Gå til innhold

rlidal

Medlemmer
  • Innlegg

    119
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av rlidal

  1. Hei

     

    Eg slo til på tilbodet til Clas Ohlsson i dag. Det var det siste kameraet dei hadde inne, og eg gjekk frå Bergen sentrum som ein litt gladare mann.

     

    Når eg no har haldt på med ein god del fikling og knipsing, har eg støtt på ein ting som uroar meg ganske kraftig. Når eg tek seriebileter eller har lang lukkartid, så kjem det ein veldig ekkel lyd frå huset (eventuelt objektivet). Det er ein slags låg skurring. Eg reknar med det skjer heile tida, men at eg merkar det ekstra godt ved lang lukkartid og serieknipsing.

     

    Er noko gale her?

     

    Det er jo då snakk om K100D Super.

  2. Canon grepet ble for lite for meg, Pentax satt veldig godt men tipper den ene de hadde igjen på Clas Ohlson på lørdag nå er gått.

     

    Tør eg spør om det var Clas Ohlsson på Bystasjonen i Bergen? Viss det, så kjøpte eg det siste i dag ;) Økonomen fekk siste ordet, og Pentaxen har ikkje akkurat fått lite godord slengt etter seg. Passar heilt herleg i handa, og no sit eg her og fiklar og tuklar med mitt fyrste speilreflekskamera. Hurra.

  3. Eg er i nøyaktig same situasjonen som deg. Akkurat dei same alternativa står eg òg med. Hadde det ikkje vore for kitobjektivet til D80, så hadde eg utelukka det utan betenkningstid. Eg ser for meg at eg kjem til å nytte kitobjektivet ei god stund etter at eg har kjøpt meg kamera, og då vil eg ha eit som er (relativt) lyssterkt og godt bygd.

     

    Spørsmålet kjem allikevel smygande innpå meg: er dette berre vellykka Nikon-propaganda, eller er dette objektivet så mykje betre enn Canon sitt og Olympus sitt dobbelkit som det eg innbiller meg?

     

    Og så har eg vidare høyrt at kitobjektivet til 450D kjem til å vera ei kraftig forbetring frå 400D sitt, og då er det fort ein kandidat òg. Iallfall dersom det kan kjempe mot D80-kitet òg. Prisen er jo ein del stivare, naturleg nok.

     

    Uansett må vel 4700 kroner vera skambillig for E-410 sitt dobbelkit. Det same gjeld for 400D-kitet til 4500 kroner (etter cashback). 7000 for D80 med 18-70-objektivet. Er det verdt det? D40 har eg nok kanskje gjeve opp. Materialisten i meg har lyst på noko litt betre og litt nyare, sjølv om prisen er farleg låg. Men dersom retorikarane har godord å dele om D40, så er det berre å prøve seg. Økonomen høyrer sikkert etter.

     

    Nokre kloke ord ute å går?

  4. er enig i att cd-en som følger med har et temmelig dårlig opplegg, men det funker hvertfall ikke om du ikke installerer den...

    Ok. No har eg installert programvara att. Kva no? Det verkar like dårleg som alltid.

     

    Hovudproblemet er jo at det ikkje er mogleg å slette det som eg, ved ei feiltaking, la inn i "Data library" i staden for "Music library". Alt dette er for øvrig musikkfiler.

     

    Håpar nokon kan hjelpe. Kva er forresten garantitida på denne?

  5. Punkt 1: eg var så uheldig (eller dum..) at eg la alle mine sangar inn på 'data library'. Greit nok, tenkte eg. Men eg klarar ikkje å slette desse sangane på nokon som helst måte. Så no ligg det ca. 4 gb med filer, som berre tek opp plass.

     

    Punkt 2: eg slit med å få programvaren til å virke. I begynnelsen så gjekk det mest i å finne spelaren. Nomad sa at den ikkje var tilkobla. Dette var jo feil... Men no har problemet gått over til at eg ikkje finn dei to alternativa (data library og music library) etter at eg har klikka på Creative Zen Touch (juhuuuu, den fant spelaren....).

    Eg lasta forresten ned ein annan programvare, Notmad Manager. Kan dette skape kluss i systemet?

     

    No (dette problemet er nesten 2 år gammalt) så har eg fått ny PC og ingenting er installert endå. Er det då andre ting enn den medfylgjande programvara som er betre å bruke?

     

    Punkt 3: er det nokon av dykk som veit kva som skal skje etter at eg har trykka på reset-knappen? Skal ikkje alle sangane slette seg, og alt det der....? Det skjedde iallfall ikkje. Eg merka ikkje nokon forandring etter at eg gjorde det. Og for å gjere det heilt perfekt, så er reset-knappen no øydelagd. Det blei den etter tre (3) forsiktige trykk...

     

     

    Kvifor må dei gjere det så jævla vanskeleg? Kunne ikkje berre spelaren kome opp som ein flyttbar enhet!? Eg klarar rett og slett ikkje å slette og leggje til filer på ein skikkeleg måte.

     

    Håpar nokon kan hjelpe meg, og vær så snill spør meir viss dykk treng.

  6. Noen som har bestilt fra ybs.no som har fått tv'en enda? (mcgi)

     

    Sitter her og lurer på om de har glemt bestillingen min =.= Står ikke at den er sendt på ordrestatusen, men der står det også mchk. Men de sa alle bestillinger var sendt uansett

    9496243[/snapback]

    Fekk min på måndag. Veldig nøgd med YBS. Så nøgd at eg bestilte min nye telefon derfrå. Eg la inn bestillinga kl. 01.30 den 13. september. Og klokka 11.00 den 14. september så hadde den vore på døra mi i Bergen. Diverre var eg ikkje heime, så den er no levert til det næraste postkontoret. Det er faen meg raskt.

     

    Det ser ut til at dei sjølv vèl kva postprodukt som skal nyttast. Servicepakke til tv-en min, medan eg fekk telefonen på døra. Og då har eg ikkje spesifisert det nokon plass.

  7. Hva er forskjellen på MCHK og MCGI? Virker som at dere er gla for å få tak i denne MCHK istedefor den nyere?

    Har mulighet til å få tak i MCHK, men må bestemme meg over helga, før det blir tomt.

    9451327[/snapback]

    bump? :hmm:

    9451704[/snapback]

    Saken er jo at MCHK har fått enormt mykje skryt (i forhold til pris), og det har gjort at mange henger seg på, og kjøper tv-en. Vert eit ganske "sikkert" kjøp når det er så mange og gode tilbakemeldingar. Har sjeldan sett eit så bra kjøpsargument som denne tråden.

     

    Når Tatung då plutseleg går tom og serverer oss ein ny tv (MCGI), så er me jo på ein måte tilbake til null. Ingen har erfaring med denne tv-en, og då er det ikkje eit like sikkert kjøp lenger.

     

    No har jo Tatung forsikra oss om at det skal vera ein like bra tv (den er òg i utgongspunktet dyrare), så eg trur jo det stemmer. Men som sagt, ikkje like sikker som eg hadde vore på MCHK. Og for all del, det er sikkert mogleg at den til og med er betre enn MCHK. Det får me sjå.

  8. Om jeg hadde hatt et trackingnr så hadde jeg jo ikke sagt at den sto som ikke sendt.

    :wallbash:

    9447556[/snapback]

    Ok, men eg hadde eit sporingsnummer lenge før den vart sendt ut i forrige veke.

    Til opplysning så stod det då berre at sporing ikkje var tilgjengeleg, som sjølvklart er greitt i og med at eg visste at den ikkje var sendt.

  9. Balder:

     

    EG har kjøpt minn gjennom stretto, men når eg ser på sporingsnr så står det kun melding om sending 060907 kl 17.18 Sandefjord? Kva vil det sei? Er den på veg eller har dei kun fått data fra Stretto?

    -------

     

    Då vil eg tru at den er på vegen sidan Posten kan spore den.

    Veit ikkje om Stretto opplyser Posten om at ein pakke no er klar på sitt eige lager.

     

     

    Satan så dårleg eg er til å mekke quoting sjølv!

  10. på ybs.no står det at alle tv'er ble sendt i løpet av i dag og i går, men på profilen min står det at ordren ikke er sendt. Dette er da mchk, for de har aldri endret det til mcgi.

     

    noen som vet om det er fremsiden eller ordrestatusen som stemmer? (noen som har sendt mail eller noen fra tatung/ybs)

    9444872[/snapback]

    Om du loggar deg inn på YBS sine sider og så går innpå ordren din, så kan du trykke på trackingnummeret (trur det er det dei kallar det). Då kjem du inn på Posten si pakkesporing, og då får du sjå om pakken din har kome seg ut på landevegen, og kor den i så fall har kome.

  11. pcutstyr hadde ein heilt annan policy, dei sa ingenting ifrpå til kundene og når eg spurte så tilbydde dei bare å endre bestillingen mot at eg betalte eit mellomlegg.

    9438808[/snapback]

    Dårleg. Kor mykje vart mellomlegget på?

    Kanskje du kunne rapportert det inn til Tatung. Det er trass alt dei som har bestemt at MCGI skulle tilbys, til same pris, til kundar som hadde bestilt MCHK.

  12. Då har YBS.no sendt ut sine tv-ar iallfall. Min er i Arendal no og gledar seg berre til å å kome til det vakre vestland.

     

    YBS sin policy i denne saka var å berre sende tv-ane ut, utan å spørje kundane fyrst. Det er vel for så vidt greit det, men då får tv-en iallfall vera like god (eller betre).

  13. Du kan se på tatung.no, der ser du at det er to forskjellige mcgi'er :)

    Men kan du se i manualen om du har 10ms responstid?

    9433621[/snapback]

     

    Det er masse tull rundt dette. Om du ser i tittelen til begge to, samt den enkle produktbeskrivelsen (http://tatung.no/produkter.html), så ser du at begge er oppført med 8 ms.

     

    Men om du ser i den produktbeskrivelsen (PDF-fil) som du kan klikke deg videre inn på, så ser du at BEGGE er oppført med 10 ms.

     

    MCGI: http://tatung.no/files/specifications/TATU...2MCGIAnalog.pdf

    MCGI ED1: http://tatung.no/files/specifications/TATU...IED1Digital.pdf

     

    Så ut frå spesifikasjonene er det INGEN forskjell i desse to tv-ane.

  14. Frå YBS.no:

     

    Torsdag 6/9 får vår leverandør inn Tatungs nye modell, V32MCGI. Den har samme spesifikasjon, men dog en nyere monitor. Prisen er i utgangspunktet noe høyere, men dere som allerede har bestilt TV'en betaler selvsagt ikke noe ekstra.

     

     

    Då ordnar det seg snart for oss YBS-kundar òg. Vil nesten at det skal drøye litt sånn at folk får litt erfaring med TV-en...

     

    Men kva betyr det når dei skriv at MCGI har ein "nyere monitor"?

  15. Ser at komplett har ein MCHK, demovare, til sals no. I tittelen opererer dei med 12 ms responstid, og då kontakta eg dei for å spør om dette. Til svar så sa dei at det er talet i headinga (altså 12 ms) som er det korrekte. Og då ikkje 8 ms som står i produktinformasjonen lenger nede (som visstnok ikkje dei står inne for. Det er kun opplysningar som dei får frå Tatung). Så spurte eg om det var pga at det var ei demovare eller feilvare. Men nei, det var rett og slett det som var det korrekte talet.

     

    Korleis kjem dei fram til det? Lyg Tatung i produktbeskrivinga? Det burde eg jo spurt om sjølv, men han sa rett og slett at 12 ms var det me måtte gå ut i frå.

  16. La også inn en hos PCutstyr. Regner med det er samme panel på MCHK og MCGI?

    9381568[/snapback]

     

     

    Viss du hadde lest det svaret som Tatung gav meg (ikkje så langt oppe i tråden) så hadde du visst at det er det. Iallfall det dei seier, og eg går ikkje rundt å trur at dei lyg til meg, sjølv om eg er litt i overkant skeptisk til heile situasjonen.

  17. Kordan tolker dere utalelsen frå Tatung, er 32" mcgi til samme pris som MCHK eit tilbud bare til dei som står på venteliste eller for alle ??

     

    Kjekt å vite sånn at eg eventuelt kan komme meg på ein venteliste...

    9379843[/snapback]

     

     

    Eg tolkar det sånn at det berre er dei som har bestilt som skal få dette tilbodet. Så om det går an å utnytte det no, så vil eg berre slenge meg på. Det verste som kan skje er vel at du ikkje får kjøpt MCHK (og det får du jo ikkje uansett).

×
×
  • Opprett ny...