Gå til innhold

4588pkdkrikue5c

Medlemmer
  • Innlegg

    4 056
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av 4588pkdkrikue5c

  1. Hei kjære vener! Lenge siden eg har vært på forumet no, har travle dager men kjekt å sjå at det framleis ulmar av liv her inne!

     

    Eg har berre nokre spørsmål om HTTPS. Litt usikker på kva sertifikatleverandør eg bør velje, og kva som eventuelt er nokre potensielle fallgruver med å vere kjip på pengene. Eg driv å skriv eit interområde/sosial arena for studentane på skulen eg går på no, og hovudproblemet er vel egentleg at token nøklane våre går i klartekst. Kort forklart skjer innlogginga (som eg ser som det største problemet) slik:

     

    - Ein logger inn med Google kontoen sin og får token herfrå.

    - Token sendes inn til eit API som sjekker gyldigheita og returnerer ein ny token som er gyldig nokre timar før denne må fornyast.

     

    Problemet er berre at eg kan snappe opp desse nøklane med pakkesniffingsverkty som Wireshark. Ikkje så kjekt når mange sitt på same skulenettverk mtp session hijacking.. :p

     

    Så har nokon sjeler peiling på kva sertifikat eg bør velje - og kvifor? Me er studentar og har ikkje allverda av penger å ta frå. Eg har sett på fleire, mellom anna VeriSign, Comodo, og RapidSSL (sistenemnte var utvilsomt billigast). Og kva er dette EV (Extended Validation?) greiene? Eg forstår ein må ha dette for å få "greenbar" men kva meir innebærer det? Mykje av koden vart gjort i javascript, men frå lokale PHP filer som utgjer seg som JSON når ein er logga inn.

     

    Takker for alle svar, dei er fantastiske :)

  2. Eg byrja nettopp på NITH, og skal ta programmering. Utruleg nøgd med skulen så langt, og det er svært yrkesretta. I fadderuka fekk me ein del bedriftsbesøk, blant desse Google og Microsoft. Me skal óg ha nokre karrieredager, samt eit hovudprosjekt tredje år som er i bedrift. Ifølge skulen får svært mange jobb etter hovedprosjektet, eller underveis.

    Verdt å kikke på om ikkje anna. Det koster forøvrig penger, men dei er godkjent av Lånekassen :) Trives utruleg godt så langt!

     

    Har vurdert NITH også ja, men tenker det er litt dumt å betale for noe jeg kan få tilnærmet gratis.. Hvordan er lærerne, bygget, atmosfæren osv?

     

    Til no er eg kjempenøgd. Miljøet er utruleg bra, og både lærere såvel som elever er ein herleg gjeng. Får ei følelse av å kjenne seg heime!

    Bygget er óg svært greitt. Me har ikke hatt noko særleg klasseromsundervisning, men skulen har forsåvidt ganske store lokaler i Galleriet (Schweigårdsgate). Det er berre å stikke innom ein dag, og slå av ein prat med nokon i resepsjonen (inngang frå Grønland er enklast). :)

  3. Hadde eg vært deg hadde eg tatt ein backup av nettstaden og sletta alt. Innhaldet er lagre i MySQL så ta ein backup av databasen óg. Slett så alle plugins. Last gjerne ned ei ny versjon av wordpress og inkluder config fila frå den gamle. Då skal den nye versjonen lese data frå SQL (dei gamle dataene) men på ein ny versjon .Send gjerne ein mail til Google og forklar saka.

     

    OBS: Du bør vita kva du holder på med. Eg tar ikkje noko ansvar dersom du sletter sida di. Berre eit tips. :)

  4. Eg byrja nettopp på NITH, og skal ta programmering. Utruleg nøgd med skulen så langt, og det er svært yrkesretta. I fadderuka fekk me ein del bedriftsbesøk, blant desse Google og Microsoft. Me skal óg ha nokre karrieredager, samt eit hovudprosjekt tredje år som er i bedrift. Ifølge skulen får svært mange jobb etter hovedprosjektet, eller underveis.

    Verdt å kikke på om ikkje anna. Det koster forøvrig penger, men dei er godkjent av Lånekassen :) Trives utruleg godt så langt!

    • Liker 1
  5. Det er forbudt å skrive' date=' laste opp, linke til eller på annen måte publisere noe som kan medføre straffeansvar, er ærekrenkende, rasistisk, eller på annen måte i strid med norsk lov. I tillegg gjelder følgende:

     

    Det er forbud å poste materiale som er beskyttet av opphavsretten, med mindre man har opphavsretten til dette materialet eller det er godkjent av opphavsmann. Det samme gjelder linking til slikt materiale (herunder piratkopiert) på andre nettsteder enn de som rettighetshaver har godkjent.

    [/quote']

     

    Dette strider mot forumets regler. Hugs å lese Retningslinjene nøye før du poster noko. FL Studio kan kjøpes frå Image-Line si heimeside .

    Prisen er faktisk ikkje så verst heller, med tanke på kva moglegheiter du får. :)

  6. Det er ikkje ei god løysing å bruke ø

    Sjekk at fila di er laga i UTF-8! Det er faktisk slik at fila kan ha ei intern koding som er feil, medan charsettet er rett i koden. Gjer følgende:

    Opne fila i Notepad, og vel Lagre som. Nederst i lagringsvindauget vil du sjå at det står ANSI eller noko. Skift til UTF-8 (Unicode 8).

     

    Neste steg: Skriv UTF8 som charset inni HTML fila ved å putte følgende mellom <head> og </head> taggane:

    <meta charset="UTF-8">

     

    Køyrer du sida fra ein server? Hvis ja, sjekk .htaccess fila. som ligg på rota av serveren. Den bør óg ha UTF-8 charset, noko dei somregel har.

  7. Hei!

    Tråden din var feilposta, og vart diffor flytta til rett forum. Reaksjonar tas på PM.

     

    Det kjem litt ann på kva du skal bruke videoen til? Skal du berre ha den på maskinen, skal den brennes, legges ut på nettet, eller kva planlegg du? x264 gir god kvalitet, men du må hugse at også dét er komprimering. Beste kvalitet vil uansett vere råfil, men det tar svært mykje plass.

  8. Utruleg godt skrevet! Eg fekk lyst på ei øl no.

    Eg tykkjer det ser heilt merkeleg ut for min del, men det viser vel at ein kjem langt med å vere sjølvsikker.. Hvis dei er fornøyde sjølve, er jo egentleg mykje gjort, sjølv om eg ikkje kan fatte det. Nei takke meg til å vere nerdebleik med "ticks" i augene så snart sola titter fram!

  9. Emnetittelen for tråden din var lite beskrivande for trådens innhald, og vart diffor endra. Du kan endre denne igjen sjøvle ved å redigere førsteposten.

     

    Med det sagt er det ikkje noko problem å sende bileter frå iPhone til Android og omvendt. Gjorde faktisk nettopp dét. Trur heller ikkje video skal vere noko problem, dei fleste nytter vel MPEG4 - noko som skal gå greitt uansett.

    Bileter er iallefall heilt sikkert at skal gå greitt, med mindre det er eit heilt spesielt format som krev noko merkeleg tredjepartsprogram.

  10. iOS5 har unekteleg mykje spennande nyhender, men eg vil ikkje anbefale å oppdatere nett no for dei som har moglegheit til å prøve betaen. Er ein del problemer førebels, blant desse at samtalar bryter etterfulgt av ei melding om at telefonnettet mogleg vart avlytta, at Spotlight søk i fleire applikasjoner kræsjer appen (t.d i meldingar og e-postar). Har óg hatt problemer med å sende kontakter, samt kopiere og lime inn i Kontakt-appen.

     

    Altså, ikkje beint fram klart heilt ennå. Mogleg noko av dette i ein nyare versjon av betaen no..

  11. Hei!

    Eg har støtt på eit lite problem.. Saka er eg vil lage eit script som sett saman ein rekke bileter til ein "vegg" av bileter. Alle har same måla (126x126) og skal vere plassert på sida av kvarandre. Biletene har eg i ein array med namn $bilete...

     

    Nokon innspel på korleis eg printer ut desse på rekke å rad til eit bilete på, la oss seie 1024x768 i første omgang (har ikkje så mykje minne at noko større er aktuelt nett no).

     

    Tips her?

×
×
  • Opprett ny...