Gå til innhold

4588pkdkrikue5c

Medlemmer
  • Innlegg

    4 056
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av 4588pkdkrikue5c

  1. Det er utruleg frustrerende at det skal vere sånn, men hold deg innafor 1024 som haqbar seier.

    Berre sjå på fleire andre store nettstader, dei har ein fast bredde (800-1200px bredde ca).

    Å byrje med prosenter er eit sant helvete. Tru meg.

     

    Redigert: Noko betre med CSS3 då, når ein kan lage ein del grafikk underveis.

  2. Hei,

    Eg sitt med eit relativt kjipt problem no, og treng deira hjelp. Saka er enkel, eg har ei tabellvisning av ei handlekorg kor brukaren kan definere eige salsartiklar, og prisar. Rada ser omtrent slik ut:

     

    <tr>

    <td>Artikkelnamn</td>

    <td>Antall</td>

    <td>Stk.pris</td>

    <td>Totalt</td>

    </tr>

     

    Men desse td'ane er altså INPUT felter kor brukaren kan velje sjølve. Mitt problem er då at eg vil lagre kvar slik rad, enten med ein knapp (eller når rada er ferdig fylt ut) til ei XML fil, samt lage ei ny rad for NESTE artikkel.

     

    Korleis i alle dager er det mogleg uten å oppdatere kvart sekund? Eg er ikkje noko god på JQuery (Javascript) så her er eg verkeleg blank..

  3. Det vil vere fleire måter å gjere det på.

    Eg vil anbefale deg å kjøpe ein router som har støtte for gjestenettverk, slik at kundene ikkje kjem inn på nettverket ditt.

     

    Men korleis vil du gjere det i praksis då? Kva kassasystem skal du bruke? Ein kan jo få ein kode på kvittering (som vart gyldig i ein time t.d), men eg vil tru ein dag vil vere enklare..

     

    Hvis ikkje må kvar brukar i teorien ha eige nettverk, då ein kunde som kjøper kaffe klokka 13:45 berre vil få internett i 15 minutt til dømes. Dessuten kan jo nokon gjester bli sittjande lengre enn 1 time, og kjøpe meir enn éin kopp kaffi. Då må dei jo få vere på nett?..

     

    Berre tenker litt høgt no, beklager om eg ikkje gjer deg noko godt svar..

  4. Ofte kjem slike ting av respekt til vedkommande. For det dei gjer, det dei står for, og korleis dei oppfører seg. Han du snakker om, korleis oppfører han seg?

     

    Mykje handler om personleg utstråling. Korleis ein person henvender seg til deg, korleis vedkommande takler ulike situasjonar, og ikkje minst personleg truverd. Var dette ein person du følte deg trygg på? Ein person du kunne snakke med? Ein kar du kunne vere på fest med, men samtidig ikkje vere flau av å introdusere til foreldrene dine? Dette er naturlegvis individuelt, men slike verdiar tykkjer eg er viktige. At personen er oppriktig, til å stole på, men óg lausriven og rund i kantane.

     

    Redigert:

     

    Sjå på Obama til dømes. Merk deg måtene han gjekk fram på. Han var oppriktig, og viste at det var menneskeleg å feile. Han har gjort det mange har gjort, og står for vala sine.

     

    At han ikkje hugsa heile den talen då han skulle overta presidentmakta kan ein egentleg spekulere i som eit reint PR-triks for å verke "dødeleg" som oss andre. På bølgelengde med dei fleste vanlege folk..

  5. Eg har nokre generelle tips til deg iallefall. Personleg har eg gått ned mykje i vekt to gonger. Siste gjorde eg 25-30 kg på nokre få måneder - noko som innleder sakens hovudkjerne. Det er over eit år siden no, og eg er nett komt meg til hektene. Ikkje gjer dét for fort! Bruk fleire måneder, gjerne eit halvt år på dette. Eg forstår du om du vil fort ned, men det er ikkje noko som held. Bruk lang tid, og ikkje pin deg for mykje. Hvis du til dømes kutter ut fredagspilsen for "alltid" vil det nok vere lett å falle utpå ganske kjapt. Så unn deg ting. Ikkje berre tenk ned i vekt heile tida.

     

    Jogging og sykling er perfekt. Ein brenn mykje kalorier, og du treng ikkje gå på treningssenter med mindre du vil bygge mykje muskler. Det kan du forøvrig óg gjere heime.

     

    Ting som held meg gåande lenge er grovt brød (noko som visstnok ikkje er det beste), eller fiberrik frukostblanding. Fitness til dømes. God er den óg. Ta ein frukt mellom måltidene, eller kanskje ein yoghurt. Mange vil nok vere imot både frukt og yoghurt, men ein må kunne ha noko godt, ikkje berre havregryn og vatten.

     

    Håper innlegget mitt var noko informativt, men mitt hovudtips er å ikkje gå for fort fram. Då skjærer det seg lett.

    Lukke til! :)

  6. Det var ein lang kode!

    Eg tykkjer personleg om når eg kan velje sjølve i tilegg. Mange ganger ynkjer eg å ha sider på engelsk, sjølv om eg er norsk. Diffor tykkjer eg ikkje dette trenger å vere så utruleg "absolutt". Ein må kunne velje, og språkvalet går berre på kva språk ein har foretrukket. Har ein til dømes engelsk språk på nettleseren kan det tyde på fleire ting:

     

    - At brukaren ikkje gadd å finne norsk versjon, og er likegyldig.

    - At vedkommende er i Noreg, men ikkje foretrekk norsk.

    - Eller at vedkommende ikkje er i Noreg (Captain Obvious).

     

    Med geografisk lokasjon (utfrå IP) kan ein luke ut den siste, og eventuelt den første. Resten får vere opp til brukaren sjølve. Tykkjer eg då. Berre har ein språkveljar lett tilgjengeleg.

     

    No veit eg ikkje kva publikum du henvender deg til, men dei fleste nytter verken proxy, eller er hackere. Så det trur eg ikkje du trenger og bekymre deg for mykje for. Og om dei gjer er det mest sannsynleg ikkje komplett idiotar - noko som tilseier at dei greier å skifte språket sjølve.

     

    Det er måten eg ville løyst det på, så ikkje ta det som noko fasitsvar :)

  7. Ein veg å gå kan jo vere å sjekke opp mot IP, samt sekundærspråk. Som du ser i kodesnutten eg skreiv har eg nytta explode() til å berre få fram første språkval. Sjekk opp to av desse (i min kodesnutt finner du då neste linje ved lang[1].

     

    Videre sjekker ein geografisk stad av IP, det ville eg gjort. Kva er då sannsynet for at vedkommende kan vere norsk? Sikkert fleire måter å gjere det på, men personleg tykkjer eg det er nok om ein i tillegg har moglegheit for at brukaren kan velje språk i etterkant (overstyre automatikken). Det kan óg vere hensiktsmessig å lagre ein cookie (eventuelt SESSION om du ikkje vil bruke Javascript) på språkvalet.

     

    Redigert: Kommer ikkje på fleire måter i validere språket på. Men kom gjerne med tips her. Det meste kan ein fikse med PHP, eventuelt samen med Javascript til å berekne sannsyn.

  8. Åja, mogleg det er forskjellig frå versjon til versjon. Koden fungerte iallefall hos meg sånn som du skreiv tidlegare.

    Berre hyggeleg å hjelpe. Hugs at dette berre er ein "prototype", og høyr på kva Ernie sa tidligare i tråden. Noko som ser innlysande lett ut, kan vise seg å vere vanskeleg nokre gongar.

     

    Lukke til, å berre spørr om eg kan hjelpe med noko meir :)

  9. Eg skreiv noko heilt pleint no. Du kan lage fleire "cases" hvis du vil det selvfølgeleg.

    Sikkert fleire måter å gjere det på, men eg tykkjer dette er enklast med PHP.

     

    <?php
    $lang = explode(",",$_SERVER["HTTP_ACCEPT_LANGUAGE"] ) ;
    switch ($lang[0]) {
       case "nn-no":
           $sprak = "nynorsk";
           break;
       case "nb-no":
           $sprak = "bokmal";
           break;
       default:
           $sprak = "english";
           break;
    }
    
    header("Location: index.php?lang=$sprak");
    ?>
    

     

    Redigert: Dette går på nettleser språk, du kan jo naturlegvis sjekke dette opp mot IP, men det krever jo ein del meir kode. Med det sagt, la brukeren få velge sjølve óg. Hugs å ta med nokre flag på nettstaden slik at dei kan overstyre automatikken.

    Kan jo vere at nokon norske nytter ein anna nettlesar til dømes.

    Lukke til, håper eg forstod deg rett :)

×
×
  • Opprett ny...