Gå til innhold

Velmont

Medlemmer
  • Innlegg

    2 532
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Velmont

  1. Eg er ein av desse nye elbileigarane. Bur på Grünerløkka. Eg synast det held med dei ladarane som er her, iallfall om dei får oppgradert dei siste gamle ladarane (som dei held på med).

     

    Det kjenst feil ut å ta so mykje plass i gata med bilen vår, so me har no byrja betala for garasjeplass. Òg fordi han står litt tryggare der, og originalt fordi det før var vanskeleg å finna gateparkering. Men no med betalt bebuarparkering (? - diverre gratis for elbil, som eg ikkje var klar over) so er det veldig lett å få plass rett utfor.

     

    Byrådet har gjort absolutt det eg tykkjer er best for byen og oss som bur her: fjern bilane, lag sykkelfelt, lag stader der folk har lyst å ferdast og hengja. By for menneske ikkje bilar.

     

    La heller oss som har bil betala for det, og finna oss kjellerparkering eller annan plass å putta bilen som for vår del vert brukt til lengre turar og i helgene.

    • Liker 2
  2. Oi, der kom bokmålen fram. Skriver nok litt for mykje bokmål her på diskusjon.no, beklager. Men takk for oppklaringa Velmont. :)

     

    Eg hadde netsida mi på nynorsk fyrr eg turte å ganga yver sjølv. Det er morosam lesnad i dag! Eg startar gjerne på noko som ser ut som tullenynorsk (men eg prøver!) og so kjem litt dialekt her og der, med ein god del bokmål ispedd.

     

    Vert eg litt for engasjert i teksten, so vert det plutseleg eit par avsnitt med bokmål. Det var jo framleis bruksspråket mitt på den tidi (2003-2005), og eg var ikkje van med å tenkja med nynorsk stemme (slik eg gjer no).

  3. Må si det er noe 70-talls over hele nynorsken. Ser for meg at de fleste som skriver nynorsk har mye skjeggvekst.

     

    Hm, eg tykkjer det er sers mykje 2032-aktig med nynorsken. Ei framtid der ein endelegt hev funne fram til det rette riksmålet. :love:

    Jeg bare lurer, man kan vel ikke skrive "hev" istedenfor "har"? Finner ikke noe om det i ordlista på http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

     

    Høgnorsken er ei herleg privat norm.

     

    Det finst ingen krav um at me må fylgja staten sitt språk. Sidan dei prøvde å øydeleggja nynorsken med samnorsken, der dei gjorde han ekstremt laus, so samla nokon av oss seg um ein stramare norm.

     

    Det er faktisk den nynorske normi som hev flest brukarar. Altso alt flest folk segjer «eg skriv denne normi».

     

    Eg kjenner eigentleg ikkje til nokre andre strame nynorsknormer. Eg byter lett til ei anna norm dersom det kjem ei som er stram og konsekvent og vil verta utbreidd, men framlegget til denne nye nemndi er verkeleg heilt bak mål.

     

    Det opnar for mykje større rot i den vanlege nynorsken. Dei tek inn mange av sideformene til hovudformer, og gjer dimed den «brukte» nynorsken mykje vidare. Etter det so fjerner dei nokon små, sære, aldri-brukte ord. Kva vert resultatet?

     

    Rot.

     

    Eg ynskjer å skriva etter ei stram norm, helst regelrett og konsekvent. Difor likar eg høgnorsken, men eg er ikkje noko stort språkmenneske. Eg hadde gjerne sett at me hadde fengje ei norm som var stram og fylgjerett.

     

    Det er nok diverre lite truleg at høgnorsken fær større fotfeste enn han allereide hev (men likevel, det er høgst sannsynleg den private formi med flest brukarar(!)). Eg liker godt høgnorsken med tanken um at stramt, regelrett og fylgjestrengt er bra. Eg meiner det gjer han til eit enklare språk å læra og skriva.

     

    Men altso, hadde me fengje ei nedskjært, stram norm som eg pratar um (og som me vart lova!) so hadde eg glatt byta på dagen. For felleskapen :thumbup:

  4. Ja, no er det vel fleire år sidan sist eg skreiv noko på diskusjon.no

     

    Det ser faktisk ut som at alle i denne tråden hev vorte medlem etter eg slutta å vera aktiv :-)

     

    diskusjon.no er litt interessant for min del, av di eg skreiv bokmål heilt til halvvegs inn i VG3. Eg hadde vore aktiv på diskusjon.no lengje då, og såg opp til dei som skreiv nynorsk. Hang mest i GNU/Linux-kategorien (som vart teken vekk, det var då eg slutta), og der skreiv dei flinkaste folki nynorsk.

     

    Eg bytte til nynorsk dagen etter eg kom yver ei tilfeldig netside der det stod;

     

    1. på VGS kann du velja kva språk du vil skriva, og
    2. det hev ingenting å segja for karakteren din, han vert utrekna slik (hovudmål pluss sidemål delt på 2).

     

    So eg bytte, og gjekk frå 3-ar i nynorsk til 5 på ein månad. Ganske enkelt av di eg berre byrja skriva det på fritidi (og her på diskusjon.no, eller hardware.no-forumet som det vel heitte då). Då eg gjekk ut fekk eg ein haug 6-arar i norsk. Lærarinna mi hadde ingen tru på at det var lurt for meg å byta av di eg var so dårleg. Dessutan var det ein rein bokmålsskule midt i Stavanger og administrasjonen måtte då plutseleg laga nynorske parallellutgåver av uppgåvene :p

     

     

    Moro å sjå at nynorsken held stand her framleis :-)

    • Liker 1
  5. Kjørte omtrent samme turen i mars/april i år, men brukte 4 uker (og var innom mange flere steder), men kunne gjerne hatt 4 uker til :-)

     

    Når du leier bil, enten gjennom Hotwire eller AutoEurope eller andre, blir det som regel store tillegg. Du betaler for første fulle tank, og leverer med tom (yeah, right), dette står i avtalen. Du kan velge ekstra forsikringer, slik at du ikke betaler noe ved ulykker etc. På Hotwire fikk du tilbud om forsikringer fra dem i stedet for fra leiebilselskapet da du booket, men jeg sjekket ikke hva som var rimeligst. Dersom du velger en bil gjennom Hertz, AVIS eller en annen av de store, får du som regel bilen med full tank, og leverer med full tank. CDW og ev PI kommer i tillegg der også.

     

    Kor mykje betalte du?

     

    Å leiga bil kostar ekstremt mykje, elder, vel, mykje dyrare i Noreg - men likevel. Me skal vera i USA (vestkysten) i 60 dagar no. Leigebil for heile turen vil kosta 16000, og det er utan all form for forsikring. So der me eigentleg tenkte å leiga bil/bruka bil til det meste, so vert det nok veldig mykje mindre. Meir Greyhound-bussar.

     

    Men me må nok prøva oss på ein eller tvo køyreturar, men for oss er det viktugaste pris. Kann berre gjera so-og-so mykje på studielånet, det er ikkje ubegrensa :p

     

    Forsikringane er spesielt irriterande. Båe vanleg reiseforsikring, men òg bilforsikring. Vandt å få oversikt o.l. Ser ut til at Travelguard er det beste etter eg hev brukt tallause timar på å finna utav reiseforsikring. Fristar stort å berre vera jysla forsiktig. Me hev jo aldri i 23 år gjort noko skade som ei forsikring ville dekkja oss for likevel. Vondt å sitja med 1.000.000 i erstatningsandsvar, men det skjer jo utruleg sjeldan. Skumle greier iallfall. :)

  6. Eg k om inn endå ein gong - då stod det der tryggleikstullet der (som ikkje var der tidlegare), fekk logga inn og søkt på ACDC og gjekk til billettinging. Men der heng det og kjem i ventekø att...

     

    Forresten, eg brukte tvo fanar. Er det slik at me som fær tryggleiksmeldingi er utolmodige og opnar fleire vindauga?

  7. Eg hev vore inne på den der sida der dei viser biletter so mange gongar no. Men han heng på "behandler" og fær den helvettes internal server error. Det er alt for mange brukarar.

     

    BAH. Eg prata med folk utanfor Spektrum i går kveld, koseleg -- men eg hev fengje forl lite svevn heile helgi, kunne ikkje sova ute.

     

    No vert kjærasten leid seg, ho pratar um ACDC kvar annan dag og vart i hundre då ho høyrde at dei skulle ha konsertar - so vart ho i hundre då dei kom til Noreg. Menmen, me fær prøva å skaffa billettar i utlandet.

  8. Hei,

     

    eg hev jobba ein del for ein kanadisk musikar. Hev reist litt rundt med han og filma ein slags «reiseserie».

     

    Han skal til Florø no komande helg, og eg er heilt uppteken med andre ting. Han ser etter ein kameramann for den helgi. Du treng utstyr (video og ljod), eg hev filma med Panasonic HVX 200 (på DV-kassettar) og med ein shotgun på kamera.

     

    Gje eit lite pip um du er interessert elder treng meir informasjon. Kann senda epost til odin.omdal på Google sin epostteneste (det vert gmail).

     

    Det er betalt.

  9. Hmm.

     

    Må seia meg ueinig. Eg er då slett ingen tapar :-)

     

    Vil ikkje sei eg synest sumarleirsidone hev meg i målgruppa då, trass i at eg båe er målmann og fråhaldsmann. Men sumarleiren er so vidt meg kjend retta mot dei litt yngre av medlemsmassa til NMU. Altso 14-18 år vil eg tenkja meg.

     

    Forresten so er sumarleir med NMU fantastisk morosamt. Men det er nok best um folk som hev lyst kjem kjem. Dei som helst ikkje vil, bør absolutt ikkje dra.

     

    Og ja, eg skal på NMU sin sumarleir i år same korleis leirsidone ser ut. :-)

  10. ... er på besøk og låner en gammel haug pga min er krasjet. Hun har ikke bluej, eller noe på den maskinen også kjører hun linux. ...

    8734190[/snapback]

     

    1. Linux? For ei kul jenta!! :cool:

     

    2. Det er berre å leggja inn Java då - er ikkje vanskeleg. Dessutan hev ho nok allereie ein enkel java inne, og når eg ser på den oppgåva der so vil ein ikkje trenga noko anna enn ein enkel Java.

     

    3. BlueJ? Wtf? (ser på det) Æsj... Jaja, det er i Java, so det er jo berre å leggja inn å køyra.

     

    Elles er eg heilt utruleg overraska yver at du hadde eit problem med denne oppgåva. Det må jo stå noko i lærebøkene um dette? Det er jo det fyrste ein lærer. Godt eg ikkje valde å gå informatikk på UiB.

  11. "saml." er en helt vanlig forkortelse, og i den sammenheng det stod i burde du virkelig gå inn for det for å ikke forstå det.... Forøvrig skriver jeg det jeg vil, verken mer eller mindre.

    Aldri sett han, og forstår ikkje kvifor nokon vil bruka ei slik forkorting. Er ikkje akkurat vanskeleg å skriva «samanlikna» i staden for «saml». Hadde vore betre med «s.l.» i so fall. Men forkortingar er for det meste teite.

     

    Nei, eg gjekk inn for å forstå det. På same måte som ein forstår når nokon skriv «Eg skal ha lamme lår i dag»; men det tek tid. Og denne gongen tok det *masse* tid. Skriv han «samlet»? Skriv han «samlingen»? Det kunne stått det. Du hadde vore dårleg å konstruera setningar i so fall, men det finst jo folk som gjer slikt.

     

    «...så ser jeg ingen vits med denne samlingen med Ubuntu (blabla)», kunne godt forstå det slik. Dessutan skreiv du ikkje «saml.» men «saml». Men det er ein tullete sak.

     

    "Elles meiner eg du hev feil".

    Les Wikien du så ser du at jeg ikke tar så feil, et sentralt mål er bare å spre kunnskap om hva som er mulig med Linux(les: hvilke programmer som finnes). Pakkene skal også samkjøres, de har bare ikke kommet så langt enda. Så det er en ikke tiltenkt forskjell som vil forsvinne.

    8589712[/snapback]

     

    Eg meinte at du tek feil når du seier det ikkje er nokon vits med Ubuntu Studio.

     

    Tingen er; med Ubuntu Studio fær ein alt dette på ein DVD - enkelt og ferdig installert. Ikkje noko knoting med å installera ting i etterkant. So, igjen, ja – det er «poeng» med Ubuntu Studio. Ikkje for deg kann henda, men operativsystemet er ikkje poenglaus berre av di du ikkje treng det.

  12. Eg jobbar med film/video, og nyttar ein del fri programvare. Men mitt videoredigeringsprogram er Final Cut Pro, so det er ikkje fri programvare.

     

    -- Men altso; til TV finst det fri programvare (Shotcut er laga for ein indisk nyhendedesk). Dessutan testa eg nett OML og jbatch som er eit rammeverk for store TV-studio.

     

    Med Blender, Gimp og Inkscape hev ein kjempegode grafikk-program til Linux. Eg nyttar desse heile tidi. Er kort innom Scribus òg. Elles er det fleire firma som lagar film/video med Cinelerra. (Ok, eg nyttar ikkje Blender noko serleg, eg hev ikkje grafikkort til det (hekkans ATI) - hev òg Cinelerra inne, men ikkje brukt det til noko).

  13. Ikoner, themes, splash osv finner du på gnome look, programmene ligger vel i den vanlige pakkebrønnen - så utover at de vil spre kunnskap om programmene de har valgt(ifølge dem selv), så ser jeg ikke noen poeng med denne saml med Ubuntu(og andre...) distroer. Likte utseende på den - ikoenen var flotte.

    8588606[/snapback]

     

    Ikkje skriv «saml» når du meiner «sammenlignet». Eg bruka masse tid på å forstå kva du meinte. (Las «samlingen»)

     

    Elles meiner eg du hev feil; dei hev polert ein del ting og gjev kreative menneskje eit «ferdigpakka» operativsystem. Å finna ut alt du treng for å få Ardour til å fungera er ikkje lett. Forresten hev Ubuntu Studio ein del pakkar vanleg Ubuntu ikkje hev (Ardour2 mellom anna).

     

    So du meiner ikkje det er vits med Xubuntu og Kubuntu? Dei gjev jo endå større forskjell enn Ubuntu/Ubuntu Studio då, men studio-versjonen set opp ein del ting for ljodarbeid. Dessutan fær ein RT-kjerna som standard um ein vel å installera ljod-delen.

     

    Dessutan er jo utsjånaden tøffare enn Tomas-toget.

  14. Eg hev motsett erfaring. Som langtids Linux-brukar finn eg Windows sers vanskeleg. Det er jo eit faktum at det faktisk *er* vanskeleg.

     

    Men for å heller svara på spørsmålet; du vil dela filer. Samba er dritenkelt å setja opp, fylg http://ubuntuguide.org um du ikkje finn utav det sjølv.

     

    FTP finn du òg der. Men SCP/SFTP/SSH er enklast, berre installer ssh-server, so er du «god til å gå» (:p).

  15. Då vart Ubuntu Studio sleppen i dag. Yver ein månad for seint, men heller seint enn ein distro som ikkje er ferdig.

     

    Distroen er ein underdel av Ubuntu (som Xubuntu), og pakkane finst sjølvsagt for vanleg Ubuntu – ein må altso ikkje bruka Ubuntu Studio (sjølv um han er meir polert for formålet (eigen kernel osb)).

     

    Dei hev prøvd å laga ein distro for kreative menneskje, og hev teke med ei god pakke program for ljod, grafikk og video. Hovudprogrammi:

     

    Ljod

    Ardour 2

     

    Grafikk

    Blender

    Gimp

    Inkscape

     

    Video

    Cinepaint

    Kino

    PiTiVi

     

    (altso ingen Cinelerra, men det finst Ubuntu-arkiv for Cinelerra på kiberpipa)

     

    Sjå skjermbilete og last ned på

    http://ubuntustudio.org/

     

    (sida er nede, men de kann få torrenten um nokon vil lasta ned:

     

    http://www.velmont.net/UbuntuStudio_7.04.torrent )

×
×
  • Opprett ny...