Gå til innhold

Xyril

Medlemmer
  • Innlegg

    245
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Xyril

  1. Kva du enn gjer, ikkje kjøp billett på svartebørsen no. Kom februar, då byrjar haiane å verta nervøse og dumper prisane. Då skal ein ikkje sjå vekk ifrå at ein billett kjem på under tusenlappen. Det har eg gjort mange gonger, og eit par gongen har eg til og med endt opp med å betale mindre enn utsalspris (Rolling Stones i fjor, og Kiss i år til dømes).

     

    Hjå meg står det no mellom å halda tunga rett i munnen og våga venta på at prisane skal stabilisera seg, eller prøva å skaffa billettar i Tyskland eller liknande. Eg skal iallfall på ein AC/DC-konsert, det er sikkert og visst.

  2. 11:40 : Ståplassar utseld. Eg fekk ikkje tak i. Stått i kø i tre timar for å koma inn, og så er det ikkje ledige billettar. Når eg skulle sjekka om det fanst ledige sitjebillettar, vart eg hiven sist i køen igjen.

     

    Når eg ser at Billettservice går ut i avisa og seier at "noko slik har aldri skjedd før", vert eg eitrande forbanna. Dette skjer kvar einaste gong eit stort namn kjem til Noreg. Billettservice, som skal vera nummer 1 i sal av arrangement, maktar ikkje eingong å få tak i eit system som klarer å tena dei vitjande.

  3. La meg se om jeg har forstått det rett (Ja, jeg vet at framstår som ganske tett, men jeg vil bare være 100% sikker siden det er AC/DC)

     

    Dersom jeg velger å kjøpe biletten via posten, får jeg kun et referanse nummer via e-post eller noe, så tar jeg med det nummeret på posten, betaler og da får jeg biletten(e) min(e)?

     

    Foresten, er denne tjenesten støttet av alle postkontor, og kan jeg skrive ut betale og ta ut bilettene mine på feks. Narvesen i Oslo, når jeg har min livenation bruker konto har leveringsadresse Lom?

     

    Ja, du får eit referansenummer. Så går du til næraste Narvesen eller liknande og henter billetten. Aller fleste postkontor/liknande har billettar liggjande, og du får ein av dei. Det har ingenting å seie kvar leveringsadressa di er. Du går til det postkontoret som ligg nærast. Du kan hente billetten i Lom, i Oslo eller kvar som helst annan stad i Noreg.

     

    Det er iallfall det eg har gjort alle gongene eg har tinga noko frå Billettservice, og byrjar å få eit par konsertar på samvitet etter kvart.

  4. Helvete as, hvis jeg steller meg i kø og eksempel er nummer 40. Da tar det drit lang tid før det er min tur da og da er sikkert billettene utsolgt. Lønner det seg egentlig å stelle seg i kø utafor spektrum? Hvordan fungerer det, kanskje jeg skal gå helt først og spørre han som står der om han lar meg stå ved siden av for 500kr.

     

    Hvis jeg sitter på to pcer og ringer med to telefoner samtidig. Er sannsynligheten stor da?

     

    Trener svar fra noen rutinerte, ikke noen datanerder som aldri har vært på en rockekonsert før. Sorry at jeg er frekk men er skikkelig despo her altså. Hvis admin absolutt må hæsje med inlegget mitt så venligst fjern kun de tre siste linjene

     

    Hilsen ROCKAHOLIKER

     

    Dei har ein viss prosent som vert seld over disk, og ein viss prosent som vert seld over internett/telefon. Om dama i disken er treig, har ikkje det noko å seie. Eg kjem sjølv til å både sitja på nettet og ringja konstant på telefonen. Du skal vera enormt heldig viss du skal koma gjennom på telefonen. Internettsida deira kjem til å bryta ned. Det gjer den alltid. Det er berre å sitja å oppdatera sida heile tida, og viss du er heldig kjem du gjennom. Du bør registrera deg som bruker på Billettservice.no i løpet av dagen, eller iallfall lenge før klokka 9 i morgon. Har skjedd meg ein gong at eg fekk tak i billettar, men medan eg haldt på å registrere meg vart eg hiven ut av sida, og kom meg aldri inn igjen.

     

    Simpelt, men det penger mann. Raske penger

    Er det også lame?

     

    Enormt lame og simpelt. Ekte fans driv ikkje på med svartebørs.

  5. Hallo.

     

    Eg har tenkt å kjøpa ny datamaskin (eigentleg i dag, men nokre komplikasjonar oppstod), som ser ut slik som dette.

     

     

    Planen var å kjøpa Sapphire Radeon HD 4850 og OCZ Vendetta 2, men no har det seg slik at skjermkortet er utseld på Amentio, der eg kjøper resten av utstyret frå, og ingen av nettbutikkane i Noreg ikkje får inn CPU-kjølaren på over to månader.

     

    Spørsmålet er då om det er nokon monaleg skilnad på dei ulike versjonane av 4850 som er å finna på Amentio, altså frå ulike produsentar:

     

    GAINWARD Radeon HD 4850 512MB GDDR3, PCI-Express 2.0, 2xDVI/ HDMI/ HDCP

    GAINWARD Radeon HD 4850 512MB GDDR3, PCI-Express 2.0, 2xDVI/ HDMI/ HDCP

    POWERCOLOR Radeon HD 4850 512MB GDDR3, PCI-Express 2.0, 2xDVI/ HDMI/ HDCP

     

    Kva, viss det er nokon, er i så fall skilnaden frå det opphavlege skjermkortet?

     

    Når det kjem til kjølaren, er det til mest på grunn av støynivået, samt at det skal halda ein temperatur i høve til stockkjølaren som rettferdiggjer prisen. Det kjem ikkje til å verta noko særleg overklokking. Eg såg på Noctua NH-U12P, men denne vart litt i dyraste laget (646,- frå Amentio). Eg planleggjer å leggja rundt 400 kr i den (frå Amentio).

     

    Takkar for svar, og god helg til alle.

  6. Dei som ikkje lasta ned frå den offisielle sida, og ikkje hadde tenkte å betala uansett, gjorde i så fall Radiohead ei teneste.

     

    Som sagt, eg tel med blant dei som lasta ned som torrent, men eg *betalte* på den offisielle sida, utan å belasta Rasiohead med kostnader...

     

    Jau, du har ditt på det tørre. Men å lata som om det var særleg nobelt at dei som ikkje hadde tenkt å betala, ikkje lasta ned frå den offisielle sida, er feil. Det var aldeles ikkje nobelt. Det var latskap, og særs dårleg gjort. Musikarane gjev fildelarane det vi har ropt på i lange tider, og dette er responsen dei får?

     

    Nokon vert aldri nøgde, viss ikkje eingong gratis er billig nok.

  7. Dette var rett og slett dårleg gjort av brukarane som lasta ned på torrent og andre kanaler utanom heimesida deira. Bandet leggjer ut albumet sitt gratis, og så er ikkje det godt eingong? Det er folk som dykk som har skulda viss dette "prosjektet" sluttar her og no.

     

    Nei, ser ut som om "lasta ned fordi det er så dyrt"-argumentet til mange fildelarar har vorte øydelagd. Her er det snylting for snyltingas skuld.

     

    I ettertid er jeg også skuffet over at de ikke lot tjenesten være permanent.

     

    Kvifor skal vel du bry deg? Du nyttar deg vel ikkje av tenesta uansett.

     

    Med det sagt har eg ikkje lasta ned albumet frå nokon stad, og eg som alle tykkjer ikkje fildeling er å stela. Men det får vera grenser over kor frekke folk er.

  8. Hallo.

     

    Eg planleggjer å kjøpe OCZ Vendetta 2-kjøler når eg no skal kjøpe ny maskin. Etter det eg har lese, har han ein noko utradisjonell utforming, og er høvesvis stor. Vil den passa i ein Antec P182-kabinett med eit Gigabyte GA-EP45-DS3-hovudkort?

     

    Det er visst også lite bruk av skruer under monteringa. Er den vanskeleg å montera, og er det nokon fare for at den plutseleg fell ut av der den skal vera og øydeleggjer ein haug med ting? Første gongen eg byggjer maskin sjølv, så litt uroleg for at noko slikt skal skje.

     

    Edit: Den skal for øvrig vera til ein E8400-prosessor.

  9. Dersom du er hardcore gamer er dette oppsettet utdatert i løpet av 3 - 6 mnd. Er du normal bruker, noe det at du har bruk en P4 så lenge indikerer, holder det nok i flere år.

     

    Har aldri prøvd stock kjøler, bruker konsekvent andre kjølere, primært for å få svært lite støy.

     

    Nei, er nok ikkje nokon særleg hardcore gamer, men er jo fint at grafikken er bra. Jau, bråk er ikkje noko eg er særs glad i heller, så er vel like så greit å byta stockkjølaren ut med noko meir spenstig. Har du nokre kjølarar til ein E8400 å tilråda, rundt 3-400-kronersklassen?

  10. Helt greit forslag etter min mening.

     

    Du kan sjekke X-bit labs test av 4850 og 4870 for å vurdere om du vil ha 4870 i stedet for 4850. Et alternativ er å putte i et ekstra 4850 i CrossFire etter hvert. Hovedkortet støtter det.

     

    DDR2 minne gir fremdeles klart mest for pengene. Du må uansett regne med å skifte ut omtrent alt ved neste oppgradering. Kabinett og PSU vil kunne leve lenge med så bra kvalitet på varene.

     

    Jau, då vert det 4850, og eventuelt eit kort til ein gong i framtida. DDR2 vert det også, dette skal jo vera ein "bang-for-buck"-datamaskin så langt det går an.

     

    Byta ut alt ved neste oppgradering, ja. Det høyrest jo moro ut. Kor lang tid trur du det vil ta før systemet er utdatert?

     

    Med tankje på kjøling, er det naudsynt å kjøpe ein kjølar utanom, eller held kjølaren som følgjer med prosessoren? Korleis er støynivået på stockkjølaren?

×
×
  • Opprett ny...