Gå til innhold

rlidal

Medlemmer
  • Innlegg

    119
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av rlidal

  1. Snapshotet vert vel den oppløysninga videoen er i (vert iallfall det hjå meg), so vil du ha det større må du gjere det i eit biletbehandlingsprogram. Eg kan ikkje tru at oppskalering i eit biletbehandlingsprogram øydelegg biletet noko meir enn kva VLC gjer når den skalerer opp videoen.

    For å seie det sånn: Eg ser på film i fullskjerm (eventuelt i maksimert vindu). Så tek eg eit snapshot. Resultatet vert då i 'Windows bilde- og faksbehandling' mykje mindre enn det eg såg på skjermen når eg tok snapshotet. Eg vil altså få ein skjermdump av nøyaktig det eg ser.

  2. Har ingenting med rettigheiter å gjere, men korleis videoen vert vist og korleis skjermskot-funksjonen virker. Men du kan ta eit skjermskot av ein video i VLC ved å velge Video --> Snapshot, eller trykke Shift + S. Biletet vert automatisk lagra i ei mappe du kan velge i innstillingane: Tools --> Preferences --> Video, under Video Snapshots.

    Jaudå, eg har prøvd det òg, men biletet vert mykje mindre enn full størrelse. Dersom eg då gjer det større, så øydelegg eg biletet. Eg treng som sagt ein fullskjerm-skjermdump.

     

    Takk for svar.

     

    Redigert: Eg treng nok ikkje fullskjerm, men snapshotet er iallfall for lite.

  3. Hei

     

    Det er umogleg å få ein skjermdump i fullskjerm av filmar. Prøvd printscreen og eit program, CaptureWiz (så etter to forsøk er det kanskje ikkje lov å nytte ordet umogleg), men det funkar ikkje. JPG-fila er heilt svart der som filmen skulle vera. Ein kan sjå vindauga. Eg antar dette har med rettigheiter og litt sånn å gjere, men er det ein måte å kome rundt dette? Eg prøvde å ta ein skjermdump av skjermdumpen når eg var i Paint, men det verka jammen ikkje det heller.

     

    Så før eg rotar meg langt inn i freeware-verda så spør eg heller her. Litt komisk, fordi eg treng denne skjermdumpen til eit nytt spørsmål her inne, som angår noko heilt anna sjølvklart :) Det skal faen ikkje vera enkelt.

  4. Hei

     

    Eg tykkjer det er litt artig å gjere litt sport i det å kvitte meg med alt eg ikkje treng. I den anledning har eg gått gjennom dei programma som finst, og endt opp med ei lita liste som eg ikkje har peiling på kva gjer. Har lest om alle, men eg tør ikkje å meine noko om når og i kva samanheng dei køyrer hos meg. Har nokon lyst å prøve seg?

     

    - Soft data fax modem with smart pc

    - SMSC IrCC v5.1.3600.7

    - ATI Parental Control and Encoder

  5. Det finst ingen absolutt regel. Hadde ikkje det vore keisamt? Eg håpar det aldri kjem til eit sånn punkt når det gjeld ordstilling og form. Rettskriving og grammatikk er noko anna, og der er eg sjølvklart for heilt spesifikke reglar.

     

    Men ikkje overdriv 'men'-bruken i byrjinga av setningar...

  6. Elles så går alt ganske treigt. Særleg i Firefox. Er det ei kjend sak at Firefox stjeler meir minne i Ubuntu enn i XP? Det går iallfall ein god del treigare hos meg.

    Hva er "alt"? Noe annet enn Firefox? Flashplayer er et sikkelig ressurssluk på GNU/Linux desverre, så du kan ha godt av flashblock plugin til FF. Og ting går ikke nødvendigvis tregere selv om det bruker mer minne (kan faktisk gjør det motsatte).

    Alt er vel alt. No har eg innstallert ein heil drøss med oppdateringar, så no går det faktisk litt betre. Eg opplever at "Windows utforskar" hakkar litt, og Open Office går treigt somme tider (til dømes inne i 'spesialteikn'). Det glir rett og slett ikkje så godt. Men eg gjer ikkje opp :)

     

    Kva vil eg få mest igjen av når det gjeld harddiskplass? Å fjerne XP eller Ubuntu?

  7. Nei, det vil ikke gå raskere om du tar bort XP-partisjonen.

     

    Første sjekkspørsmål: Har du SWAP-partisjon? Windows swapper default på C:\, mens Linux bruker egen partisjon.

    For det fyrste: signaturen din speglar situasjonen min godt :) eg kjenner meg litt fortapt allereie.

     

    For det andre så veit eg ikkje svaret på spørsmålet ditt. Dette er dog informasjonen eg kan gje deg: partisjonen vart oppretta gjennom Linux-innstallasjonen, og plassert på D: sidan eg har to harddiskar.

    Du finner den ved å åpne en terminal og skrive: sudo fdisk -l

    Takk for hjelp. Her er det som kom fram:

    Disk /dev/sda: 120.0 GB, 120034123776 bytes

    255 heads, 63 sectors/track, 14593 cylinders

    Units = cylinders of 16065 * 512 = 8225280 bytes

    Disk identifier: 0x5ea4f703

     

    Device Boot Start End Blocks Id System

    /dev/sda1 1 637 5116671 12 Compaq diagnostics

    /dev/sda2 * 638 7583 55793745 c W95 FAT32 (LBA)

    /dev/sda3 7584 10619 24386670 c W95 FAT32 (LBA)

    /dev/sda4 10620 14593 31921155 5 Extended

    /dev/sda5 10620 14424 30563631 83 Linux

    /dev/sda6 14425 14593 1357461 82 Linux swap / Solaris

  8. Nei, det vil ikke gå raskere om du tar bort XP-partisjonen.

     

    Første sjekkspørsmål: Har du SWAP-partisjon? Windows swapper default på C:\, mens Linux bruker egen partisjon.

    For det fyrste: signaturen din speglar situasjonen min godt :) eg kjenner meg litt fortapt allereie.

     

    For det andre så veit eg ikkje svaret på spørsmålet ditt. Dette er dog informasjonen eg kan gje deg: partisjonen vart oppretta gjennom Linux-innstallasjonen, og plassert på D: sidan eg har to harddiskar.

  9. I går kveld så gav eg opp live-CD-en, og innstallerte det like godt. Og då vart det trådlause nettverket jammen funne med ein gong. Rart, men kjekt.

     

    Elles så går alt ganske treigt. Særleg i Firefox. Er det ei kjend sak at Firefox stjeler meir minne i Ubuntu enn i XP? Det går iallfall ein god del treigare hos meg.

     

    Forutan harddiskplass (og alt det medfølgjer), vil eg merke at eg har to OS innstallert når eg berre køyrer eitt av dei? Altså, dersom eg fjernar XP, vil det då gå raskare med Ubuntu? Og kva med harddisken no? Vil partisjonen verte oppheva dersom eg fjerner eit OS? Eg gjorde ting før eg tenkte meg om, merkar eg.

  10. Då var fyrste skuffelse eit faktum... Neida, eg let meg så absolutt ikkje irritere over at ting ikkje verkar 100% frå byrjinga av. Det må jo vera litt utfordring i det.

     

    Eg håpte jo å skrive mitt neste innlegg her frå Ubuntu, men den gang ei. Det trådlause nettverket vart ikkje funne, og feilsøket gav lite nyttig informasjon. Eg sikra meg om at nettverkskortet var slått på, for så å bruke ein kommando i terminalen. Der fant eg ut at nettverkskortet var "disabled", men det er det jo ikkje. Iallfall ser det ikkje sånn ut... Nokon som har idéar? Dette er namnet på kortet mitt, kopiert direkte frå spesifikasjonslista: Atheros Wireless 802.11 a/b/g with Signalup high efficiency antennae.

     

    Andre specs (i tilfelle de har andre tips eller anbefalingar):

     

    * AMD Turion64 x2 TL-50 (1.6 GHz, 512 KB L2 cache total, 256 KB on each core)

    * 1 GB 533 MHz DDR2 RAM (2 x 512 MB)

    * 120 GH Hitachi 4200 RPM HD

     

    Elles var det jo nydeleg å sjå på. Trur så absolutt eg kan trivast i dette miljøet. Live-CD-en brukte godt over eitt minutt på booten, men det kan vel ikkje takast med i berekninga.

  11. Eg har då ein Acer Aspire 5102. Tanken på Linux er veldig freistande, men det er nokre ting som må klarast opp i fyrst.

     

    Det som er punkt nummer 1 for meg, er at eg skal ha eit OS som er så raskt som mogleg. Vil ting gå veldig mykje raskare med ein Linux-distribusjon? Her ligg mykje av argumentbyrden. Er det ei myte, eller går oppstarten mykje raskare? Er det andre ting eg vil kunne merke, reint hurtighetsmessig? Eg reknar med det er store skilnader blant Linux-distribusjonane òg, men ein treng kanskje ikkje ta med dei "treige" i reknestykket?

     

    Så til mine noverande filer. Kva med alle dokumenta og bileta? Vil dei liggje på harddisken og kunne opnast i Linux? Sjølvklart med dei programma som trengst. Vil det kunne oppstå problem i denne overgangsfasen? Er det windows-filer som er ubrukelege i Linux. Tenkjer då på dokument, og ikkje programfiler.

     

    Når det gjeld bruk, så er det ikkje mykje ekstraordinært eg held på med. Mest surfing, skriving, musikk- og filmavspeling og litt biletbehandling. Men to ting må på plass: Skype (eller eit anna tilsvarande program) med støtte for det webkameraet som er innebygd i PC-en. Den andre tingen gjeld transkribering. Eg studerer arabisk, og då inneheld oppgåver og slikt ofte spesielle bokstavar som s med prikk under eller a med strek over (for lang vokal). Er dette eit problem, eller fiksar unicode alt dette? Er det eit anna system for sånt på Linux-distribusjonar? Bottom line: eg treng s-ar med prikk under...

     

    Kva vil passe best for meg? Dei einaste eg har sett på er Ubuntu, Xubuntu og Damn Small Linux. Dei to siste pga storleiksaspektet. Men veit ikkje korleis desse er å nytte i praksis. I kveld skal eg prøve ein live-CD med Ubuntu. Så får me sjå kva det fører til.

  12. Har eg for fyrste gong fått (på fire år og fire-fem PC-ar) merke CCleaner sin bakside?

     

    Iallfall, når eg går inn på kontrollpanel, og trykker på Strømalternativer, så vil det ikkje opne seg. Det skjer noko, vindauga er synleg heilt nede i venstre hjørne i eit halvt millisekund, men så ingenting. Så vidt eg har sett, så er det ingen prosessar som vert opna heller. For øvrig så skal vel dette vera fila powecfg, som ligg fire plassar: system32, $NtServicePackUninstall$, ServicePackFiles\i386 og SoftwareDistribution\Download\6b87f018d0fb69e9c5ccb760afc4cb7b. Alle er undermapper av C:\WINDOWS\...

     

    Same tingen med alle dei fire filene.

     

    Er det nokon som kan redde meg?

     

     

    SÅ VAR DET LØYST.

     

    http://www.cybertechhelp.com/forums/showthread.php?t=175504

    Avinnstallerte ePower Management, og dermed verka det att. Det eg ikkje skjønar, er korleis dette oppstod i det heile. Nokon som tek utfordringa?

  13. Får du noe merkostnader ved å vent? Da mener jeg renter eller gebyrer. Dersom venting medfører merkosntader er det liten sansynlighet for at en kendret kronekurs klarer å slå enda mer ut og gi en fordel.

    Nei, risikerer ingen gebyr eller noko. Saken er berre at mitt universitet har ein avtale med dette utvekslingsuniversitetet, og er dermed i ein posisjon der dei kan "krevje" at dei utsett fristen.

  14. Du er tydeligvis ute etter å krangle. Men jeg gidder ikke å forsvare noe jeg ikke har sagt.

    Då beklagar eg. Det er ikkje det eg er ute etter. I mitt forrige innlegg var det vel heller ikkje så mykje å kommentere. Så eg var iallfall ikkje ute etter at du skulle forsvare noko som helst. Dersom du føler eg har pålagt deg meiningar, så beklagar eg det. Det har ikkje vore min intensjon.

     

    Diskusjonen er vel avslutta no, ja.

  15. Nei, det er ikke noe å krangle om, det var derfor jeg spurte. Posten din kunne se ut som du prøvde å motsi meg selv om jeg ikke hadde skrevet noe som gikk mot din egen mening, og det er litt rart. At det kan være mye faglig å hente er det ingen tvil om, men det er også gode muligheter til å somle bort et år.

    Som med eit kva som helst år. Eit somleår på universitetet, til dømes, er ikkje noko særleg billegare heller (iallfall dersom du skulle stryke i eit fag eller to). Dersom ein skal dra det økonomiske inn i biletet (og det gjer me jo), så er det vel berre eit reint jobbeår som ikkje kan vera heilt bortkasta. Då sit du iallfall igjen med ein del pengar, forhåpentligvis.

  16. Men så til eit punkt der du har heilt rett

    Hvorfor skriver du først at det selvsagt er min opplevelse, og så dette? Det er da bare min subjektive oppfatning av mitt eget år på folkehøgskole, sammen med noen selvfølgeligheter du sier deg enig i. Da har jeg vel helt rett? ;)

    For å motsi deg litt: Jeg tviler sterkt på at attenåringer flest vet hva som er "sitt livs kall". Man bør ikke binde seg for mye til slike begreper, da blir det smertefullt å oppdage at man tok feil likevel. Folk som bruker kall-begrepet med tyngde er som regel de som har drevet med det samme lenge og med suksess, og føler behov for å forklare det som beroende på noe annet enn tilfeldigheter.

    Det jeg vil si er: Gå på folkehøgskole hvis du virkelig har lyst. Det trenger ikke være for å følge noe kall i det hele tatt, ikke plag deg selv ved å spørre om dette virkelig er "helt riktig".

    Det punktet me er einige om, er vel ikkje noko å krangle om? Det er vel rimeleg akseptert at ein må velje sjølv, og ikkje la andre velje for deg. Lev dine eigne draumar. Går det an å motstride det?

     

    Me er nok for det meste einige. Berre forskjellege erfaringar med FHS-året. Det med fagleg utbytte var det vel eg skulle ha mest fram. For det er faktisk mange faglege erfaringar å ta med seg òg.

  17. Hvis du har råd til å vente, vent. Hvis ikke, betal nå.

    Ja, det er nettopp det eg har. Det er eit universitet (utveksling) som skal ha pengane, og sidan Lånekassen ikkje gjer ut pengar før tidlegast i romjula, så kan min noverande studieplass be om denne utsetjinga. Og gjerrig som eg er, så vil eg ha det billegast mogleg.

     

    Takk for svar frå dei to siste.

  18. Jeg gikk ett år på folkehøgskole fordi jeg på søketidspunktet trodde det var en god ide (et halvår etterpå, da jeg skulle begynne, hadde jeg egentlig ikke så lyst lenger), fordi foreldrene mine trodde det var en god ide (de møtte hverandre på fhs) og fordi jeg ikke kjente meg selv og verden godt nok til å skjønne at det faglige ikke var noe for meg (i hvert fall ikke den folkehøgskolen på det nivået jeg var på). Jeg traff mange hyggelige folk, bevares, men faglig fikk jeg lite og ingenting ut av det, og fikk en aldri så liten psykisk smell på kjøpet (jeg begynner først nå å innse at jeg kanskje kan bli flink likevel, men det året fikk meg på helt andre tanker).

     

    Moralen er: Finn ut hvor god og seriøs du virkelig er, noen folkehøgskoler forutsetter at du kan alt fra før. Ta valget selv. Om mora di angrer på at hun ikke selv ble kunstner betyr ikke det at du nødvendigvis kommer til å gjøre det. Hvis man bare vil ha et tenkeår før studiene er det kanskje mer fruktbart å finne seg en campus å henge på og gå på forelesninger uten forpliktelser.

     

    De fleste folkehøgskoler har totalforbud mot drikking og festing på skolens område, og selv om det er helt forståelig at det må være sånn kan det være skrekkelig irriterende. Du er nærmest blakk fra før, og blir tvunget på byen fordi du ikke har lov til å oppbevare øl på rommet. Dessuten blir du pælma på hue og ræva ut hvis du blir tatt i nytelse av jazztobakk (med unntak av et sted jeg ikke husker navnet på, hvor regelen skal ha vært at du ikke fikk røyke hasj i timen :grin: ). Folkehøgskole er heller ikke noe for deg som er skolelei; regimet er mye striktere enn på videregående og kan føles meningsløst.

     

    Når det er sagt: Mange av de jeg gikk på folkehøgskole med har gjort karriere innen bransjen, så det har absolutt noe for seg hvis du vil og tør. Men du ha selvtillit og vite hva du vil.

    Hei

     

    Dette er sjølvklart din erfaring, og den er ikkje meir eller mindre korrekt enn nokon andre sin. Men eg opplever dine erfaringar som stikk motsatt av mine. Særleg det du seier om din psykiske knekk. For min del så fekk psyken ein vanvittig opptur. Det var berre på grunn av miljøet. No skal eg ikkje påstå at eg hadde dårleg psyke, det vert spekulativt. Men min psyke, som var heilt ok, vart endå betre. Særleg med tanke på sjølvtillit og utadvendthet. Heile FHS-miljøet mitt var bygd opp rundt det å ta vare på kvar og ein. Nokre var utanfor, men det er umogleg å unngå diverre. Det kan vera mange grunnar til det, men eg opplevde at dei eigenleg ikkje ville gå på FHS. Dei fant seg ikkje til rette heilt frå byrjinga av. Kanskje var det slik med deg?

     

    Men så til eit punkt der du har heilt rett: det er heilt klart at ein sjølv må ville gå på FHS. Det er ingen lur idé å fylgje andre sine draumar. Bestem sjølv, og tenk over det. Ikkje berre hiv deg på (sjølv om eg trur det òg ender godt når det kjem til FHS:)).

     

    Rusmiddel er eit eige kapittel. Dei fleste skular er relativt strenge, særleg dei kristne. Det største problemet er at ein ofte ikkje "kan" kome heim etter å ha vore ute. Ein skal altså ikkje vera berusa på skulen sitt område (dette er av mine eigne erfaringar. Har ikkje oversikt over alle skular sine reglar). Så det som kan verte dyrt er overnatting. Så for dei som må drikke og feste, så er det lurt å velje seg ein frilynt skule, ein skule nær ein by (med tanke på overnatting. Hotell og større sjanse for kjente utanfor skulen) og kanskje òg ein stor skule. Fleire folk gjer det mogleg å kome seg inn på skulen mykje lettare etter ein tur på byen :) Men eg gjekk på ein kristen skule, og det var ikkje eit stort problem. Men så hadde eg dei to andre punkta å støtte meg på (stor og byskule).

     

    Så til det mykje omtala utbyttet. Reint akademisk (her ein skilje mellom fagleg og akademisk) så er det ikkje noko voldsomt utbytte, heilt klart. Men dei som vil tene på å gå på FHS er dei som vil gå vidare med ei journalist-utdanning (media generelt), kommande kunststudentar og reiselivsstudentar. Òg for dei som tek humanistiske fag (særleg språk) og spesielt alle som vil utdanne seg til yrker der ein må ta vare på menneske. Så her er det mange utdanningsvegar som kan tene mykje på eit FHS-år.

     

    Den utviklinga eg hadde som menneske, kan ikkje forklarast så veldig godt. Det må ein berre oppleve sjølv. Men eg er sikker på at over 90 % av dei eg gjekk med aldri ville ha bytta året vekk. Og det er ikkje mange som ikkje kallar det sitt beste år. Det var iallfall mitt beste år. Økonomi-spørsmålet vart svara svært godt på ovanfor her. Det er ikkje så dyrt når ein tek alt i betraktning. Særleg reisene.

     

    Folkehøgskule passar ikkje for alle, men eg føler ikkje eg dristar meg utpå farleg terreng når eg seier at det passar for dei aller fleste. Det trur eg verkeleg.

     

    Skal du verte fysikar og veit at det er ditt livs kall, gå på folkehøgskule. Og velg det iallfall ikkje vekk pga fagleg utbytte-argumentet. Men undersøk om nokre skular eller linjer passar betre for deg. Det er uendeleg mykje å ta av.

  19. Har lurt på dette en stund. Selv om jeg både snakker og skriver engelsk flytende er det en del ord som ikke er så enkle å oversette.

     

    Først, ta noe så enkelt som smartass. Hvordan vi best oversette det? Meningen med ordet er helt enkelt å forstå, men har vi noe norsk ord for det? Og for den saks skyld, hva med dumbass?

     

    Deretter kan vi gå over til fantasy og tenke på folk som bruker magi. Wizard kan fint oversettes til trollmann eller trolldame, men hva med andre former for magi? Hva med sorceror, conjuror, mage, sage og summoner? Det blir litt feil å oversette samtlige med trollmann. ;)

    'Smartass' kan vel ofte oversetjast til 'frekkas'. 'Dumbass' er vel oftast berre 'idiot' eller så har du 'dumrian' eller 'dumskalle'.

×
×
  • Opprett ny...