Gå til innhold

Velmont

Medlemmer
  • Innlegg

    2 532
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Velmont

  1. For 1½ månad sidan prøvde eg å gå yver til eit fleifasisk/polysyklisk soveprosjekt. Eg heldt på i 12 dagar, men merka at eg aldri kom yver knausen - kvar tredje dag trong eg ein del ekstra svevn.

     

    Eg kjenner til kvarmannssvevn (Everyman :p) - men ville prøva det mest ekstreme. Men kann henda eg heller skal prøva kvarmannssvevn då eg skal taka upp soveprosjektet att.

     

    Forresten kom det noko godt utav det, eg søv mykje mindre no; eg vaknar av meg sjølv tidleg kvar dag. Det er *kjempeherleg*. (Fyrr sov eg fort 10-11 timar kvart døgn)

  2. kennethdammyr: Um du ser litt opp, so fortel han at fargekorrigering er gjort i CompositeLab fra FXhome.com. :-) Det meste av fiksingi er nok gjort der, tør eg påstå.

     

    No hev eg forresten HVX200-kameraet her, eg er sers gira på å få til ei slik linseløysing. :-) Men eg må fyrst verta kjend med kamera og få nytta det i eit par jobbar slik invisteringi er tent inn att. Denne filmen fekk meg inspirert til å jobba med eigne prosjekt att (ikkje berre videoarbeid for pengar).

  3. No vert me ein gjeng med biletesiklande teknologar her, men eg lurte på um me kann få sjå korleis bileti såg ut fyrr fargekorrigering og effektar (vignettering, kurveendring osb). Hadde vore moro å sjå kva bilete du fekk rett ut frå den (ekstremt stilige!) innrettningi di. Eg er i ferd med å kaupa eit HVX-kamera og vil sjølvsagt testa og tyna kameraet so mykje eg kann, og dette de hev gjort her ser drittøft ut. Forresten, desse linsone - er det linsor til fotokamera? Linsor til film er driiitdyre, dessutan treng eg gode linsor til D70-fotokamera mitt, so eg tenkte «tvo flugor i ein smekk».

     

    Elles var filmen veldig god, sjølv um eg ikkje lika sjå han på YouTube. Det hakka seg i veg - men er vel berre Firefox som hev ete opp den lille rammen eg hev. Eg skulle ha sett han om att (fær gjera det seinare) for å betre forstå kva han handlar um. Eg trur nemleg han kunne ha vore litt klårare. Men eigentleg bryr eg meg ikkje, for eg elskar bileti so mykje. :-)

  4. Det avhenger jo av hvilken type 16mm film du bruker. Farge, svar-hvitt, ulik lysfølsomhet etc., alle er de 16mm brede. Tallet sier jo i bunn og grunn kun noe om størrelsen på filmen.

    8065784[/snapback]

     

    Du hev all grunn til å meina du er sikker på dette. 16mm film er farga som ingen andre når ein nyttar rett råfilm ;-) Faktisk so er det dyrare å taka opp i svart/kvitt enn i fargar no for tidi. Labane jobbar best med kjend film dei nyttar mykje osb.

     

    Eg såg diverre ikkje heile filmen, - eg mista interessa ganske raskt.å

  5. Dette var jo ein flott tråd. Hadde vore moro å fengje han i eit litt meir høveleg format enn eit foruminnlegg slik at ein enkelt kann lenkja vidare til det i tekstar og andre plassar ein pratar um GNU/Linux. (Ja, eg tenkjer ei flott formatert nettside)

     

    Ein annan ting som er sikkert, er det faktum at HW burde hatt ein meir dedikert web-stad for programvare, og kanskje til og med ein eigen plass kun for åpen kildekode. (G/L og BSD osv). Her er desidert nok kunnskap til å kunne lage, og drive ein slik stad om folk tok initiativ og gjorde ein liten del kvar.

    Alinux, anyone? Trur sist eg høyrte noko om det prosjektet var i 2003.

    8196541[/snapback]

     

    Hehe. Moro å sjekka hw.no/linux nett i dag og sjå denne posten. Me held det jo stadig gåande i #alinux.no på EFnet, so for oss vart alinux eit vellukka prosjekt. Men sjølve oppfølgingi frå hw.no mangla. Lever stadig i programvare-delen. Eg trur det er linux1.no som er det alinux skulle vore no. Eg er aldri innom der, då.

     

    Utanom tema

    Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor
    Elles moro å sjå at du skriv eit so vent språk, huf. Dei fleste postane mine her på forumet er på bokmål, men mange stammar òg frå yvergangsfasa mi frå bokmål til nynorsk. Kjekt å sjå at eg hev utvikla meg mykje sidan den gong ;-)
  6. Om du skal gjera det i CSS, må du bruka små bilete for å laga kant-skuggar. Du kan ikkje i den CSS-versjonen me hev no laga slike flotte skuggar. Du må laga det som bilete, og bruka CSS for å byta ut biletet.

     

    t.d. taggen

     

    <h1><a href="/">Min fine overskrift</a></h1>

     

    Så kan du byta ut teksten med bilete i css:

     

    h1 a {
     display: block;
     text-indent: -9000px;
     background-image: url('teksten-med-skugge.png');
     height: 50px;
     width: 400px;
    }

     

    Enkelt og greitt! Det er mellom anna gjort på http://velmont.net/xhtml/

  7. Hekkan, for eit elendig bilete. Du kan ikkje laga noko for A4 med dèt bilete!

     

    Nei; du lyt ha eit bilete med mykje betre oppløysing. Og som gjerne ikkje er så grumsete og hev motljos på den måten. Det kjem aldri til å verta bra slik det er no. Ah, med mindre nokon teikner over det, eller gjer eit poeng ut av at det skal vera låg oppløysing og grumsete. Typisk grunge eller noko.

  8. Jeg syns du bør ta en ekstra titt på Velmonts logo. Den er i vektor (tror jeg?), og den er enkel, pen å se på. Han har fått igjennom både "falcon" (se etter og du ser faktisk et fuglehode og nebb), og cheerleading. En god logo mener jeg. Godt jobbet Velmont! :)

    7118129[/snapback]

     

    Takk :-) Flott å sjå at du såg det. Han er i vektor, ja.

     

    Moro at nokon sat pris på arbeidet. Virkar som om du hev litt-over-normal peiling på bumerke. Inni mellom tek eg betalte bumerkeoppdrag, men då brukar eg tvo veker på bumerket, ikkje femten minutt :-)

     

    Og Hazor; kan du venligst *unngå* å lasta opp digre jpg-bilete og visa dei på sida (bruk ei lenkje)? Dessutan er ikkje jpg eit format for bumerke, ein lyt bruka vektor. Du «kræsja» nærast maskina mi (hadde han køyrd Windows og det same hadde skjedd, hadde han kræsja) :| X.Org nyttar 60% av RAM-en min, så 250MiB berre for å halda pixmapene til bileta - elles brukar 30% av resten. Så med andre ord blir all RAM bruka, og det går sørpetreigt.

  9. Kan vel laga noko raskt.

     

    Er laga i Inkscape. Eit opent, fritt og gratis program, nett som Linux. Legg med SVG-fila, som er kjeldefila. Den kan du forstørre så mykje du vil. Sikkert lurt å lagra ho til EPS, PDF eller noko før du sender det til trykkeri, om du vil bruka bumerket då.

     

    Gjovik-Cheerleading-bumerke01.png

     

    Her er SVG-fila.

     

    Eg ser forresten eit par feil no; burde ikkje anta at bakgrunnen skal vera kvit; men heller kutta dei kvite linene heilt ut slik at evt. bakgrunnsfarge vil skina gjennom der òg. Jaja. Du får sjå. :-)

     

    Redigert: Eg fiksa på det. SVG-fila er oppdatert. Her er den nye:

     

    Gjovik-Cheerleading-bumerke02.png

  10. Slik ser biletet ditt ut med retta horisont og auka kontrast.

     

    Morsomt at kurvane i biletet ditt liknar øya! Hehe.

     

    Elles er biletet ganske keitt, men om det er ditt fyrste er det flott. Det finst mykje slikt,

    og det er ikkje stort spanande.

     

    Det kunne ha vore noko om du hadde hatt eit godt kamera; då hadde det fungert godt

    som utprenta bilete på veggen.

     

    Men, akk, SOVA!

    post-28131-1148780164_thumb.jpg

  11. Litt rask Gimping.

     

    Litt større kontrast, litt vignettering, endra utsnitt (for å lata vegen få større del av

    biletet), motion blur rundt nedste del av biletet. Litt oppskarping på bil. Hum. Ja. Raskt og

    gale. Ah, og desaturering av fjell.

     

    Redigert: Og sjølvsagt tok eg vekk litt av blåstikket.

    post-28131-1148779414_thumb.jpg

  12. Som mangeårig Photoshop-brukar som lærte seg Gimp, må eg berre tilrå Gimp.

    Kvar gong eg er tvinga til å bruka PS (for å hjelpa elevar på skulen o.l.) vrir eg

    meg av dei dårlege designvala Adobe hev gjort i PS. Nokre hendige ting som

    justerings-lag, enkle skuggeeffektar og mappar savnar eg litt i Gimp, men elles

    er det mykje meir eg savnar frå Gimp når eg bruker PS.

     

    Gimp er eit supert program rett og slett! :D

     

    Eg frårår deg å bruka CinePaint, - det er ein (veldig) gamal versjon av Gimp

    som er laga mest for film. Retouch av film. Det er ikkje programmet du er

    ute etter. 16bit er einaste eg vil ha frå den versjonen over i «ekte» Gimp. :-)

     

    Lukke til! http://www.gimp.org

  13. Eg snakka med ein utviklar i Da Vinci (fargekorrigeringsløysingar for film), han

    meinte det var heilt greitt med piratkopiering. Om ikkje får ein aldri bli kjend med

    programma, - dessutan gjer det folk godt rusta i programma.

     

    Han hadde ein kamerat som jobba med Sony Vegas (eller kva det heiter), der

    var den uoffisielle tonen blant folk ganske lik.

     

    - Som ein stolt Linux-brukar hev eg jo berre frie program som alle er gratis. Til

    videoredigering derimot hev eg ein Mac G5 med OS X og Apple Final Cut

    Production Suite. Skal snart oppgraderast til 5-versjonen, men stress å

    senda DVD-ane sine inn til Apple for å gjera det. Ekkelt, likar ikkje slikt.

     

    (Ja, sjølvsagt lovleg... Eg tener jo pengar på det, - er mitt jobbverkty, er ikkje

    til leik).

     

    Resten av programma (subtitling (Sabbu) og all grafikk (Gimp, Inkscape)) er

    open source, fritt og gratis.

     

    Eg prøver Cinelerra med gjevne mellomrom til videoredigering då, eg vil

    eigentleg køyra alt fritt/GPL'd der óg. Blender skal visstnok fått

    videoredigeringsmoglegskap.

  14. Eg hev eit par filmar me for tida køyrer ut på DVD.

     

    Nett no sjekka me opp pris for ein ny film som skal distribuerast og seljast;

    det blei ca. kr 80 pr DVD (berre for laginga av DVD-en) når me hev eit

    fyrsteopplag på 200 kopiar. (Det blir sikkert meir, men fyrsteopplag skal fjerne

    utlogene våre og gje oss løn)

     

    Så me brenn altså desse platene; eg hev fått eit par feilbrende tilbake; men

    det var rett og slett av di biletet eg hadde på Linux-maskina mi var /feil/.

     

    (flaut at eg ikkje hadde god nok kvalitetssjekk; men eg hev brend frå det

    biletet mange gongar før...)

  15. Kanskje kamera hev EV-kompensasjon? Dén hadde jo vore grei å putta på -0.3

    eller noko. Så trur eg du slepp for store overeksponerte område.

     

    Elles; veit du at det er overeksponert? Om det ikkje er kan du jo gjera litt

    fargekorrigering i etterkant på datamaskina for å få meir kontrastfylde og

    mørkare bilete. :-)

     

    (Sjølvsagt er alltid eit godt utgangspunkt best!)

  16. Veeeeeeeel...

     

    Det er best å leggja 16:9-materialet i 16:9-format på DVDen. Det du må gjera

    er å velja "16:9" når du koder DVDen. Då vil DVD-spelaren leggja på letterbox

    automatisk...

     

    Det forutsett jo sjølvsagt at du hev eit program som taklar dette.

     

    Ein bør halda produksjonsformatet sitt så lengje som mogleg, for å halda best

    mogleg på kvaliteten. :-)

  17. Ah. Var ein del dautid her; -- treng ikkje vera at 5 min er for mykje for dette

    manuset; men måten det er filma/redigert på gjer det litt langtrukke.

     

    Eg ser fascinasjonen for lange køyrescener, eg likar det sjølv - men som utan-

    forståande synest eg at det heile blir for stilleståande i lengda. Det største

    problemet synest eg er ljoden. Det virker som om de har gjort eit arbeid her,

    lagt inn kontentum osb. Det er godt; men likevel manglar dybda - eg savna

    òg sterkt noko musikk eit par strekk. Spesielt i byrja.

     

    Eg blei sitjande litt flau på dykkar vegne då ho gjekk til butikken, ikkje godt

    utan ljodarbeide der som kan irettestå den lange sekvensen.

     

    - Han fyren virka ikkje så skremmande som dèt, det var rett nok flaut og

    ekkelt å sjå på. Men han var ikkje overbevisande i rolla som så opplagt over-

    griper. Men ein skal vel eigentleg ikkje klaga stort på skodespel i amatørfilm.

    Så. Unnskuld :-)

     

    Eg vridde meg då eg såg dei scenene; det er ei blanding mellom «å, neei,

    dette blir litt vel mykje/klisjè/laga moralistisk» og dei «rette» kjenslene som

    får meg til å mislika fyren sterkt.

     

    - Det heile verka litt urealistisk av di jenta ikkje spelte så enkel og svak,

    medan guten ikkje spelte sterkt nok. Hum, hekkan eg syg i å forklåra. Vel,

    det var noko som skurra stort for meg iallfall, men eg trur det kan bli mykje

    betre med meir stram redigering, meir dynamisk ljodbilete og ein regissør

    som verkeleg tør instruera.

     

    Eigentleg ganske grei film, då - men eg trur de kan betre.

    skodespelerane skikkeleg.

  18. Hihi. Fin den. - Hum. Litt mykje snakking etter min smak; litt meir handling,

    mindre snakking?

     

    Eg finner ein del av dialogen rarare enn slutten; når helten tek Mina med ut

    er grei. Det som skurrer er litt av scenene med Lena, - trur eigentleg å skjera

    ned på dialog, gjera han meir effektiv vil vera til stor hjelp.

     

    Likar grunnidèen godt, sjølv om han er veldig «vanleg» og enkel.

×
×
  • Opprett ny...