Som nemnt over, kjem det an på grafikkinnstillingane. Mange spel set grafikkinnstillingane av seg sjølv basert på PCen din, og erfaringa mi er at dei innstillingane ofte er litt tyngre enn det som blir nytta i tester på Youtube etc.
Såvidt eg kan sjå er dette ei maskin med Intel Arc-grafikkort. Arc er kjent for å ha veldig variabel yting frå spel til spel, så ein kan godt enda opp å få lågare fps enn forventa i enkelte spel. Første søketreff eg fant med Fortnite på Intel Arc A770 får rundt 80 fps på medium, så det er jo ikkje heilt ulikt det sonen din får.
Sjekk elles om de bruker DirectX 11, DirectX 12 eller Vulkan, og test med dei forskjellige. Arc fungerer dårleg med eldre versjonar av DirectX. Sjekk òg at resizable bar er slått på i BIOS.