Gå til innhold

ÅdneD

Medlemmer
  • Innlegg

    1 392
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av ÅdneD

  1. i følge manualen, så har du ikke misforstått: "single - Hard drives are being handled independently as separate logical volumes where files are stored."

    men, det står også: "Note! Setting/changing the RAID mode requires formatting the drives. Make sure to backup all existing data first!"

    Takk for svar.

     

    Diskane var nye då eg satte dei i kabinettet. Eg formaterte dei, medan dei stod i kabinettet, før eg overførte filene til dei. Diskane som ikkje er lesbare i kabinettet fungerer heilt fint i docken. Alle filene er der.

  2. Hei,

     

    Eg er fotograf og har ein del bilete som treng backup. For ei lita stund sidan gjekk eg til innkjøp av eit Icy Box kabinett med plass til to harddiskar (link), og tre stk. 4TB diskar. Eg har tidligare brukt ein enkel Icy Box dock, utan problem.

     

    Tanken var å ha to diskar i kabinettet heime hjå meg, og ein heime hjå foreldra mine. Kvar gong eg reiser på besøk til dei tek eg med meg ein av diskane frå kabinettet og bytter ut med den som ligg hjå dei. På denne måten er alt lagra tre plasser, og ein av kopiane er trygg dersom huset brenn ned.

     

    Eg reformaterte diskane og overførte alle filene til dei. Kabinettet er stilt inn på "Single". Dette gjekk heilt greit, fram til eg skulle rotera diskane. Då eg satte disken som hadde vore hjå foreldra mine inn i kabinettet fekk eg beskjed om at den ikkje kunne lesast av maskina. Eg prøvde igjen seinare med den som eg hadde teke ut av kabinettet og fekk same beskjed.

     

    Dei to diskane som ikkje vert lest av kabinettet har begge vore i HDD2-sloten då dei vart formatert. Dei fungerer heilt fint i docken. Den disken som er i HDD1-sloten fungerer fint i kabinettet, men kan ikkje lesast dersom eg set den i docken (same feilmelding som på dei andre når dei er i kabinettet).

     

    Eg hadde håpa at eg kunne bruka kabinettet som om det var to uavhengige dockar, og trudde singel-funksjonen skulle fungera slik. Kva er det som har gått galt, og har eg misforstått kva singel-funksjonen gjer?

     

    Eit alternativ er å bruka RAID 1 i kabinettet, vil det fungera å bytta diskar slik eg ynskjer då?

  3. Heimbygda

    Kanon! Kinsarvik, ikke sant?

     

    (Sjelden har noe dårlig hotell vært så bra som det i Kinsarvik den dagen jeg kom ramlende ned fra fjellet etter å ha gått Hardangervidda på diagonalen.)

    Kinsarvik, ja.

     

    Heimbygda

     

     

    Flott bilde!

    Ser på flickr at eksponeringstida er 30sek, men har du satt sammen bilete av fleire eksponeringer? Mtp både detaljert stjernehimmel og lite utbrent bebyggelse...

    Er ein eksponering så godt som direkte frå kamera. Skarpa det opp litt, og justerte WB.

  4. Jeg mener at dagens punkter burde endres noe.. til feks 6 - 7 bilder pr. post, ett par poster i døgnet er nok (iallefall for meg), og bildene må ikke være i serie. :)

    Enig i at bileta ikkje treng vera serie, men å posta 7*3=21 bilete i døgeret er ganske mykje. Må huska at månedstråden ikkje er familiealbummet ditt, men ein plass du kan posta bilete du vl visa andre(dine beste, slik eg tenker). Det er ingen som produserer så mange bilete som dei er ordentlig stolt av på ein dag. Dersom ein har laga ein reportasje eller serie, som inneheld mange bilete, kan ein heller poste nokre av desse og ein link til resten. Eg gidd i alle fall ikkje bla gjennom utallige store og nesten identiske bilete kvar dag, då syns eg heller dei som poster kan velga ut dei bileta dei liker best. Det er ikkje om å gjera å legga ut mest mogleg, men best mogleg. Det er iallefall min meining.

    • Liker 4
  5. Driver å lager meg ny logo nå, og prøver finne en farge som kan brukes i logo, men får ikke bestemt meg, noen som har lyst til å prøve seg litt å hjelpe meg finne en farge som duger både på hjemmeside og som watermark?

     

    http://bjornlifoto.no/watermark/ny%20bj%f8rnli%20foto.png er png fil(2500x2500) av logoen, og her http://bjornlifoto.no/watermark/watermarked.jpg er eksempel på den i rød som watermark

    Syns det blir litt for dominerande å ha det inni ein sirkel.

  6. Hva med en brukt 15-85mm? 17-40 vil jeg i alle fall si er alt for snever som normalzoom på et cropkamera. Så store mirakler utretter ikke den røde ringen :)

     

    Jeg er enig at det kanskje er litt snevert, men det er jo hele pakken med L objektivene som er tiltrekkende.

     

    15-85mm er ikke et dumt forslag. Hvordan er den optisk i forhold til Sigma 17-50mm f/2,8 og

    Tamrom 17-50mm f/2,8?

     

    Takk for gode forslag.

    Vil påstå 15-85 er eit hakk under 17-50/2.8. Meir zoom og større maks blendar er generelt sett negativt. Framleis eit brukbart objektiv, men ikkje på nivå med dei andre.

     

    (Har ikje prøvd 15-85 så mykje som 17-50 og 17-55, så hadde vore greit om nokon som har prøvd begge skikkelig kunne komt med ein grundigare samanlikning.)

×
×
  • Opprett ny...