Eg har nokon viktige data som eg ynskjer å ha sikkerheitskopi av offline, splitta i fleire delar og fordela over fleire fysiske lokasjonar.
Eg har søkt ein del på nettet for å finne ei løysing som er god, men ikkje kostar for mykje. Der er lagringsmedium å få tak i som er sagt å skulle vare i hundrevis av år, men så er prisen òg deretter. Eg kunne tenkt meg å bruke billege minnepennar, men ut frå det eg ser så kan levetida på desse fort vere avgrensa til nokon få år.
Eg lurar på om den beste kompromissløysinga for mitt bruk er denne:
Eg kjøper inn ein del billege minnepennar (eg ser ein får modellar frå kurante leverandørar til under hundrelappen per stykk). Så brukar eg to minnepennar per fysiske lokasjon (for å sikre meg i tilfelle ein av dei sluttar å virke). Deretter sjekkar eg dei minst ei gong i året, og skiftar ut defekte/problematiske minnepennar.
Kva tenkjer folket, er dette ei kurant løysing, eller ville de vurdert andre variantar?
Eit tilleggsspørsmål: Korleis vil det vere å lagre ein minnepenn på ein plass utan oppvarming, der temperaturen fort kan kome ned mot -20 °C om vinteren? Eg ville tru at det bør gå bra, sjølvsagt så lenge ein ikkje tek pennen rett frå den temperaturen og pluggar den inn i ein PC. Eller vil levetida kunne gå drastisk ned på denne måten?