Gå til innhold

iR' BR34K

Medlemmer
  • Innlegg

    551
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av iR' BR34K

  1. Då ville eg nok returnert det og fått eit nytt. Det er problem med alle produkt, så det kan hende du har vore uheldig med di utgåve.

    Elles er jo ikkje slikt noko me kan fange opp i ein test etter berre 10 dagar med bruk her. Byggekvalitet-delen blir mest på kor solid produktet verkar. Eg skal ikkje teste fleire tastatur på ei stund, så eg kan ha det på pulten ut mai og sjå kva som skjer, og oppdatere testen etter det. Me har gjort det med andre produkt som har hatt svake slitedelar før.

    Ser det er ein del som melder om problem med enkelte tastar som ikkje svarar, medan andre har ikkje det problemet i det heile. Førebels har eg ikkje merka noko slikt sjølv.

    Dersom tastehettene dett for lett av, er det vel noko galt med koplinga til brytaren. Det bør vel vere nok til å returnere det aleine.

    • Liker 1
  2. Eg er på utkikk etter ein rimeleg småbil som eg kan bruke til å køyre til jobb i ny og ne, og korte turar lokalt. Har 40 km tur t/r til jobb, men brukar stort sett tog. I utgangspunktet tenkte eg på elbil, men skal handle meg hus snart, og vil ikkje binde opp for mykje kapital. Tenkjer då at ein småbil i prisklasse 50-60k kan vere eit godt utgangspunkt. 

    Har kikka på eit par ulike bilar, men har ikkje så mykje peiling på bil anna enn det Google kan hjelpe meg med. Har kutta ned lista til desse: 

    Hyundai i10 (2010)

    Skoda Citigo (2014)

    Ford Ka (2012)

    Citroen C1(2014)

    Eg har vel eigentleg berre gått etter billige bilar med låg km. Litt usikker på kva eg skal velje her no. gamle i10-ar er jo stygge som fy, men den er gjerne hakket kjappare enn dei andre her. Kjører litt på 90-motorveg, så hadde vore greitt å ha noko som taklar litt fart. 

    Tenkjer at eg sikkert kan selje desse om eit par år og framleis få 30k+. Tviler på at eg kjem til å køyre meir enn 7-8K km ila eit år, sannsynlegvis betydeleg mindre. 

    Nokre tips? Ser Citigo har godt rykte som bruktbil, men så er jo den Citroen-bilen betydeleg billigare. 

    Edit: Vil helst ha ein liten bil i same storleik som dei over. 

  3. Fleire produkt me ikkje har med her. G603, G102/203, G Pro Hero etc. Handlar først og fremst om at me ikkje har fått dei tilsendt. Kan alltids høyre med Logitech, men formane til dei me manglar er jo representert på lista her. G603 er i praksis G703 berre utan RGB og med AA-batteri i staden for Powerplay/internt Li-Po-batteri.

×
×
  • Opprett ny...