Den siste der skal eg absolutt gje deg medhald i, og la det til no.
Eg har tatt ein kikk på Steam, og for å vere heilt ærleg er det vanskeleg å ta mykje av det seriøst. Mange som har gitt tommelen ned har ikkje spelet i historikken sin ein gong, den som ligg på topp har spelt det i 15 minutt, knapt nok til å få laga ein karakter. Det er vanskeleg å legge mykje vekt på noko som legg så lite krav til speletid som Steam Reviews.
Eg toler veldig godt at folk er ueinige med meg,r, men eg meiner vi må diskutere på riktige premissar, og ha fakta på bordet. I dette høve er det mykje feilinformasjon ute og går, og det er den eg vil til livs. Det er difor eg seier folk enten lyg, eller er feilinnformert. For nesten alle påstandane er demonstrativt feil. Slik som at ein må betale for å få campingutstyr, at ein må betale for å skifte utsjånad, må betale for å teleportere. Dette er påstandar som har gått igjen hos dei fleste som angrip spelet. Og dei er feil. Du kan, men kvifor? Du får meir enn du brukar gjennom å spele.
Eg er ikkje ueinig med deg. Eg meiner ferdige produkt bør vere ferdige produkt. Eg mislikar mikrotransakjonsar, eg mislikar dlc, og kan ikkje fordra sesongpass for det vitnar om eit spel som ikkje vil la meg vere ferdig sjølv om eg har nådd rulleteksten. Men akkurat dette plagar meg ikkje, for det er så irrelevant at eg veit eg ikkje går glipp av noko som helst. Dei er i tillegg usynlege. Inne i spelet er det ingen hint om nokon butikk, ingen oppfordringar om å kjøpe noko. Du må avslutte og gå til hovudmenyen for å finne butikken.
Hadde dei selt sterkare våpen, sjeldne gjenstandar for bruk til å oppgradere våpen og rustnigar (langt viktigare enn nivået på in innleigd pawn), eller ein teleporteringskrystall med uendeleg bruk, og reklamert for det kvar gong du gjekk inn i menyane, då hadde eg vore einig. Når butikken tilbyr ting som totalt endrar spelet, er det manipulativ speldesign.
Dette framstår meir som eit noko kynisk forsøk på å presse litt meir pengar ut av folk ved å selge dei noko dei på ingen måte treng. Kult? Langt derifrå, men ikkje verre enn at eg himlar litt med auga og går tilbake til spelet.
Så kan ein sjølvsagt ta ein større diskusjon rundt mikrotransaksjonar og dlc og kva som er greit og ikkje, men av alle syndarane der ute, er Dragon's Dogma 2 så langt nede på rangstigen at dei knapt er synlege.