-
Innlegg
49 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av 0ter
-
Har du sett noko tegn til at Vesten bryr seg? Eg har ikkje. Dei opphøgde ein terrorist til president på dagen, som liksom hadde vore "ein av dei slemme IS-ane", utan å blunke. Tenker det er eindel me ikkje veit om denne saka.
-
Eg har ikkje sett meg veldig inn i kven som sto bak, men var det ikkje inderar?
-
Vesten veit dette godt, dei bryr seg ikkje. Dei var eit middel for å bli kvitt Assad som ikkje tok ordre frå USA/Israel.
-
Det kan godt stemme det du skriv her, men eg tykkjer elles det er påfallande kor ofte IS o.l. synest å samarbeide med Israel; ein del vil òg ha det til at dei er allierte. Men om det er sant, så stikk nok ikkje fundamentalismen så mykje djupare enn eit image, for då legg eg ein knapp på at dei er meir ein leigesoldatorganisasjon enn noko anna.
-
Spesielt sidan det er det Trump seier òg. Eg kan ikkje heilt sjå for meg korleis eit semi-uavhengig land med 56 000 skal greie å stå imot USA, så det kan tolkast som at ho har gitt opp.
-
Desse spela gler vi oss til i januar
0ter svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Du har skrytt av Against The Storm Øystein, eit spel eg sjølv har fleire hundre timar i. Difor vil eg nemne Timberborn, eitt lovande bybyggjespel som kjem ut "tidleg i 2026". Eg har 35 timar no og mekanikken er bunnsolid. Det spelar som ein meir tilgjengeleg versjon av Dwarf Fortress, men fredeleg. Beverar er som kjend mindre kule enn otrar, men ellers er spelet bra. -
I Irland, UK, NZ, USA mistar folk jobben om dei ikkje ynskjer å bruke "rett" pronomen, det vil seia det pronomenet som folk føler seg som. For eigen del ville eg nok bøygd hovudet og kalla folk akkurat det dei ynskjer, men eg tykkjer likevel det har gått altfor langt når ein tilsynelatande skal tvinge folk til å tru på ting, i dette tilfellet eit både nytt og rart verdsbilete. Burde ikkje me andre ha like mykje rett til å tru det me vil, slik folk som trur dei er diverse kjønn også har denne retten?
-
Trekker den norske storsuksessen fra The Game Awards
0ter svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Molyneux lovar og leverer ikkje. Dani... eg meiner Vedinad er vel i diametralt motsett kategori -
Akseptere/ta i mot Jesus som sin frelser?!?
0ter svarte på Lagabøter sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Moglegvis i ateistane sine ryktespreiarmiljø. Tvilar på at du kan dokumentere dette, men det er vel slik du rullar? -
Trekker den norske storsuksessen fra The Game Awards
0ter svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Ser den ^^ -
Trekker den norske storsuksessen fra The Game Awards
0ter svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Om Gamer.no vil gjera eit "scoop" angåande hans identitet, kan de jau spandere nokre timar med å etterforske "ryktene" om kven han er, er meir ein kjend løyndom enn noko anna, sjølv om eg likar stilen hans med å leike mystisk -
Akseptere/ta i mot Jesus som sin frelser?!?
0ter svarte på Lagabøter sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Det er ein skilnad på å be til ein helgen og å tilbe Gud, det ligg i orda ein brukar. Eg kan òg be deg om noko, men det tyder jau ikkje at eg tilber deg. Ein kristen kan kun tilbe Gud. Og han kan òg be Gud om noko. Eg skjønnar at det kan vera litt forvirrande fordi orda er so like. Som eg alt har peikt på, so brukar ikkje JST andre kjeldetekstar enn andre bibelomsetjingar. At kjeldeteksten står ved sida av har lite å seia om ein ikkje kan hebraisk sjølv. Det står deg fritt å meine at dei teologiske poenga trumfar ei redeleg omsetjing her, men so lengje ordboka har begge tydingane nemnde, so kan eg ikkje støtta ein slik konklusjon. Den nyaste omsetjinga har fått kritikk for at dei skriv «tenar» i staden for «slave» – i det tilfellet sluttar eg meg til ein tilsvarande analyse som det du skriv. -
Akseptere/ta i mot Jesus som sin frelser?!?
0ter svarte på Lagabøter sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Katolikkar tilber ikkje helgenbillete, men dei trur at helgenbilete – og kontakt med helgenen – kan gje dei sjølve betre kontakt med Gud, som er den einaste dei tilber. Det er jau ein viss skilnad? Det hender at eg stussar litt med dei norske omsettingane, difor løner det seg å sjå til omsetjingar på andre språk, slik du har gjort. Men då bør ein ikkje sjå kun på ei anna omsetjing. 5 er bra, 10 er betre. Dette går fort med moderne bibelverktøy. Samstundes er omsetjing krevjande på den måten at ein alltid må gjera val, avdi mange ord er fleirtydige, spesielt på hebraisk. Difor er som regel ikkje forskjellar eit teikn på at ein av omsetjingane er feil og den andre rett, men snarare legitime omsetjar-val. -
Akseptere/ta i mot Jesus som sin frelser?!?
0ter svarte på Lagabøter sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Eg tenkjer at det gjev liten meining i å ta eit vers ut av kontekst. Dei eldste skriftene hadde ikkje versinndeling overhovudet, alt stod saman. Jødar og kristne har i over 2000 år tolka vers 4 til å stå i kontekst av vers 3 og vers 5, til å handle om at ein ikkje skal laga gudebilete (sjølv oppdelinga er av nyare dato). Det er difor den trulege tolkinga. JPS er ei jødisk omsetjing basert på dei same kjeldetekstane som alle andre omsetjingar. Det er ei god omsetjing som eg har brukt litt sjølv, men truande jødar tolkar det verset akkurat som kristne gjer (ikkje slik du gjer). Det er ikkje slik at ei omsetjing er betre enn andre berre fordi den hebraiske kjeldeteksten står parallelt. -
Akseptere/ta i mot Jesus som sin frelser?!?
0ter svarte på Lagabøter sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Det er ikkje dette det fyrste bud handlar om, sitatet er teke ut av sin samanheng. Her er heile den relevante teksten: Me ser at lova forbyr å ha andre gudar enn Gud. Di tolking om eit generelt forbod mot å laga skulpturar og etterlikningar er feilaktig. -
Straffeskatt til kontroversiell spelaktør
0ter svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Etter litt tilfeldig AI-research, so synest dette å vera litt komplisert. Det er ikkje MVA på tilfeldig sal av spelkodar frå privatpersonar i utlandet til nordmenn, med mindre beløpet kjem opp i 50 000. I prinsippet er det difor knapt nokon av seljarane som skal betala MVA. Likevel må sjølvsagt G2A betala MVA på si salsteneste, det vil seia den avgifta dei tek for å formidle salet til Noreg. Det er noko uklart kva for ein av desse det gjeld. -
Akseptere/ta i mot Jesus som sin frelser?!?
0ter svarte på Lagabøter sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Veit du ikkje om du er heilt seriøs no? Prøv å lesa det i samanheng ein gong til, so skal eg hjelpa deg viss du ikkje skjønar det (har ikkje tid no). -
Akseptere/ta i mot Jesus som sin frelser?!?
0ter svarte på Lagabøter sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Om ein tek ting ut av samanhengen, so kan ein jo finna feil overalt. Det kan eg gjera med innlegget ditt òg. -
Eg får stadig ctd i spel og beskjed frå grafikk-kortdrivaren om at det er noko gale.
-
Eg har problem med at skjermkortet er ustabilt (har vore slik sidan eg fekk pc-en). Elles er eg i grunnen ganske nøgd med pc-en og ytelsen eg har. Eg tenkte at eg kanskje kan få tak i ei lita oppgradering av skjermkortet og få ein meir stabil og litt betre pc. God idé? Tips til gode kjøp? Brukt er aktuelt. Budsjett 5000. Går i gaming.
