Gå til innhold

Xyril

Medlemmer
  • Innlegg

    245
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Xyril

  1. Ingen som tvinger nokon til å dra, eller betala 810 for kvar billett. Slutt å syta.

     

    Eg tykkjer også 810 kroner er mykje pengar, men eg har slett ikkje noko problem med å punga opp. Å sjå dei levande legendane Rolling Stones (for fyrste gong i mitt høve) er noko eg har drøymd om lenge. Det er ikkje mange band eg ville ha betalt så mykje for, men Stones er definitivt ein av dei.

     

    Dette vert stort!

  2. Eit merkeleg problem dukka opp for ei veke eller to sidan. Kvar gong eg skal prøva å kopla meg til ein server, kjem eg så langt som til "precaching resources" før spelet frys heilt, og eg må anten skrua dataen av og på att, eller ctrl-alt-deleta ut av det. Eg gjorde ikkje noko særleg før det skjedde, eg har reinska dataen for virus og andre ymse ulumskheitar. Drivarane er også rimeleg nye.

     

    Eg har prøvd å sletta Steam og CS, for så å reinstallera begge att, utan at det hjalp. Eg prøvde å lasta ned DoD for å sjå om det funka, og det fungerte fint, så det er berre noko CS-relatert.

  3. Det høyrest jo veldig lovande ut. Eg får også prøve ut forsøksperioden for å sjå om det er noko for meg. Reknar med at det vert anten brite eller tyskar på meg.

     

    Men er den bærbare datamaskinen min god nok til å køyra spelet? Eg har sjekka minimumskrava, og den består så vidt der, men er jo ikkje noko moro å spela om ein må køyra det med den verste grafikken, og det laggar like så.

  4. Hallo.

     

    Eg lurte på om det er nokon som speler/har spelt WWII online, og ikkje har noko imot å dela røynslene dei har frå spelet. Eg har spelt WoW i over to år no, slutta nett, og treng dimed eit nytt spel å ta fingrane i. Eg har sett på sidene deira, og eg kan jo få eit gratis prøveperiode på 30 dagar, men eg likar å vita kva eg går til før eg tek til på eit nytt spel. Som til dømes om det framleis er folk som spelar det, eller er det nesten utdøydd?

     

    Eg er klar over at dette spelet ikkje er like actionfylt som andre FPS-spel (som CS), men det avskræmar meg ikkje. Faktisk var det fokuset på realisme dei har noko av det som gjorde meg interessert. Om det er nokre andre spel i FPS-sjangeren som tar plass i ein av verdskrigane som er verd ei tilråding vil eg gjerne ha tips.

     

    Korleis er communityen. Er det berre public speling, eller finst det også turneringar og slikt? Eg hugsar eg bruka å spela BF1942-turneringar, med taktikkar, VT, samspel og slikt, og tykte det var særs moro. Public er jo moro det, men etter ein periode vert folk som driv på å drepa lagkameratar og styrta fly med vilje litt keisamt. Og med det rangsystemet o.a. som finst må det vera gunstig å vera ein del av eit "lag".

     

    Eg plar spela på den bærbare datamaskinen min, og undra også om den er kraftig nok til å køyra spelet. Det er altså ein Dell inspiron 6400, 1,6 Ghz, 1 Gb ram. Eg veit ikkje kva slags skjermkort det er, men det følgde med då eg kjøpte dataen, så det er nok noko standard Dell-greier.

     

    Det vart ein lang og klumsete tråd, men fekk vel sagt det eg skulle. Takkar på førehand for alle svar.

  5. Hei.

     

    Eg har ein Siemens C72 som eg har prøvd å få tatt ut SIM-kortet frå, utan at eg vert noko klokare av den grunn. Eg skal skifte mobiloperatør frå Telenor til Chess, så då må eg visst skifta ut heile SIM-kortet også.

     

    Veit nokon korleis ein gjer dette? Eg har tatt ut batteriet, og SIM-kortet ligg i ei lita lomme dekkja halvvegs av ein slags metallting. Så vidt eg har sett står det ikkje noko om dette i manualen heller.

  6. Hei.

     

    Eg kjøpte for to-tre veker sidan ein Dell inspiron 6400 frå Dell sine nettsider, og heilt sidan eg har fått den, har det vore mykje klatt med den. I det siste no har eg fått blåskjermer når eg prøver å starte den opp, slik at eg ikkje kjem inn i Windows utan å gå gjennom sikkermodus (som eg nyttar til å skrive dette innlegget).

     

    Heile feilmeldinga er som følgjer:

    "Det er oppdaget et problem, og Windows er avsluttet for å hindre skade på datamaskinen.

     

    IRQL_NOT_LESS_OR_EQUAL

     

    Hvis det er første gang du ser denne stoppfeilmeldingen, gjør du følgende:

     

    Kontroller at all ny maskinvare eller programvare er riktig installert. Hvis dette er en ny installering, ber du maskinvare- eller programvareprodusenten om Windows-oppdateringene du kan trenge.

     

    Hvis problemene fortsetter, deaktiverer eller fjerner du nylig installert maskinvare eller programvare. Deaktiver BIOS-minnealternativer som bufring eller skygging. Hvis du må bruke sikkermodus til å fjerne eller deaktivere komponenter, starter du datamaskinen på nytt, trykker F8 for å velge avanserte oppstartsalternativer, og velger sikkermodus.

     

    Teknisk informasjon

    ***STOP: 0x0000000A (0xFFFFFFF8, 0x00000002, 0x00000001, 0x805256F0)"

     

    Dette er ikkje første gongen eg ser stoppfeilmeldinga, så eg har prøvd å berre starte maskinen på nytt. Det ender berre med at eg kjem inn på same blåskjerm igjen.

     

    Denne gongen skjedde det etter at datamaskinen klikka medan eg prøvde å spela World of warcraft samstundes (!) som eg ville høyra musikk gjennom Windows media player. Dette likte ikkje datamaskinen, og eg måtte starta maskinen på nytt. Eg har også alltid hadde probleme med ytelsen på denne maskinen, og eg maktar for det meste ikkje sjå film eller høyra på musikk utan at lyden og biletet er hakkete.

     

    Eg har ikkje installert noko ny programvare, og eg har ikkje lagt til nokre nye hardwarekomponentar så lenge eg har hatt datamaskinen. Dell har ein systemgjenopprettingsfunksjon som eg har prøvd å bruke til å skrua tilbake systemspesifikasjonane ein dag for å prøve å fiksa dette, utan at dette hjalp.

     

    Hardwarespesifikasjonane er standard for Dell inspiron 6400 (1,6 Ghz), berre at min maskin har 1 Gb minne i staden for 512, og eg har 80 Gb harddisk i staden for 60 Gb. Eg har ikkje lagt inn noko spesielt på den, berre nokre spel, og bileteprogram og slikt. Utanom det er maskinen akkurat slik eg fekk for nokre veker sidan. Eg har allereie måtta ringja Dell tidlegare for å klage på eit "øydelagt" batteri, så så langt ser eg ingen grunn til å vera nøgd med denne dritten Dell har servert meg.

     

    Dersom nokon kan hjelpa, hadde det vore glimrande.

  7. Hei.

     

    Eg kjøpte for ikkje så lenge sidan ein Siemens C72-mobiltelefon hjå Expert. Det er den første skikkelege mobiltelefonen eg har hatt, og den har ein morosam kamerafunksjon som eg har hatt mykje moro med. Problemet er berre at desse bileta gjer lita nytte for seg berre liggjande på mobiltelefonen, så eg skulle gjerne få overført dei til den bærbare datamaskinen min. Korleis gjer eg det? Eg har sjekka brukarmanualen, men det står heller lite om det.

     

    Eg har prøvd å sende MMS til e-postadressa mi, men då kom berre e-posten fram utan noko vedlegg. Eg har også prøvd å loggja meg på e-posten min via WAPen på mobiltelefonen, men det vart berre tull. Eg trur ikkje denne mobiltelefonmodellen støtter blåtannteknologien, og eg har heller ikkje sett opp noko slikt på denne bærbare maskinen.

     

    Må eg kjøpa ein kabel som går frå mobiltelefonen inn i ein av USB-portane på den bærbare datamaskinen? Dersom ja, kvar får eg tak i ein slik, må eg kjøpa ein som er spesifikt knytta opp til akkurat dette mobilmerket/-modellen, og kor mykje må eg rekna med å punga ut for ein slik kabel?

     

    Takk.

  8. Ettersom eg byrjar å studere no i august, og eg ikkje har tilgang til fasttelefon der eg flytter, treng eg å kjøpe ein mobiltelefon. Hatt mobil i eit par månader tidlegare, og forbruker er ikkje stort (type 150 kroner over 6 månader), så treng ikkje rare greiene.

     

    Finst det nokre bra tilbod for tida, som omhandlar ring kontant og sjølve telefonen? Eg tenkte noko i retninga av absolutt maksimum 200-300 kroner. Speler inga rolle kva slags telefon det er, og kva slags ekstrating den har, sidan den berre skal brukast til å ringja og senda meldingar med likevel.

  9. Var usikker på om denne posten skulle legges under "nettverk" eller "internett", så bare flytt den om dere synes den ikke passer inn her.

     

    Etter datamaskinen min ble angrepet av virus mens jeg fremdeles hadde Windows XP SP1, fant jeg ut at jeg måtte installere SP2. Har prøvd SP2 en gang tidligere, men fant jeg ut at jeg måtte formatere det og legge inn SP1 igjen, siden internettet på SP2 da også heller ikke virket. Nå klarer jeg ikke å skaffe en SP1-CD, så jeg har ikke noe annet valg enn å prøve å fikse problemet.

     

    Jeg kobler meg til internett gjennom en D-Link DI-614+ trådløs ruter via en D-Link DWL-120 nettverkskort. Når jeg har installert SP1 tidligere, har det bare vært å følge instruksjonene i manualen som følger med nettverkskortet, og jeg har vært i stand til å koble meg til ruteren uten problemer.

     

    Nå når jeg har installert SP2, går ikke det lenger. Jeg klarer å finne ruteren i listen over tilgjengelige tilkoblinger, men jeg klarer ikke å koble meg til. Det er ingenting i veien med signalet mellom ruteren og nettverkskortet, siden de står akkurat samme plass som da jeg hadde SP1 installert. Jeg har heller ikke endret på noen andre innstillinger enn de som er standard for Windows, altså akkurat de samme som da jeg hadde SP1 innlagt. Som sagt har jeg hatt SP2 installert en gang tidligere, og jeg fikk aldri internettet til å virke da heller, så dette er ingen engangshendelse. Lyset blinker også på nettverkskortet og viser at det er installert på korrekt måte.

     

    Jeg har prøvde både å ta ut strømmen på modemet og på ruteren for så å sette de inn igjen, uten at det utgjorde noen forskjell. Finst det noen innstillinger som har blitt endrer fra SP1 til SP2 som kan være årsaken, om som jeg trenger å "skru tilbake"?

     

    Har noen ideer om hvorfor dette ikke virker? Fysisk skal det ikke være noe galt med tilkoblingen mellom de to enhetene. Finst det noen innstillinger vedrørerende nettverk Microsoft har endret på når de gikk over fra SP1 til SP2? Jeg har også prøvd å laste ned Microsoft Patch (KB884020) som skal fikse et lignende problem med internett etter installering av SP2, legge det inn og installerte medfølgende "fixreg.reg" uten at det hjalp.

     

    På forhånd takk for alle innspill.

  10. Det er nok ikkje sjølve internettet det er noko galt med. Som sagt verkar internettet heilt fint på den maskinen som er kopla via kabel til routaren. Eg trur nok no at det er i signalet problemet ligg. Vi har også ein bærbar datamaskin. Den har vanlegvis god kontakt med routaren, men når den er i det rommet datamaskinen eg har problem, finn den ikkje nettverket i det heile tatt.

     

    Er det nok å bytta ut nettverkskortet, eller må routaren også byttast ut? Er det mogleg å kjøpa ein ting som kan forsterka signalet? Trekkja ein kabel frå datamaskinen inn i routaren er ikkje mogleg, sidan kabelen då må vera 50 meter, og vil vera til stor plage for folk.

  11. Hei.

     

    Vi har to stasjonære datamaskinar i huset, som begge er kopla til routaren. Ein maskin står i første etasje, rett ved sida av routaren, og på den er ein kabel nytta til å kopla seg til routaren. Her verkar alltid internett fint. Eg har også ein maskin ståande i kjellaren, min maskin, der eg har store problem med internettilkoplinga. Vi har kabelinternett, 1024/256.

     

    Routaren er av type D-Link DI-614+, og det trådlause nettverkskortet i min datamaskin er D-Link DWL-120 (USB-kort, slik at eg kan plassera det oppå skjermen, der det er nærast routaren). På denne maskin får eg alltid signalet "very low" eller "low". Internett fungerer av og til heilt fint, men vanlegvis klarar eg ikkje kopla meg til internett, sjølv om eg har kontakt med routaren.

     

    Eg har omstarta modemet og routaren og skrudd av og på straumen på begge mange gonger. Eg har også tatt ut kabelen inn til nettverkskortet, for så å setja det inn igjen. Eg har reparert tilkoplinga på begge maskinar mange gonger, både ved å trykkja "repair", og ved å "release" og fornya IP-adressa under "start - run - cmd". Eg lasta nett dei nyaste drivarane til kortet frå Windows Update, men det hjalp ikkje.

     

    Eg spelar World of Warcraft, men det er vanskeleg når internettet er slikt. Ein sjeldan gong har eg 100-300 ms og alt fungerar fint, men som regel er "latency bar" raud og eg har fleire tusen ms. Då kan eg kan skriva ting som vanleg, men det eg skriv kjem ikkje opp på skjermen for meg sjølv og andre å sjå. Alt rundt meg stoppar opp, men eg kan framleis røra på meg. Eg kan ikkje snakka med andre personar eller koma i kontakt med datastyrde karakterar (NPC'ar). Eg snakka med ein person inne i spelet som hadde same problem som meg, og det synte seg at han hadde også ein D-Link-routar.

     

    Kva kan problemet vera? For dårleg signal? I så fall tykkjer eg at det er merkeleg at internett fungerar heilt når det faktisk verkar, og eg kan lasta ned på over 100 kb/s. Eg har vanlegvis framleis kontakt med routaren når internettet er nede.

     

    Er det mogleg at routaren eller nettverkskortet er øydelagt? Kan eg då få nytt utstyr? Eg var ein gong på LAN hjå ein kamerat. Eg kunne då kopla meg til det trådlause nettverket deira, men eg hadde problem med internettet og å spela på internett. Han eg var hjå hadde ingen problem. Det enda med at eg kopla ut det trådlause nettverkskortet, og drog ein nettverkskabel frå datamaskinen inn i routaren.

     

    Eg set pris på all hjelp og alle innspel.

  12. Takk for all hjelp.

     

    Club3D GeForce 6800 128MB Skjermkortet såg ganske kjekt ut, men det var frykteleg dyrt, så eg trur kanskje eg skal gå for PowerColor Radeon 9800 PRO 128 MB. Kjem eg til å merka mykje skilnad frå det gamle Gainward Geforce 4-kortet med det kortet, eller er det nesten ikkje vits med så liten skilnad?

     

    Eg er ikkje frykteleg kresen, så men burde eg likevel investera i nye 256 Mb, eller er det ikkje naudsynt? Kan nokon då gi meg ein link til den typen RAM eg burde kjøpa (på PCUtstyr, sidan det er der skjermkortet er billegast). Eg har frå før 2 x 256 Mb DDR Twinmos-RAM.

     

    Doom 3 var berre eit døme, eg har ikkje eingong prøvd det, men eg vil vera i stand til å køyra slike spel dersom eg ynskjer det.

     

    PS: En real nynorsking. Dem er det ikke mange av

     

    Det stemmer. Eg er nynorskmann til opp over hovudet.

     

    Rekner med det er Skjermkort og ram du meiner.

     

    Sjølvsagt. Det går berre litt for fort i svingane, og hjernen jobbar ikkje like raskt som fingrane gjer.

  13. Slik ser datamaskinen min ut i dag:

     

    Abit IC7 hovudkort

    P4 2,6 GHz

    Gainward Geforce 4 Ti4200 128 Mb

    512 Mb DDR-ram (2 x 256 Mb, totalt 4 plassar)

    Soundblaster Live! 1024

    Western Digital 120 Gb harddisk

     

    I første augekast ser det ut for meg som om denne datamaskinen kan køyra det meste i rimeleg god grafikk, men det kan det altså ikkje. Eg vil vera i stand til å køyra dei nyaste spela (til dømes Doom 3 og Sims 2) i bra høg oppløysing.

     

    Kva for nokre delar bør eg bytta ut, og til kva skal eg bytta dei til? Er 512 Mb ram for lite? Bør eg ha ei ny brikke på 512 Mb, eller to til på 256 Mb kvar? Eg reknar med at grafikkortet ikkje lenger er det aller beste. Kva bør eg bytta det ut til? Grafikkortet og skjermkortet bør absolutt maksimum ikkje overstiga 3000 kronar.

     

    På førehand takk for all hjelp og alle innspel.

  14. Jeg prøver å oppdatere firmwaren på routeren. Da får jeg beskjeden:

     

    Please read before upgrade:

    Do NOT upgrade firmware from a computer with a wireless connection. Use a computer that you can connect to the router using an ethernet cable. You may damage the router due to the increased packet loss with a wireless connection.

     

    Hva vil det si? Jeg har en datamaskin i første etasje som får internett gjennom routeren, og en datamaskin i andre etasje (rett ved siden av routeren) som kjører internett gjennom kabelmodemet. Jeg skal innstallere firmwaren på datamaskin nr. 2, blir det noe problem da? Jeg vil nødig "damage the router due to the increased packet loss with a wireless connection".

  15. Du kan prøve å koble den til med kabel, da får du vite om det er routern eller kortet det er noe feil med...

     

    Dersom du kjører win xp, windowstasten+"R"=>skriv "cmd" =>Skriv "ipconfig" Hva kommer opp på skjermen da?

    ¨

    En venn av meg hadde akkuratt samme problem, da hadde han greid å miste en fil som ga ham ip-adresse. ikke spør meg hvordan han greide det.

     

    Hvordan klarte han å fikse det problemet? Det er alltids verdt et forsøk.

×
×
  • Opprett ny...