Gå til innhold

rlidal

Medlemmer
  • Innlegg

    119
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av rlidal

  1. Hei

     

    Kor mykje har du lært til no? Det viktigaste er jo å få eit forhold til bokstavane, så å lære seg alfabetet er heilt elementært, tykkjer eg. UiB nyttar seg av ei bok som heiter "Alif Baa". Den er veldig bra, og har med DVD-ar som lærer deg korrekt uttale og skrivemåte.

     

    Eg går òg ut i frå at det er MSA (Moderne Standard Arabisk) du vil lære, og ikkje ein spesifikk dialekt (egyptisk, nord-afrikansk, levantisk).

     

    Vidare så har eg litt vanskeleg for å anbefale noko, då eg har fulgt løpet på UiB. Kan for øvrig anbefale det òg :) Eg ville uansett sjekka ut ArabicPod, men eg trur det vert eit litt for stort steg. Etter "Alif Baa", så har du ikkje lært nok ord, trur eg. Og gloselæring er nok det som er den største utfordringa når ein skal lære seg arabisk. ArabicPod har jo 'beginner' som eit nivå, og eg ville absolutt sjekka det. Gratis nedlasting av sjølve leksjonane (kostar litt dersom du vil ha transkripsjonar og slikt), og det er heilt naudsynt å ha arabisk rundt seg.

     

    Ei billig og fin bok er òg "Your First 100 Words - Arabic". Her er det mange nyttige gloser, og det er lagt svært pedagogisk opp.

     

    Lukke til iallfall.

  2. Nei, VGA kabel vil ikke hjelpe deg, da en skjerm på en laptop bruker en flat kabel som "klipses fast" (i mangel på en bedre måte å forklare dette på) hvis skjermene er identiske så er det teknisk mulig å bytte om på dem, men det er ikke spesielt lett og du burde ha brukermanualen framfor deg hvis du ikke har gjort det før. Hvis laptoppen din har støtte for deg, så kan du bruke VGA utgangen som eneste utgang (det gjør jeg på den laptoppen jeg bruker nå, etter at baklyset sa godnatt) men, da trenger du en vanlig skjerm å koble på "vga" utgangen.

    Takk for raske svar begge to. Då må den inn til reparasjon snarast.

  3. Du har nok defekt loddinger på skjermen i øverste del.

    Kan vel kanskje bli ødelagt av at man løfter PC etter skjermen, da man gjeren klemmer litt hardt på øverste delen, som igjen kan ødelegge kontaktpunktene.

     

    Men det fine ved det hele er at det går på garanti.

    Ja, det har eg gjort diverre. Men kor lenge varer garantien? Skal eg ta kontakt der eg kjøpte PC-en eller Acer?

    Takk for svar frå begge.

  4. Hei

     

    Eg er redd for at skjermen min snart går under. Eg sit med ein bærbar PC av typen Acer aspire 5102. I eit par veker så har det vore to tynne, vertikale striper på skjermen min. Dei går heilt frå toppen og heilt til botnen. Éi ligg midt på, medan den andre ligg cirka i det gylne snitt (estetisk sans, ja). Den i midten er nesten konstant der viss eg ikkje rører skjermen. Eg kan få ho til å forsvinne ved å dra skjermen opp. Den andre stripa er der ganske sjeldan, men av og til.

     

    I forgårs toppa det heile seg ved å gjere skjermen komplett ubrukeleg. Det var lys i han, og ein kunne sjå skuggar av at ting skjedde, men alt var heilt uleseleg. Det var nesten heilt glatt av utsjånad. Før dette så hadde slikt skjedd berre i eit lite sekund, før det var tilbake til normalt att.

     

    I dag skrudde eg på maskinen att for å sjekke, og då var jammen alt normalt att (fekk kopiert alt det viktige eg treng i ein fei over på ein minnepinne), men strekane er her framleis.

     

    Så spørsmålet er om det er fysiske skadar eller skjermkortet som tullar? Eg er litt redd for at det kan vera fysiske skadar, då eg ikkje akkurat har vore forsiktig i behandlinga. Men det har ikkje vore snakk om slag eller ekstreme ting, berre godt brukt og litt kakk.

     

    Nokon som trur dei veit?

  5. Har du en link til et bilde av kabelen hos Clas Ohlsen sin hjemmeside? For jeg har ikke sett noen VGA kabel med to forskjellige ender...!

    Nei, det har du nok ikkje. Utanom skjøtekablane. Faen altså, eg trudde eg leste skikkeleg på lappen. I morgon skal eg tilbake å sjå om det står spesifikt at det er ein skjøtekabel.

     

    Ein lærer så lenge ein er på Clas Ohlson sine nettsider. Takk for at du fekk meg til å sjekke det opp der.

  6. Før eg spør dette spørsmålet er eg forjævlig klar over at det er eit fantastisk tåpeleg spørsmål.

     

    I dag var eg på Clas Ohlsson for å kjøpe ein VGA-kabel som kunne koble PC-en min til TV-en. Full av forventning kjem eg heim, for så å få alle håp knust. Min kabel har nemleg ein hann- og hu-tilkopling i kvar ende, medan både TV-en og PC-en min har hu-tilkopling.

     

    Så kvar er logikken? Er det eg som har vore uoppmerksom på Clas Ohlsson, og totalt oversett den kabelen eg faktisk skulle ha, som låg i hylla rett bortanfor?

     

    Til vanleg så har eg faktisk sånn halvvegs kontroll på det aller meste innan teknologi og elektronikk. Men i dag så vart eg heilt satt ut. Kva vert eigentleg min kabel nytta til?

     

    Frustrert! Men heilt sikkert utan grunn...

  7. Det kan se ut som om du kanskje kan bruke et LR1 eller LR9 batteri (husker ikke hvilket som ligner mest) i stedet for det kvikksølvbatteriet som satt i kameraet og det kan være at batterikammeret til klokkebatteriet kan reddes om du får pusset vekk det som er lekket av batteriet. Bor du i Oslo-området, kan jeg hjelpe deg med det der jeg jobber (fotobutikk).

     

    Ellers er det som du sier, vanlige AA batterier for å drive selve mekanismen i kameraet. Mulig den kan kjøres uten auto-exposure. Skulle ikke være noen fare forbundet med å prøve ihvertfall :)

     

    På Ebay kan du fra tid til annen kan finne noe Super8 film. Akkurat nå ligger dette her. Den skal du kunne bruke.

     

    EDIT: Ser du bor i Bergen. Da kan det hende at Antonio Stasi i Lille Øvregaten kan hjelpe deg. Ellers kan det være at det finnes folk med den erfaringen hos Ur & Foto i Bergen også (het FotoVideo en periode før de gikk konkurs).

    Skal ta meg ein tur til Stasi og skal sjekke opp i batteria som du nemner (og som vert nemnd av k-ryeng).

     

    Men no prøvde eg meg med batteri i kameraet, men det var ingen reaksjon. Det kan ha vore 2 tomme batteri, så eg skal kjøpe nye og prøve att. Skal mekanismen byrje å rulle så snart eg "fyrer av"?

  8. Hei

     

    Tusen takk for svar. Eg legger ved eit par bilete så du får sjå sjølv :) Bruksanvisinga hadde ikkje så mange sidene uansett, så eg tok like godt bilete av alle. Dersom du vil ha betre bilete av spesielle deler, så må du berre sei i frå.

     

    Ser det voldsomt dårleg ut for polane i kameraet? Her kan du òg sjå batteritypen som kjører autoeksponeringa.

     

    Har du nokre direkte tips for anskaffelse av film? Sjølv om det vert dyrt, så vil eg iallfall prøve dersom det ser ut som at kameraet verkar. Men det vert nok uaktuelt å nytte det til vanleg ;)

     

    Dersom eg får reingjort polane, trur du det er heilt trygt å prøve med nye batteri, trass i at det ikkje er gjort noko med batterikammeret til autoeksponeringa?

     

    post-119123-1208628679_thumb.jpg

    post-119123-1208628654_thumb.jpg

    post-119123-1208628629_thumb.jpg

    post-119123-1208628601_thumb.jpg

    post-119123-1208628577_thumb.jpg

    post-119123-1208628560_thumb.jpg

    post-119123-1208628542_thumb.jpg

    post-119123-1208628523_thumb.jpg

    post-119123-1208628496_thumb.jpg

    post-119123-1208628475_thumb.jpg

    post-119123-1208628446_thumb.jpg

    post-119123-1208628414_thumb.jpg

    post-119123-1208628396_thumb.jpg

    post-119123-1208628371_thumb.jpg

  9. Eg har absolutt ingen kjennskap til formatet i det heile, men i dag kjøpte eg meg eit Kohka 303 til 8 kroner på eit loppemarked, og eg må jo sjå om eg får det til å verke. Det største problemet, trur eg då, er at batteria framleis stod i. Eg vil tippe mangfoldige år, batteria såg veldig gamle ut, men i hovudkammeret så er det nesten ingenting som tyder på at batteria har leke. Litt skit på to av "fjørene" berre. Kameraet går på 4 AA-batteri.

     

    Problemet er heller batterikammeret til batteriet som kjører "automatic exposure". Der skal det vera eit klokkebatteri av ukjent merke, men sidan det gamle batteriet stod i, så skal det vera ein smal sak å finne ut av det ("mercury battery", står det i bruksanvisinga). Men det har leke mykje, og det er veldig mykje skit i det vetle kammeret. Så eg veit ikkje om det er mogleg å redde det.

     

    Uansett skal det vel vera mogleg å få det i gong sjølv om den automatiske eksponeringa ikkje er i gong?

     

    Til slutt så er det òg ein film i kameraet, og etter som eg har forstått det, så er den ikkje ferdig brukt. Talet som måler kor langt filmen har kome står på 9 meter/30 fot. Kva bør eg gjere med den? Eg reknar med den har stått i lenge. Bør eg ta den ut, eller forsøke å filme vidare?

     

    Håpar det er nokon som kan litt super 8. Det hadde vore spanande å fått det i gong.

    Eventuelt, er det andre forum eg burde henvende meg til?

     

    Og det dumme spørsmålet til slutt: er det ingen super 8-kamera som kan ta opp lyd?

     

    Viss det er interesse, så legger eg gjerne ut bilete av både kamera og bruksanvising.

  10. Har du prøvd å laste ned bilden via kamera? Det er vel mulig via programvaren som følger med?

     

    Bruker du SD kortleser som er i PC-en ? En del av de, særlig de som er inne i laptop-er, er ikke akkurat bra.

     

    En siste mulighet er at dette er et HCSD kort som PC-en din ikke skjønner (> 2GB), og da må da ha ny kortleser.

     

    Tom

    Ikkje HCSD, nei. Men då ville eg vel ikkje fått ut alle dei andre bileta? Dette kom kanskje ikkje godt nok fram, men det var jo berre eit lite fåtal som ikkje klarte å verte kopiert over til PC-en.

     

    Men eg nyttar kortlesaren i laptopen min, ja. Acer Aspire-serien (5102 kanskje, sit ikkje på den no).

     

    Eg har ikkje prøvd å få dei ned via kamera, nei. Det får eg prøve på måndag. I morgon skal eg sjå korleis kortet verkar på denne PC-en, og eventuelt ein anna.

     

    Takk for svar. Eg kan heller ikkje sjå at dei bileta som ikkje kom med er noko annleis enn dei bileta som kom med. Dei skal ikkje vera låste på ein eller anna måte.

  11. Hei

     

    Eg nyttar akkurat no eit micro-SD-kort (med adapter til vanleg SD-størrelse) i mitt Pentax K100D Super. Etter å ha tatt bilete med kameraet så skulle eg leggje inn bileta på PC-en for fyrste gong. Eg markerte alle for kopiering, og desse skulle slettast etterpå. Når eg då var ferdig så merkar eg meg at det er fleire bilete som manglar, og eg sjekkar kortet medan det står i PC-en, men der finn eg ingenting. Sjølv om det var bilete eg ville ha, så var det ikkje veldig viktige bilete, så eg slo meg til ro med at dei var forsvunne.

     

    Etter det så puttar eg kortet i kameraet att, og jammen er dei der. Akkurat dei bileta eg sakna. Når eg då puttar det i PC-en att, så finn eg framleis ikkje bileta, men det ligg filer der som tilsynelatande er biletfiler. Dei går uansett ikkje an å opne i noko program, verken direkte frå kortet eller etter (manuell) kopiering til ei målmappe på harddisken.

     

    Det hadde vore veldig kjekt om nokon veit kva eg kan gjere. For desse bileta var faktisk dei som eg ville ha. Men som sagt, det er ikkje spesielt viktige bilete, utanom eit par der morfar og vetlebror bryt handbak :) Håpar det finnes ei løysing.

  12. Ikke benytt oppladbare CR-V3-batterier!

    Jeg siterer fra den svenske bruksanvisningen s. 26:

    "Fyra slags batterier kan användes i kameran: CR-V3, laddningsbara AA NiMH-batterier, AA-litiumbatterier og AA-alkaliska batterier. Det finns laddningsbara og ej laddningsbara CR-V3-batterier. Den her kameran använder endast ej laddningsbara CR-V3-batterier"

     

    Så skal du ha oppladbare batterier er det AA NiMH-batterier du må kjøpe.

    Takk for svar. Burde lest betre i bruksanvisninga.

  13. Jeg kjøpte en Sony lader med 4 stk 2500 mAh hos Japan Photo. Det er en 5-timers lader, så den kostet ikke all verden. Det fine med den er at den har kabel for å lade i bil også.

     

    Når det gjelder bæreveske falt valget på Lowepro SlingShot 100 AW. Kameraet passer perfekt i den og har en praktisk åpning slik at man raskt får ut kameraet, i tillegg er det plass til en Tamron 70-300mm, diverse kabler, minnekort, solblendere osv. Praktisk skulderveske, se her

     

    Det ble nevnt i tråden at den automatiske hvitbalansen på K100D Super er "horribel". Er vel ikke helt enig i det, den er riktignok ikke perfekt innendørs, men utendørs har jeg ikke hatt noen problemer med den. Spesielt innendørs kan det være lurt å velge et annet oppsett enn auto på hvitbalansen.

    Kva med oppladbare CR-V3-batteri? Det hadde eg ikkje eingong høyrt om før eg tilfeldigvis fann dei her: http://www.ephotozineshop.com/product/defa...spx?sku=1007240

     

    Var dette dyrt?

  14. Å kjøpe kun kamerahus i Norge, feks D40 eller E-410/420/510 for å få garantien. Og så bestille std objektiv til et av disse kameraene over nett... er det et alternativ? Mye å spare på det?

    Finner ingen som har kun D40 uten Kit....

    "Problemet" er jo at kit-pakken berre kostar 200 kr meir enn berre huset.

    For øvrig så har Fotomagasinet fire stykk att på nett: http://www.fotomagasinet.no/aspx/produkt/p...aspx?plid=62477

     

    Og her er den 200 kr dyrare kit-pakken:

    http://www.komplett.no/k/ki.aspx?sku=328636

  15. Ja det er nok bufferen, den jobber og jobber og jobber :) Det var vel mitt største ankepunkt med K100D, veldig treg med RAW-filer, men ellers et temmelig bra kamera. Og til prisen du fikk det til er det jo et røverkjøp.

    Jau, RAW-filene tek mykje tid. Elles er det ein del å setje seg inn i når ein har speilrefleks for fyrste gong, men kompaktkameraet mitt har mange manuelle moglegheiter, så eg er ikkje heilt blank.

    Takk for hjelp og generell nedroing av nerver. Ukjente lydar er skumle.

×
×
  • Opprett ny...