Gå til innhold

iR' BR34K

Medlemmer
  • Innlegg

    552
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av iR' BR34K

  1.  

    Liker at Gamer og Pressfire er enig ihvorvidt dette spillet er ett lag-spill eller en kan "solo-carry" laget sitt.. De er ialle fall uenige om å være enige i at spillet er bra uansett synsvinkel da.. DET må være en kvalitet å ta med seg.. både som anmelder og som spill utvikler.

    om noen er usikker på hva jeg sikter til her kommer quote fra PressFire.no

    Her har du beina godt plantet på bakken gjennom hele spillet, og du må jobbe mer samlet som et lag for å vinne en kamp. Det å skulle hjelpe dårligere spillere med å vinne ved å dra all dødvekta selv, er ikke lenger mulig. Nå må du virkelig tenke på posisjonering og taktikk for å komme seirende ut.

    og her fra denne anmeldelsen på gamer.no

    Å kome tilbake til eit spel der ein enkeltperson kan bere eit heilt lag på skuldrene, gjere alt sjølv og verkeleg få noko ut av det, er forfriskande. Der spel som Overwatch og Battlefield lønar lagspel og har kutta ned på potensial til solo-«carry», kan éin spelar snu kampane på eigenhand i Call of Duty om ein berre er dyktig nok. Får du til det, ventar ei godkjensle som få andre spel kan produsere.

    Me har litt meir skill her på huset, veit du ;)

    • Liker 7
  2.  

     

    Er 1300 kr for ei tastefjøl en fornuftig pris? :hmm: Når jeg leste overskriften forventet jeg rundt 500 kr.

    Spørs jo heilt kva type tastatur ein faktisk skal ha. Du kan få eit godt tastatur til 500 spenn med membranbrytarar eller billige mekaniske, men skal du ha skikkeleg mekanisk tastatur med alt av utstyr, så må ein ofte opp mellom 1500-2000. Den einaste direkte konkurrenten til dette tastaturet med same optisk-mekaniske brytar kostar 2200 kroner. Som med alt anna så er det ulike prisklassar for ulike klassar av kvalitet.

     

    Elles er dette det desidert billigaste tastaturet med så mykje utstyr som me har testa så langt. Skal ein ha det same som her med dedikerte makro/medietastar, passthrough, fletta kabel, rullehjul for volum osv + handleddstøtte er vel Corsair K95 det mest populære valet, som ein må punge ut 2000 kroner for.

    Vel.. Jeg kjøpte Logitech G910 for 990,-. Der har du alt du lister opp bortsett fra passthrough og "superfancye" nye brytere (hvem bruker passthrough uansett?).

    Joda, eg ser poenget, men no er vel G910 nesten to år gamalt. Det lanserte til ein nypris på 2100 kroner. Når me skriv omtale, så vil me jo basere oss på nyprisen, i og med at dette nettopp kom ut. Det er godt mogleg at Sequencer kjem på sal på Black Friday til under tusenlappen, for den saks skuld.

  3. Er 1300 kr for ei tastefjøl en fornuftig pris? :hmm: Når jeg leste overskriften forventet jeg rundt 500 kr.

    Spørs jo heilt kva type tastatur ein faktisk skal ha. Du kan få eit godt tastatur til 500 spenn med membranbrytarar eller billige mekaniske, men skal du ha skikkeleg mekanisk tastatur med alt av utstyr, så må ein ofte opp mellom 1500-2000. Den einaste direkte konkurrenten til dette tastaturet med same optisk-mekaniske brytar kostar 2200 kroner. Som med alt anna så er det ulike prisklassar for ulike klassar av kvalitet.

     

    Elles er dette det desidert billigaste tastaturet med så mykje utstyr som me har testa så langt. Skal ein ha det same som her med dedikerte makro/medietastar, passthrough, fletta kabel, rullehjul for volum osv + handleddstøtte er vel Corsair K95 det mest populære valet, som ein må punge ut 2000 kroner for.

    • Liker 1
  4. Er det noen som vet om rtx2080 og rtx2080 ti vil yte bedre enn 1080 ti ved bruk av VR?

     

    Ytinga til 2080Ti vil nok ligge rundt 30 prosent over 1080Ti uansett, men implementering av DLSS kan potensielt vere det som gjer 4K VR mainstream. Nvidia har gjort DLSS veldig attraktivt ved at dei sjølv gjer alt arbeidet med å implementere teknologien i spel, så eg trur mange utviklarar vil hive seg på det her ganske kjapt.

    • Liker 1
  5. Silkemykt?! Jeg tror du må tilbake til 90-tallet før 85FPS kan omtales som silkemykt. Har sjekket streams til folk som har en "NASA-PC" også, de er skjeldent over 90fps. Det er da minst 30% lavere enn ytelsen til PUBG, som omtales som et spill som kjører relativt dårlig. En ting til å nevne om COD BR, hvis du "hotdropper" (et sted med mange spillere) så takler serveren det enda dårligere enn feks pubg. Alle bare teleporter rundt om kring og siktet ditt hopper frem og tilbake. VELDIG skuffende ytelse fra en AAA produsent.

    RamGuy svarte vel godt her, men kan nemne at FPS var ulåst i førre beta. Der låg eg på 150-160 FPS med alt på maks (1080ti). Trur ikkje det skal vere noko problem å få bruk for 240hz-skjermen min på release viss eg skrur ned til low.

     

    Eg skreiv litt om serverytinga i sniktitten her, men det er litt tidleg å trekkje konklusjonar trur eg. Ein av hovudgrunnane til denne betatesten er vel nettopp å sjå korleis serverane taklar kapasiteten, så det blir nok langt betre. Ser Treyarch er veldig aktive på reddit og foruma sine med å ta til seg feedback, noko som lovar veldig godt. 

  6. Takk for anmeldelsen. Jeg er nok ganske uenig her. Siden du trekker spillet såpass mye pga. det er for likt tidligere spill og bringer lite nytt så lurer jeg på hva dere kommer til og gi Forza Horizon 4, 6/10 her også?

     

    Man kødder ikke med Tomb Raider formelen. Vi vil ha mer av det samme og ikke masse nyvinninger. Er jo nettopp det som gjør serien så bra. Dette er etter min mening bedre enn de 2 forrige spillene. Det er helt vilt og spille dette på 55 " 4k HDR med full Dolby Atmos støtte. Lyden i dette spillet er helt vidunderlig og de har virkelig lekt seg med Atmos effektene. Settingen er ganske varriert selv om det er mye jungel. Anmelder kan umulig være glad i single player opplevelsesspill. Løp og kjøp!

    Du syns ikkje det er litt søkt å samanlikne Tomb Raider med eit bilspel? Alle forstår at sportsspel ikkje kjem til å endre seg noko særleg frå år til år. Det er ein heilt anna sjanger.

     

    Det er òg ganske tøvete å seie at alle vil ha meir av det same. Godt mogleg du syns formelen her fungerer og det er flott, me er alle forskjellege. Likevel trur eg mange av oss set pris på litt endring. Eg elska det første reboot-spelet nettopp fordi det gjorde så mykje nytt. Både Rise og dette har blitt ganske keisame affærer for meg, på grunn av at dei er så like det første.

     

    Eg skulle verkeleg ønskje at dei brukte meir tid på spela og laga noko som er unikt, men utviklarane har openbert sett at dei har potensiale til å tene raske pengar.

  7. Det var ikkje eg som skreiv den posten om DF, men eg vil tru at det blir veldig mykje ekstraarbeid for dei å lage testar med SLI på slikt. Det er det omtrent ingen som gjer lengre. Dessverre har NVIDIA satsa lite på SLI dei siste åra, så det er langt mindre brukarar no enn før. Difor er det vel avgrensa kor interessant det blir for lesarane/sjåarane.

     

    Får sjå kva som skjer med NVLink. Tilkoplinga kostar jo ein formue slik som det er no, men det må vel kome noko nytt med 20-serien. Kanskje dei spyttar litt liv i det. 

    • Liker 1
  8.  

     

    Ikke ta slike tester så seriøst, hadde kjøpt spillet til rundt 200 kr på dagen.

    De jeg lurer på er SLI støtte\crossfire og om nyere skjermkort gjør det bedre? Mistenker spillet er konsollspill ergo god maskinvare hjelper ikke alverdens.

    Digital Foundry har en del gode ting å si om pc versjonen.

    Analysene blir ubrukelige for meg da jeg har 2x1080 sli kort. 1070 er det digital foundry kjører i sin test av pc versjonen

    https://www.reddit.com/r/nvidia/comments/9fakk4/sli_and_performance_notes_shadow_of_the_tomb/

     

    bør vel kunne nå 60-70 FPS i 4K med to 1080, trur eg. Verkar som det er god SLI-skalering med DX12. 

    • Liker 1
  9. Klokka inn ein times tid og kom eit stykke forbi introseksjonen her no. Pinleg dårleg forteljing så langt. Det dramaopplegget mellom Lara og Jonah var direkte flaut å sjå på. Ikkje eit gram av truverd der. Får håpe at det plukker seg litt opp etter kvart.

     

    Sit igjen elles med det same inntrykket som Andreas. Har spelt det før. Syns i alle fall den foto-modusen var kjekk, då. PCGamer hadde ein skikkeleg morsom sak på det i går: https://www.pcgamer.com/turn-a-grim-nightmare-into-an-awkward-vacation-with-shadow-of-the-tomb-raiders-photo-mode/

    • Liker 2
  10. Kan ikke se et ord om hvordan rullehjulet er i bruk. Ruller det jevnt? Kan det låses? 

     

    G Pro Wireless har eit trinnhjul, der kvart trinn er på eit par millimeter. Eg likar det veldig godt. Feedbacklyden er tilfredsstillande, utan at den støyar noko særleg.

     

    Diverre har den ikkje to modusar slik som G903 som lar deg velje mellom motstand og "fri rulling". Berre eitt fartsnivå, altså. Viss det er viktig å kunne byte mellom to ulike modusar for deg, er sikkert G903 eit betre val til produktivitetsoppgåver.

    • Liker 1
  11. Her ble jeg frista gitt! Rival 600 musa jeg kjøpte etter anmeldelsen av den her inne var jeg meget fornøyd med. Men under gummi grepene på høyre side har limen begynt å bli dårlig slik at grepene ikke sitter helt fast og kan skli sidveis og opp og ned. Derfor mener jeg den ikke er en 9/10 mus lenger.

     

    Eg er einig der. Kjem til å endre karakter på den når eg skriv samletest mot slutten av året. Har fått akkurat det same problemet. Heile grepet er laust, så kvar gong eg brukar Rival 600 blir tommelen min klissete med lim. Skikkeleg irriterande.

    • Liker 3
×
×
  • Opprett ny...