Gå til innhold

Cair Paravel

Medlemmer
  • Innlegg

    1 543
  • Ble med

Innlegg skrevet av Cair Paravel

  1. Mitt hovudverk, som blei gitt ut i 1691, bygde på mine mikroskopiske vevsstudium og omfatta mellom anna vaskularisert ernæring og akkresjon. Kanalsystemet som medierer førstnemnde består av blodkar i midten og lamellar liggande i konsentriske ringar rundt dette. Næringsstoff passerar frå blodkar på utsida av vevet, gjennom mindre kanalar til systemets sentrum, og vidare derfrå via canaliculi til lakuner og vevets karakteristiske typeceller.

  2. Og handelsruta var naturlegvis silkevegen, namngitt av onkelen Ferdinand von Richthofen.

     

    Ok, her kjem ei lita histologisk nøtt: Eg var britisk lege utdanna i Oxford, og vert idag rekna blant dei store pionerane innanfor eit lite felt av medisinen. Eg er særleg kjent for å ha gitt namn til eit viktig kanalsystem, som vi finn i ein bestemt type vev.

  3. Eg knekte av delar av nasa under ein slåsskamp, og brukte etter dette truleg ei protese av gull og sølv. Eg var astronom frå eit nærliggande land, og mitt arbeid la grunnlaget for ein annan vitskapsmann sine kjende lover.

×
×
  • Opprett ny...