tilsvarande frå Apple sine sider vert det tett opp mot 5000 trur eg. Dersom du ikkje er student da. ;-)

×
×
  • Opprett ny...