Gå til innhold

iR' BR34K

Medlemmer
  • Innlegg

    551
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av iR' BR34K

  1. 9 hours ago, Krispo123 said:

    Hva mener du med "Det er vanskeleg å direkte samanlikne desse produkta, for dei er rekna for heilt ulike brukarar."? Er ikke begge gaming tastatur?

    G915 har lågprofilbrytarar, og dei eignar seg nok betre for dei som vil ha noko litt anonymt ein kan bruke både på pulten på arbeid som til gaming. «Vanlege» brytarar som dei dette har eignar seg betydeleg betre til speling, og designet har meir openbert gamerpreg. Razer sitt er fast fullformat (i motsetning til dette som kan vere både det og TKL), og er endå mindre portabelt enn dette igjen. Så kva ein vil kjøpe kjem jo an på kva behov ein har i kvardagen, og kva ein skal bruke tastaturet til. Difor skriv eg at det er mynta på ulike brukarar. Blir litt i same gate som å samanlikne ei MMO-mus med ei skytespelmus. Kan alltids setje ein samla karakter, men dei er laga for forskjellige ting. 
     

    Og om det er G915-etterligning… Det tviler eg på at Asus har tenkt så mykje på. Veldig ulike produkt. 

    • Liker 1
  2. @Vasco Da LamaSåg ikkje denne før no, sorry. Nvidia lagar 3070 og 3070 Ti på same brikke, som betyr at dei som sit og ventar på 3070 risikerer å vente endå lenger enn før. Det er det same som skjer med RTX 3090 og 3080 Ti. Dei er òg på same brikke, slik at dei 3090-chippane som før ikkje var gode nok til å bli 3090 i staden ville blitt brukt til eit RTX 3080, men no går til RTX 3080 Ti. Slik blir det færre RTX 3070 og RTX 3080 produsert enn elles. Nvidia har ikkje sagt at dei aukar produksjonen av 3070/3080 for å gjere opp for dette, så det er vanskeleg å seie kor stor effekt dette har.

×
×
  • Opprett ny...