Gå til innhold

Velmont

Medlemmer
  • Innlegg

    2 532
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Velmont

  1. Hei, eg har fått eit ganske rart oppsett her. Eg måtte lage ei sikker sone i nettverket; difor har eg sat ei pfSense-maskin som brannmur. (Det er FreeBSD brannmurdistro).

     

    Eg har to nettverk, - eit sikra (med eigen DHCP og NAT til det ope/internett) og eit ope. Men det har seg slik at eg har ein skrivar som må vera open (for printserveren er og skal stå i det ope nettverket), men diverre står bak routeren til det sikra nettet. Eg kan ikkje trekkje fleire hundre meter ny kabel; så eg må få la skrivaren (med si eiga faste IP frå det ope nettet) til å snakka ut, gjennom routeren.

     

    Eg vil at klientane i den grøne sona skal ha tilgang til skrivaren som står i den raude sona. Skrivaren må ha same IP-subnett som dei i den grøne sona (må vera grøn), einaste problem er at han står bak brannmuren/routeren! Korleis skal eg NAT-e dette her? Er det rett å NAT-a i det heile take?

     

    Eg vil at klientane på andre sida berre skal kunna snakka med 100.100.62.10 (skrivaren) utan større problem. Kan dette gjerast? Korleis? :-)

     

    I pfSense har eg noko som heitter (i NAT-menyen)

     

    *Port Forward

    * 1:1

    * Outbound

     

    Dei i den raude sona må òg kunna skriva ut til han; men eg trur eg klårar dèt enkelt routeren router lett til printserveren som står i den grøne sona (gløymde teikne han inn, obs).

    post-28131-1141731228_thumb.png

  2. kan du ikke forwarde aktuelle porter inn til printeren? DMZ?

    5710551[/snapback]

    Hum. Må eg ikkje då skriva ip­-en 100.100.62.30 (til pfSense-routeren)?

     

    Vil det grøne nettet nå skrivaren med å pinga 100.100.62.10 då? Eg må få routeren til å forstå at han skal route adressa 100.100.62.10 gjennom seg. På ein måte. Eller. Ja.

     

    Eg har desse vala i NAT. Meiner eg skal bruka Port Forward då? Hum, men brukar altså FreeBSD, eg trur ikkje webguiet til pfSense er avansert nok til slik spesialrouting.

    Port Forward 1:1 Outbound

  3. Kan nokon hjelpa meg med eit (sært?) nettverksoppsett?

     

    Eg har to nettverk, - eit sikra (med eigen DHCP og NAT til det ope/internett) og eit ope. Men det har seg slik at eg har ein skrivar som må vera open (for printserveren er og skal stå i det ope nettverket), men diverre står bak routeren til det sikra nettet. Eg kan ikkje trekkje fleire hundre meter ny kabel; så eg må få la skrivaren (med si eiga faste IP frå det ope nettet) til å snakka ut, gjennom routeren.

     

    Sjå i denne posten; eg har laga teikning og alt for å enklare forklåra.

     

    Brukar forresten pfSense, ein brannmur/router basera på FreeBSD.

     

    https://www.diskusjon.no/index.php?act=ST&f=61&t=547069&st=0

  4. Hei, eg har fått eit ganske rart oppsett her. Eg måtte lage ei sikker sone i nettverket; difor har eg sat ei pfSense-maskin som brannmur. (Det er FreeBSD brannmurdistro).

     

    post-28131-1141652118_thumb.png

     

    Eg vil at klientane i den grøne sona skal ha tilgang til skrivaren som står i den raude sona. Skrivaren må ha same IP-subnett som dei i den grøne sona (må vera grøn), einaste problem er at han står bak brannmuren/routeren! Korleis skal eg NAT-e dette her? Er det rett å NAT-a i det heile take?

     

    Eg vil at klientane på andre sida berre skal kunna snakka med 100.100.62.10 (skrivaren) utan større problem. Kan dette gjerast? Korleis? :-)

     

    I pfSense har eg noko som heitter (i NAT-menyen)

     

    *Port Forward

    * 1:1

    * Outbound

     

    Dei i den raude sona må òg kunna skriva ut til han; men eg trur eg klårar dèt enkelt routeren router lett til printserveren som står i den grøne sona (gløymde teikne han inn, obs).

  5. Bare meg som mener at det er meningsløst å skrive under på et opprop full i skriveleifer, hvor fyren mest sannsynlig ikke kommer til å bruke oppropet til noe?

    5415884[/snapback]

    Må nett han gjera noko med det?

     

    Det tek nokre sekund, treng ikkje vera meiningslaust. Skrivefeil likar eg ikkje, men sak plar gå foran.

     

    Velvel. Det kosta meg ikkje noko, såå. :-)

  6. http://www.opprop.no/opprop.php?id=stopwindows

     

    I dag blir ungdommer lært opp til å bruke dyr programvare på nesten alle skoler i landet. Microsoft Windows har monopol på norske skoler. Skolene forlanger at du har ms Word, powerpoint osv. for å kunne levere inn oppgaver, prosjekter ol.

    Skolene burde heller bruke gratis programvare å spare tusenvis av kroner på lisensavtaler med Microsoft, og heller bruke pengene på vedlikehold eller kjøpe inn nye datamaskiner.

     

    ENIG? skriv under da vel!

  7. Berre velg primær du. Ein kan vel ha noko slik som to primære partisjonar,

    så opprettar du ein utvidingspartisjon og logiske oppå den. På ein måte :p Heh.

     

    Jaja, velg primær.

    5404523[/snapback]

    4 primær-partisjoner (og extended partisjonen må være primary hvis du skal ha flere enn 4 partisjoner. aka 3 partisjoner + en logisk eller extended eller hva nå det heter...)

    5404538[/snapback]

    Ok, takk. : ))

     

    Hugser det no når du seier det -- har rusta etter lang tid utan partisjonering ;-)

     

     

    --

     

    Køyr primær til du ikkje kan lengre... Skal du ha 5 partisjonar, kan du ha 3 primære, men

    dei to siste må vera det andre :p Logiske. Skal du berre ha 4 partisjonar, kan alle vera

    primære.

     

    Lønner seg å lesa det xeon skriv ;-)

  8. Hmm. Brukbart høyrest ikkje bra nok ut : ) -- AHvel, har jo alltids DVI-utgangen,

    så kan jo kobla til prosjektor når/om me får det ;)

     

    Elles må eg ha surround ut, -- nokon som veit god løysing på det? Stør

    driverane til Linux det? Nokon som har kjennskap til kort? Blir nok eit liknande

    grafikkort her òg, skal sjå på Nvidia FX5200 passivt. Må ikkje bråka så ;)

  9. nå er ikke akkurat Linux kjent for å være en attraktiv plattform for lydproduksjon.

    5306609[/snapback]

    Ehh... Jo?

     

    Det var vel ein av dei plassane Linux lengje har vore overlegent Windows. Kanskje ikkje

    for hobby-musikarar, eller musikarar i det heile. Men for tunge, tunge lydjobbar der

    minimum forsinking er viktig, er Linux stort.

     

    Er ikkje få lydfolk på mailinglista til CK. CK har jo ein god del (nesten)realtime-patcher.

     

    Men nå igjen; eg kan taka heilt 100% feil. - Men nett på lyd har eg vore av den oppfatting

    at Linux var særs langt. (Finst mange lydprogram til Linux, avanserte og kraftige).

  10. Eg køyrer Linux på jobb. Brukar Evolution til kalendaren min (ikkje til noko anna). Sjefen

    min brukar Outlook. Han vil at me skal synkronisera kalendarana våre. Det eg ser etter

    er altså eit GroupWare-system.

     

    Eg er sivilarbeidar på skulen, han får mange epostar og oppgåver; mange sender han

    vidare til meg. Han vil altså ha ein måte å setja ting på min todo-liste, og sjå når eg har

    kryssa dei av. -- Elles er det greitt å vita (for meg) når han er på møte, -- og han får

    vita kva arbeids-relaterte møter eg har sat opp i løpet av dagen (+ ferieplanar o.l.)

     

    Eg held på med å leggja inn opengroupware.org på maskina mi på skulen, -- men eg lurte

    på om nokon andre har eit betre forslag? Eller endå betre; eg vil høyra personlege

    erfaringar!

     

    Er det eit anna program som er betre enn Evolution til slikt?

     

    Nokon som har generelle tips til kalendardeling, todo-listar, kalendarar eller noko anna

    relevant? Skrik ut. Takk :)

  11. Ugh. Mykje svaring på meg sjølv, men ingen finn heller utav det.

     

    Restart hjalp ikkje. Eg skal prøva å taka vekk Dvorak heilt frå Gnome når eg

    kjem tilbake på skulen. :) .Xmodmap-fila fungerte slik han skulle iallfall ;D

     

    Kan henda det skjer ei slags dobbelt-køyring av di eg har lagt til .Xmodmap-

    køyring manuelt når eg logger inn...

  12. Eg har brukt linux i fleire år, og SuSE lengre enn Ubuntu. Distroen eg har køyrd

    lengst er Arch Linux. - Har fleire kjøpte CD-pakkar med SuSE, men du prøvar å

    visa det slik som om eg ikkje har prøvd det. Eg har køyrd SuSE, lengje og hardt.

     

    Red Hat 8 er óg forferdeleg forresten, -- Fedora likedan. Problemet mitt er

    berre at når eg skal visa kor bra GNU/Linux er, vil eg ikkje visa dei ekle,

    ustabile, bloatete distroar eg har dårlege erfaringar med. Det er ikkje for å

    undergrava nokon eg seier det, - er av di eg vil at folk skal kunna bruka

    systemet. Ikkje få noko som lett bryter saman.

     

    Siste Suse eg køyrde var vel 8, så masse kan ha endra seg. Ubuntu fantest

    ikkje då eingong, så det kan godt vera eg tek heilt feil. Men guten spør etter

    personlege erfaringar.

×
×
  • Opprett ny...