Gå til innhold

Dabola

Medlemmer
  • Innlegg

    194
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Dabola

  1. Opplevde sjølv problem ved oppdateringa frå 10.6 til 10.8 Med (Win 7 64bit og 4850). Som eg har gjort tidlegare ved oppdatering av CCC. Resultatet vart blåskjerm kor eg måtte gå via sikkerheitsmodus og gjennopprette systemet! Las i eit eller anna forum om at nøkkelen er å finne den rett versjonen. Går du til ati.com og henter den der får du ikkje så mange valg som ved å gå via Sapphiretech.com Alle desse CCC oppdateringane unzipper fyst til mappa C:\ATI\Support. Der kunne eg sjå at den eg nettopp hadde installert hadde anna navn enn den eg vellukka hadde installert i juni (Sjå printscreen og den innringa pakken eg hadde henta frå ati.com - og som sikkert ikkje var 64bit)

     

    Skreiv difor denne bruksanvisninga til meg sjølv for neste oppdatering av CCC:

    1. Bruk win's avinstallering og via ATI installeringsprogram fjerne/avinstallere gamal versjon.
    2. Restart PC.
    3. Gå via Sapphiretech.com og >Download, >Graphic Card >PCI-E >Sapphie hd 4850 og "512 mb gddr2 PCI-E Dual Slot Fansink".
    4. Installer og restart.

    Dei to siste valga må du sjølvsagt endre til din spesifikasjon.

    Lykke til!

    post-112157-1284636744,3853_thumb.png

  2. Sjølv bruker eg Opera dagleg men har du også Firefox installert anbefaler eg å laste ned extension'et VideoDownloadHelper som ein halv million andre brukarar har gjort berre den siste veka (nr 2. av alle Firefox extensions)

     

    Eige program som er sikkert er Youtube2mp3. På nettet floererer det med virusbefenkte nedlastingsprogram for youtube-filmer. Men Youtube2mp3 er kontrollert av Sourceforge, verdas største nettstad for fri programvare. T.o.m. kjeldekoden kan lastast ned. Ved installasjon får ein spm. om å hente på nettet den siste nedlastings-dll'en og anbefaler det. Programmet integrerer med Opera (nedlastingsknapp), Firefox og IE . Eller manuelt gjennom å kopiere adressa og lime inn i programmets adressefelt.

  3. Anbefaler GSmartControl, som er eit GUI-versjon av kommandoprogrammet Smartmontools

     

    Køyrer den sjølv i win7. Installèr, klikk ctrl+t for å få opp test-verktøyet. Der kan du utføre fleire tester med ulik "dybde" (lengde). Den kjappaste tek eit par minutter. Klikk "wiew output" og du får ei tekstfil du kan lagre med mykje info om disken, smart-info og resultatet av testen.

     

    Kun SATA/ATA disker (ATA/ATAPI/SATA-3 to -8 disks and SCSI disks). Merk også at programmet krever GTK+, som automatisk vil bli installert om ikkje du allereie har det.

  4. Har hatt ein Supertalent 64 Gb SSD eit års tid. Installerte Win7 Ultimate for 2-3 mnd sidan og alt har fungert som det skal heit til for eit par veker sidan. Då fekk eg plutseleg blåskjerm. Håpte på at det skulle bli eit eingongs-tilfelle. Kom i forgårs tilfeldigvis over info om at det var ingen problem å køyre chkdsk /r ved neste oppstart (via kommandolinje) også på ein SSD. Sjølve prosessen gjekk som den skulle. Fann inga melding i C:\ eller C:\Windows som rapporterte om resultatet. Sidan i forgårs har eg so hatt 4 blåskjermer. Nokon som har råd om kva eg skal gjera? Kor eg skal byrja? Har allereie sjekka at ledningane til SSD'en (som er 100% partisjonert til C:\) er i orden. Kvar bør vera det neste? Flytte koblingspkt. på hovudkortet? Stokke om minnebrikker? Køyre analyseprogram? Inn med installasjons-cd'n eller kva? Har en AMD-basert pc som tilsvarer denne pakken for eit år sidan.

     

    Eller skal eg forsøke å gå attende til IDE basert disk? På dette forumet såg eg anbefalinga om å gjere SSD'en SATA basert for å få den raskere. Det må i alle fall ha gått 3-4-5 veker med null problem etter at eg endra innstillingane i BIOS og registeret over til SATA basert disk. Er det her eg bør starte og gå tilbake til IDE basert disk? Er det ingen risiko å gjere dette?

  5. Signal: "Faren Over"!

     

    Heldigvis hadde du rett. Klarte å logge meg inn i min ruter i dag og konstaterte at det "bare" var min gode nabo som benytta mitt trådløse nett. Var sikker på at ho ikkje ville komme opp som eit eige PC-ikon under Kontrollpanel/Nettverk. Men der tok eg feil - og har lært litt meir av dette. Igjen; takk for hjelpa!

  6. Tusen takk for rådet, Submit.

     

    Hadde bokmerka adr. til ruteren men klarte ikkje å logge meg inn. Meiner at dette gjekk uten passord sist men ikkje i kveld. Skal få hjelp med NextGenTel i morgon og komme meg inn i Ruteren.

     

    Eg har ein trådløs Nextgentel-ruter med kabel til eigen pc. Dere skal berre sjå at det er ein av mine to naboer som har fått tilgang på mitt passordbeskytta og krypterte trådløse nettverk! I so fall "letter eg 10 kg". Den eine ei eldre dame som berre sporadisk bruker pc'n. So ein annan nabo som kobla seg til for fyste gang for 2-3 mnd. sidan. Men eg trudde ikkje dei ville komme opp som ikon i "Nettverkstilkoblinger". Skulle tru dei kun var synlege om eg logga meg inn på ruteren.

     

    Flott om du sjekka dette forumet i morgon ettermiddag/kveld også, Submit. Då skal eg ha fått sjekka i ruteren og snakka med naboane. Takk for hjelpa uansett.

  7. Litt tilfeldig åpnet jeg idag mine nettverksinnstillinger og oppdaga at ein annan PC hadde kobla seg til min stasjonære PC! Sjå det vedlagte printscreen.

    post-112157-1276434401,8513_thumb.png

    Nederst til venstre (under Nettverk) kan dere sjå min PC (med overstreka navn) og ein annan pc kalt SJEFOLAINEN. Navnet skulle tilsei at det er ein finsk hacker som har klart å bryte seg inn. Har Win7, kabla nettverk via NextGenTel og Comodo Firewall.

     

    Under Kontrollpanel\Nettverk og Internett\Nettverkstilkoblinger ser eg kun ikona for Lokal Tilkobling og Virtualbox Network (som vanleg).

     

    Kontrollpanel\Alle kontrollpanelelementer\Nettverks- og delingssenter ser eg ei linje øverst med

    MIN PC - Flere Nettverk - Internett.

    Klikker jeg der på >Flere Nettverk får jeg opp en nettverksoversikt som viser to PC'er tilkoblet. Det vedlagte printscreen'et er tatt etter at jeg har klikket på "SJEFOLAINEN" I det øyeblikk jeg koblet fra Internett med Comodo FW så forsvant "SJEFOLAINEN". Så det er tydlegvis berre sporadisk denne "innbruddstjuven" kobler seg til.

     

    Noen som har råd om korleis eg skal gå fram for å blokkere for SJEFOLAINEN? Å høgreklikke og blokkere gjekk ikkje. Via Kontrollpanel\Alle kontrollpanelelementer\Nettverks- og delingssenter\Avanserte innstillinger for deling slo eg umiddelbart Fil og Skriverdeling av og Passordbeskyttet deling. Men dette kan ikkje vera nok. Eg må få blokkert for at SJEFOLAINEN sporadisk får kobla seg til! (Via regedit søkte eg igjennom registeret etter SJEFOLAINEN men fann ingenting).

     

    Via My Blocked Network Zone i Comodo Firewall kan eg blokkere for spesifikke IP adresser. Då er utfordringa å finne kva for ipadresse som skjuler seg bak SJEFOLAINEN. Eller er andre framgangsmåter bedre? Tar imot gode råd med takk!

  8. Anbefaler programmet som kjem til topps her, MyDefrag. Og bruk den som skjermsparer! Dvs du definerer at defrag. skal starte etter at mus og tastatur har vore ubrukt i f.eks. 30 minutt og samtidig ber om at dersom det er under f.eks. 24 timar sidan sist skal heller den ordinære skjermspareren aktiverast. Ypperleg måte å defragmentere disken!

  9. Anbefaler gratisprogrammet Camstudio. Har sjølv tatt printscreen av eit noteprogram som speler av noter med ein markør langsetter notelinja og samtidig tatt opp lyd (via mikrofonen). Merk at det er ein gamal versjon 1.6 som framleis er standard (fleire år gamal). Nye versjoner har blitt laga av ulike tredjeparter. Eg meiner å hugse at eg installerte 1.6 versjonen og so unzippa den nyaste offisielle versjonen, 2.5, som eg henta herifrå. På forumet kan du få råd om detaljinstillinger og problemløysing. Har ikkje koblinga men på Youtube.com finnast fleire opplæringsvideoer om korleis bruke programmet - laga nettopp med Camstudio. Lykke til!

  10. ACHI/SATA eller IDE?

     

    Har nettopp lagt inn Win7 på min 1 år gamle 64gb SuperTalent og merker at speeden har auka i forhold til XP prof eg hadde tidl. Såg dette innlegget i denne tråden med anbefaling om å "Aktivere AHCI (+native SATA dersom mulig)". Gjorde som beskrevet i dette forumet, restarta og CrystalDisk gav tydeleg betre score.

     

    Berre eit problem/spørsmål: Eg har ein prøve-versjon av win 7 installert på ein Samsung snurre-disk som eg kan velge gjennom F12 under oppstart. Vil gjerne beholde den for å få overført alle slags innstillinger til denne nye versjonen. Vil endringa i BIOS frå IDE til SATA lage problemer for dette operativsystemet? I so fall vil eg heller gå attende til IDE og bruke nokre veker på å få flytta over alle desse innstillingane fyst. Spm'et er enkelt; Vil Win7 installert med IDE-instillinger på ein 1 gb Samsung-disk få problemer med å starte opp etter å ha gått over til ACHI/SATA mode i BIOS eller er ikkje? Bør eg i so fall aktivere SATA mode også i den andre Win7 versjonen (gjennom å endre nøkkelen HKEY_LOCAL_MACHINESystemCurrentControlSetServicesMsahci frå 3 til 0? Eller vil den gamle versjonen fortsette i IDE-mode so lenge eg ikkje gjer noko endring i registeret?

     

    Har dette Gigabyte HK kor eg endra til ACHI under pkt 2 og SATA under pkt 3 på side 47 i pdf-manualen.

  11. Takk for rådet, Anvil. Som sagt var det liten/stor bokstav som var flaskehalsen ved sist oppdatering. Før eg fann det var eg innom i Bios og endra modus både ein og fleire gongar - då dette var spesifisert ssd-manualen. Sidan den gong har eg ikkje endra modus, so akkurat det trur eg at eg skal få til. Og den står framleis står i IDE modus. OneChip SATA Type: NativeIDE og OneChip Port 4/5 Type IDE

    Men det eg funderer mest på er om det må gjerast noko meir mellom FW oppdatering og installasjonen av win7? A la allignment osv.

  12. No er det klart for ein re-installasjon av system på min Super Talent, SSD FTM64GX25H. Kjøpte den i juni i fjor og styra ein masse med å oppdatere FW og gjere den klar for XP prof gjennom 1024 allignment og 4 KB cluster. Fekk det til i august gjennom gode råd frå JKJK. (-takk igjen for hjelpa, JKJK!)

     

    Dengong var eg skeptisk til win7 men no er tida komen for å reinstallere til Win7. Frå i fjor kan eg hugse at allignment og cluster ville ha blitt tilpassa automatisk om eg hadde installert win7. I so fall er det vel berre ei rein oppdatering av FW som må til før Win7, eller kva?

     

    SSD'en har i dag HW 1711. Jfr forumet ...if your Crucial M225 Solid-State Drive has firmware 1711 you must first revert back to the 1571 firmware prior to updating to the new 1819 version".

     

    I fjor klarte eg å få laga ein bootbar USB men etter masse forsøk stranda eg alltid her;

    ---------------------------------------------------

    Super Talent Teck FIRMWARE UPDATE UTILITY Ver 1.00

    ---------------------------------------------------

    New firmware model = STT_FTM64GX25H

    New firmware revision = 1711

    ---------------------------------------------------

    Do you want find target drive(s)? (y/n)

     

    Når eg so trykka Y fekk jeg opp denne meldinga:

    Not found any drive. Press any key!

     

    Etter neste tastetrykk fekk eg denne meldinga:

    Floating poinnt error: Stack fault.

    Abnormal program termination

    Memory allocation error

    Cannot load COMMAND, system halted

     

    Heilt til eg tilfeldig forsøkte å endre frå stor Y til liten (y) - altso klikka Caps Lock. Då funka det. I manualen stod det at det ikkje var forskjell mellom liten og stor bokstav. Dette skjedde i august, to månadar etter fyste forsøk! (riktig inkl. en lang ferie i nord og problem med null signal til skjerm) No er eg igjen redd for å strande på ein tilsvarande måte.

     

    Er det nokon som kan forklare meg kva eg skal gjera, trinn for trinn, for å oppdatere HW og gjere SSD'en klar for reinstallering av win 7?

     

    Pr idag fungerer den med XP prof. - om eg booter frå SSD'en. I tillegg har eg to snurre-disker kor det ligg ein prøveversjon av win7 på den eine. Som eg kan boote frå gjennom å klikke F12 og velgja disk. No vil eg altso erstatte xp med win 7.

     

    Er denne lista korrekt:

    1. Kopi av heile disken (64 gb - kor kun 20 er brukt til system og programfiler)

    2. Kople frå dei andre diskane.

    3. Lage ein bootbar usb og leggja FW 1571, so 1819 og til slutt 1916 inn og installere trinnvis desse firmware-versjonane som beskrevet ovanfor.

    4. Starte opp med DVD'en med win 7 satse på at den finn SSD'en og installere OS.

     

    Er det noko eg har gløymt/misforstått/utelatt eller kva? Så lenge den fungerer idag må det ingen endringer til i BIOS? Med ny FW blir vel alt innhaldet på SSD'en sletta, så ingen formatering må til i forkant? Heller ikkje noko tilsvarande allignment som må gjerast mellom pkt 3 og 4 ? Eller justering av cluster-storleik? Og HP USB Disk Storage Format Tool er framleis enklaste måten å lage ein bootbar usb?

     

    (PC'en er svært lik denne komplett-pakken; men med Gigabyte GA-MA780G-UD3H og AMD II X3 720 )

     

    Takker på førehand for all hjelp og råd.

  13. Viruset er av den alvorlege typen. Kva i all verda skal eg gjera?

     

    Rådet frå brgr om å fjerne "MSConfig"="C:\\WINDOWS\\ServicePackFiles\\i386\

    \msconfig.exe /auto" hjalp dessverre ikkje.

     

    Via programmet ERUNT tek eg kopi av registeret og sys.filer kvar morgon "Via Planlagte Oppgaver". Det har redda meg tidlegare. I dag reinstallerte eg reg.+systemfiler slik dei var måndag kl 09:30 - då kopien vart teken. Restarta og opplevde at installasjonen framleis prøver å køyre ved oppstart. Men den finn ikkje fila som er på ein disk eg har kopla frå. Men no stopper prosessen slik at eg med oppgåvebehandlar kan sjå at det er programmet SPSS Statistics 17.0 som køyrer. Høgrekl. eg det og går til prosesser er det explorer.exe som vert utheva i prosess-lista. For meg tyder det på at installasjonsprosessen ikkje er eit separat program som er med i oppstarts-lista men ein prosess djupt integrert i Windows' oppstart. Det heile skuldast at eg i studie-samanheng i fjor haust lasta ned og installerte ein versjon av statistikk-programmet SPSS som eg henta via ein torrent.

     

    No er det ein prosess som heile tida leiter etter den unzippa mappa med dei nedlasta filene. Via programmet WinPatol FreeWinPatol Free fekk eg opp ei liste over ActiveX Controller og IE Helpers som er installert. Deaktiverte ei rekke av desse og restarta men dessverre so byrja installasjonen av SPSS framleis.

     

    I søken etter meir info om kva prosesser som ligg bak starta eg Process Explorer. Gjennom snarvegane Ctrl+L og Ctrl+H og so høgreklikke msiexec.exe (som det i process-lista er 3 versjonar av) får eg opp ei lang liste med interessant info om kva som er bak denne installasjons-prosessen.

     

    Sjå den vedlagte pdf-fila med masse printscreen frå Process Explorer. Skum igjennom den og gje meg gjerne råd om det er ein god ide å byrja med å fjerne dei msi-filane som det her er kobling til - og som er lokalisert i mappa C:\WINDOWS\Installer. Alle msi-filane der sidan 9. mars kunne eg flytte over på ein USB-pinne. So restarte og sjå om det lager noko endring.

     

    Nokon som har andre forslag på framgangsmåte for å bli kvitt viruset?

     

    Med relativt mange program installert etter mykje bruk av denne pc'n det siste 3/4 året har eg lite lyst til å installere Windows på nytt, men det forutset at eg blir kvitt dette viruset. Tek difor godt i mot alle forslag til korleis eg skal gå fram.

    ProcessExplorerPrintscreen.pdf

  14. Hei igjen!

     

    Som Malvarebytes fjerna eg også a-squared Free 4.5 . Syntes den siste oppførte seg rart. Ein ting den fann var ei exe-fil inne i Malvarebytes sin folder i C:\Documents and Settings\Mitt Navn\Lokale innstillinger\Programdata\...

    Har difor ingen logg å vise til.

     

    Skal fjerne "MSConfig"="C:\\WINDOWS\\ServicePackFiles\\i386\

    \msconfig.exe /auto" og sjå om det lager noko endring. Enig i at ServicePackFiles ikkje skal køyre ved kvar oppstart. Når Sp2 og Sp3 blir vel fullstendig integrert i Win når dei bli installert.

     

    No tek eg kveld.

     

    Takk for råda! Fylgjer opp med meir info i morgon!

  15. Takk for svaret!

    Gløymde å ta med at det er WinXP Prof, 32bits, sp3 eg har.

     

    Under HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\.. finner eg 6 Run-mapper:

    \Run

    \Run-

    \Run (Disabled by Starter)

    \RunOnce (Disabled by Starter)

    \RunOnceEx

     

    Den fyste har sub-mapper;

    \Run\OptionalComponents med 3 under-mapper:

    \Run\OptionalComponents\IMAIL

    \Run\OptionalComponents\MAPI

    \Run\OptionalComponents\MSFS

     

    Klarer ikkje å sjå noko alarmerande i nokon av desse nøklane. Her er ein tekst-versjon kor eg har eksportert kvar av desse mappene og samla dei i ei tekst-fil:

     

    Windows Registry Editor Version 5.00

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\Run]

    "COMODO Internet Security"="\"C:\\Programfiler\\Comodo\\COMODO Internet Security\\cfp.exe\" -h"

    "MSConfig"="C:\\WINDOWS\\ServicePackFiles\\i386\\msconfig.exe /auto"

    "StartCCC"="\"C:\\Programfiler\\ATI Technologies\\ATI.ACE\\Core-Static\\CLIStart.exe\" MSRun"

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\Run\OptionalComponents]

    @=""

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\Run\OptionalComponents\IMAIL]

    "Installed"="1"

    @=""

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\Run\OptionalComponents\MAPI]

    "Installed"="1"

    "NoChange"="1"

    @=""

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\Run\OptionalComponents\MSFS]

    "Installed"="1"

    @=""

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\Run-]

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\Run (Disabled by Starter)]

    "ISUSPM Startup"="C:\\PROGRA~1\\FELLES~1\\INSTAL~1\\UPDATE~1\\ISUSPM.exe -startup"

    "GBTUpd"="C:\\Programfiler\\GIGABYTE\\GBTUpd\\PreRun.exe"

    "ISUSScheduler"="\"C:\\Programfiler\\Fellesfiler\\InstallShield\\UpdateService\\issch.exe\" -start"

    "SunJavaUpdateSched"="\"C:\\Programfiler\\Java\\jre6\\bin\\jusched.exe\""

    "UserFaultCheck"="%systemroot%\\system32\\dumprep 0 -u"

    "Device Detector"="DevDetect.exe -autorun"

    "PWRISOVM.EXE"="C:\\Programfiler\\PowerISO\\PWRISOVM.EXE"

    "WinPatrol"="C:\\Programfiler\\WinPatrol\\winpatrol.exe -expressboot"

    "EasyTuneV"="C:\\Programfiler\\Gigabyte\\ET5\\ETcall.exe"

    "itype"="\"C:\\Programfiler\\Microsoft IntelliType Pro\\itype.exe\""

    "Adobe ARM"="\"C:\\Programfiler\\Fellesfiler\\Adobe\\ARM\\1.0\\AdobeARM.exe\""

    "Adobe Reader Speed Launcher"="\"C:\\Programfiler\\Adobe\\Reader 9.0\\Reader\\Reader_sl.exe\""

    "AdobeCS4ServiceManager"="\"C:\\Programfiler\\Fellesfiler\\Adobe\\CS4ServiceManager\\CS4ServiceManager.exe\" -launchedbylogin"

    "avgnt"="\"C:\\Programfiler\\Avira\\AntiVir Desktop\\avgnt.exe\" /min"

    "RTHDCPL"="RTHDCPL.EXE"

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\RunOnce]

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\RunOnce (Disabled by Starter)]

    "Malwarebytes' Anti-Malware"="C:\\Programfiler\\Malwarebytes2\\mbamgui.exe /install /silent"

     

    [HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\Windows\CurrentVersion\RunOnceEx]

     

     

    ****************

    Det einaste må vera "..mbamgui.exe /install /silent" men den må ha blitt generert i ettermiddag. For å sikre meg at Malvarebytes var ein "rein" versjon gjekk eg til MajorGeeksog lasta ned ein ny versjon, avinstallerte den gamle og install. denne i ettermiddag. Kor eg då definerte mappa Programfiler\\Malwarebytes2\ (med eit 2-tal til slutt).

     

    I Starter.exe har eg under "All Sections" fylgjande program som er med i oppstart:

    C:\Programfiler\Comodo\COMODO Internet Security\cfp.exe (COMODO Brannmur)

    C:\Programfiler\BitMeter\BitMeter2.exe (Bitmeter har eg brukt i årevis)

    C:\WINDOWS\system32\ctfmon.exe (vore med alltid)

    C:\Programfiler\FastStone Capture\FSCapture.exe (printscreen for å fange kva program som starter opp/køyrer - sikkert)

    C:\WINDOWS\ServicePackFiles\i386\msconfig.exe (litt usikker på om dette er måten å starte msconfig på, men eg kan sjå at programmet ikkje har blitt endra sidan i fjor haust. Restarta med dette fjerna men det hjalp ikkje)

    C:\Programfiler\ATI Technologies\ATI.ACE\Core-Static\CLIStart.exe (Skjermdriver-program eg har brukt lenge)

    C:\Programfiler\Stickies\stickies.exe (notat-program eg har brukt lenge)

     

    Klarer ikkje å sjå dei store forskjellane med det eg finn i registeret.

     

    Enig?

     

    Her er ein pdf-versjon med printscreen av Starter.exe og registeret;

    Register.pdf

  16. Installerte a-squared Free 4.5 i går og søkte etter virus på min 1 år gamle stasjonære pc m. WinXP sp3. Fekk fleire treff som Avira AntiVir ikkje hadde funnet tidlegare. Sletta div program og mapper og restarta pc'n. Då opplevde eg at eit installasjons-program starta automatisk - før alle oppstartsprogram hadde starta som ordinært. Og det har fortsatt til no. Klarer å stoppe det men blir ikkje kvitt meldinga om installasjon som startar opp utan at eg deaktiverer msi-prosesser (sjå nedanfor). Å unngå at det køyrer klarte eg umiddelbart gjennom å kople frå harddisken kor eg har plassert ALT av nedlasta program + + frå nettet.

     

    Trudde fyst det var eit nytt program som var i komen med i autom. oppstart men det var det ikkje. Gjekk derifrå vidare til å velge "Selektiv Oppstart" i Systemkonfiguarasjon (Win+R og limte inn /køyrde;msconfig). Fyst starta eg med kun den opprinnelege Boot.ini. Ingen problem. Tilsvarande med Win.ini, systemtjenester og sys.ini. Opna også desse filene og las igjennom innhaldet. Klarte ikkje å sjå noko suspekt.

     

    Fyst då eg enda opp på "Normal Oppstart" med >Alle Tjenester dukka installasjons-programmet opp att. Ved hjelp av Ctrl+Alt+Delete (Windows Oppgavebehadling) forsøkte eg å finne ut kva program det var men dengong ei. Ingen merkelege navn på Program eller Prosesser. Ikkje før eg høgreklikka explorer.exe og avslutta den prosessen forsvant meldinga (som i mellomtida hadde frosset fordi eg hadde kobla ifrå den eksterne harddisken eg hadde nedlastingsmappa og programmet installasjons-meldinga var kobla til). Straks eg i Oppgavebehandling gjekk til >Fil, >Ny oppgave og køyrde explorer.exe so dukka installasjons-meldinga umiddelbart opp igjen. So her er det tydelegvis ein msi-prosess som er kopla til sjølve Explorer.

     

    Neste trinn var Hijackthis.exe Scanna og limte log'en inn på www.hijackthis.de. Log'en som tekstfil er vedlagt her:HijackThisLog.txt Slik eg tolker det ser alt ok ut.

     

    Services/tjenester var det som stod att. Med Starter fekk eg ei liste med service'er som køyrer ved oppstart. Gjennom å køyre (Win+R) services.msc og velge dei av kategorien "Automatisk Oppstart" fekk eg opp 17 tjenester. Las meg igjennom dei og festa meg ved den som heitte Windows Installer. "Legger til, endrer og fjerner programmer som leveres som en Windows Installer Pakke (*.msi). Hvis denne tjenesten er deaktivert vil ingen tjenester som er avhengig av den starte". Ganske riktig, då eg fjerna den frå automatisk oppstart (gjennom å høgreklikke, velge >Egenskaper og >Deaktivert) so vart eg endeleg kvitt den irriterande installasjons-meldinga ved neste restart. (Eigenskapen til denne tenesten er "C:\WINDOWS\system32\msiexec.exe /V"

     

    Her er det tydelegvis ein installasjons-prosess (msi) som starter automatisk ved oppstart. Eg unngår den gjennom å deaktivere windows installer. Dessverre er det ikkje noko endeleg løysing. Msi-program har eg rett som det er behov for å køyre. Eg forsøkte også å restarte etter å ha brukt Starter til å fjerne auto-oppstart av alle program (unntatt COMODO Firewall). T.o.m. då starta installasjons-prosessen.

     

    Nokon som har forslag til korleis eg skal ringe inn prosessen som starter opp og få den fjerna. Og no tenker eg ikkje på å få foreslått antivirus-program. Heller nokon som har god kjennskap til kor eg skal gå i registert, kva program eg skal bruke for å avdekke korleis denne prosessen har integrert seg med explorer.exe. (Tek med på tampen at eg allereie har brukt to program til å rense opp i registeret. Og at hverken Malvarebytes, a-squared Free, Avira, eller SuperAntiSpyware finn noko mistenkeleg).

  17. Hadde same opplevinga som deg her om dagen. Liker ikkje program som er FOR glad i å endre registeret heile tida. Gjekk difor tilbake til Avira. Då eg skulle avinstallere fekk eg same feilmeldinga. Lasta ned Revo Unistallerog starta avinstallering via Revo. Rekna med å få opp feilmeldinga igjen og ville la Revo søke igjennom disk og register etter alt som hadde med Avast å gjera. Men då fungerte også det ordinære avinstallerings-programmet. Har ein mistanke om at dette ikkje er tilfeldig. Prøv Revo.

  18. Håper du er komen i hamn med re-installeringa og alt har gått bra. Men har du enno ikkje gjort det vil eg anbefale å fyst ta kopi av alle sentrale drivarar. Dette er ein slags mini-program som kobler Win XP/systemet til all maskinvaren. Dvs. alle fysiske einingar i din PC, som t.d. prosessor, harddisk, cd-brennar, skjermkort, skjerm, nettverkskort osv osv. Særleg når din PC dreg på åra er det smart å ta kopi av dei drivarane som allereie fungerer i den XP-versjonen du har i dag.

     

    Eit gratis program eg sjølv har hatt nytte av ved re-installering av XP er Double Driver. Unzip og køyr programmet og du får ei liste med alle dei installerte drivarane slik du kan sjå det her. Alle dei viktigaste er allereie huka av. Eg anbefaler at du via Save-knappen lagrar ei liste i tekstformat over alle desse og etterpå lagrar kopi av desse drivarane i ei mappe som du seinare kopierer over på ein CD eller minnepinne gjennom å klikke >Backup-knappen. Huker du av for valet >Include Double Driver kan programmet køyrast frå CD eller minne-pinne direkte etter at du har re-installert XP.

     

    Ta ein tilsvarande runde kor du kryssar av for >Select All og lagre desse i ei mappe nr 2. I fyste mappa har programmet selektert dei drivarane som er essensielle for systemet. Gjennom å lagre ALLE saman i ei mappe nr to vil du i ettertid kunne hente inn att når du kanskje fleire veker og månader etter at du har re-installert Win XP oppdagar at det og det ikkje fungerer som det gjorde tidlegare.

     

    Etter å ha re-installert Win XP er det berre å leite deg fram til den fyste mappa du lagra, køyre Double Driver, velja >Restore og og installere alle drivarane der. Då har den nye XP versjonen dei same mest sentrale drivarane installert som du har idag. På den måten har du i alle fall fått ei maskin som fungerer tilsvarande den gamle. Mange vil nok protestere og sei at det er betre å installere dei nyaste drivarane. Eg er heilt einig, men for å unngå å stange i veggen og ikkje koma vidare kan det vera like lurt å installere dei gamle og so heller prøve å oppdatere dei aller mest sentrale drivarane etterpå.

     

    Uansett, Double Driver er eit nyttig verktøy for å minimere sjansen for problem med re-installering av systemet. Det er alltid smart å ha kopi av systemets drivarar.

  19. Dei siste 12 mnd har AVIRA fleire gonger funnet virus i slike restore-punkt på ulike partisjonar på min Pc. Dei siste dagane har Avira gjort fleire funn. Nokon som veit råd om korleis eg kan finne ut kva for program/kode som lager dette?

     

    Problemet oppstod i fjor på min tidlegare PC. Fekk meg ny i fjor sommar, og gjennom å koble til den gamle harddisken har eg klart kunststykket å infisere også denne maskina. Avira gir denne meldinga;

    The file 'E:\System Volume Information\_restore{35D1B626-3B50-48A6-AC78-0344C8D73A3C}\RP113\A0049698.exe' contained a virus or unwanted program 'DR/AutoRun.FL' [dropper]

     

    Nokon som veit kvorleis eg skal gå fram for å spore opp syndaren? Mistanken er gamal programvare el. lign som ligg ikkje på E:partisjonen men N: (Har win XP prof, sp3) E-partisjonen er ein separat disk kor eg har ein prøveversjon av Win7 installert. Går det an å køyre eit program konstant som held akkurat rota på E: under oppsikt og gjev melding dersom eit program lagrer noko der?

  20. Igjen har eg opplevd at Amentio gir blaffen i meg som kunde! Byrja denne tråden fordi eg opplevde at eposten ikkje hjalp; dei sendte tilbud like fullt! So ringte eg inn, refererte til at eg mottok to svar på eposten, eit automatisk og eit som bekrefta at dei skulle slette meg frå listene, men like fullt mottok eg masse reklame. Ho lova å slette meg og beklaga at det hadde skjedd ein feil.

     

    I dag mottok eg den andre reklame-eposten sidan eg byrja denne tråden før helga! Skal no gjere som Aetius og gå til Forbrukerombodet. Og event. til Adresseavisen og forsøke å få dei til å skrive om kontoret til Amentio i Trondheim som systematisk bryter norsk markedsføringslov.

     

    I fyste innlegget anbefalte eg å bruke Spamavert.com til epost-adresse. No endrer eg anbefalinga over til å BOIKOTTE Amentio!

  21. Er det fleire enn meg som har vore så dum å ha handla på Amentio? I so fall er det sikkert ikkje berre eg som opplever å få epost-serveren fylt opp med reklame frå Amentio. Berre den siste veka har eg fått fleire! Fylte ut eit skjema på heimesida deira for mange dagar sidan og bad om å bli sletta frå deira kunderegister, fekk svar tilbake at; "Din epostadresse har blitt fjernet fra listen.". Men det var berre vrøvl!

     

    Reklamen strøymer på framleis! Dette er i sterk kontrast til andre nettbutikkar eg har handla hjå. Om eg får 3-4 eposter i året så skal eg ikkje sei noko men når det er fleire i veka så bør det rettast ein åtvaring til alle; Skal du absolutt handle på Amentio so bruk ei mellombels epost adresse som du t.d. kan lage hjå spamavert.com

     

    Merk at det også kostar 40 øre pr min frå fasttelefon og heile 2,96 til 3,49 pr min å ringe deira 815-nr om du har kontantkort på mobilen.

     

    Konkl; Det finnast nettbutikkar her i landet som har skjønt at det er viktig å behalde sine kundar. Det gjer ein gjennom å respektere dei!

  22. "BIOS settings er for øyeblikket IDE i compatible mode, men jeg har også prøvd AHCI", skriver du.

     

    Jfr manualen til ditt kort, side 83, SATA Configuration er [Enhanced] default. Ser du på siste side i denne pdf'en kan du lese; ACHI mode should not be used while installing windows with Intel chipsets due to known conflicts during installation which may slow or corrupt installation; installation is best handled in IDE mode and dependent on chipset should often be left disabled, but can be used after installation.

     

    Forslag; Endre SATA Config. over til Enhanced og sjå om du då "får napp" og finn disken. Event. so oppdatere Firmware og sjå om disken då vert funnen også i compatible mode. Her finn du litt info om dei to alternativa (og merk den utheva teksten);

    ..Compatible Mode is intended for use with operating systems such as Windows 98 and ME. Compatible Mode disables one of the IDE ports, allowing the Serial ATA controller to use that port and IRQ. This will then configure the Serial ATA drives as Primary/Secondary master or slave, depending on which IDE port was disabled.

    ..Enhanced Mode is designed for operating systems that will take advantage of this mode, such as Windows Vista, XP, and 2000.

     

    Og i forumet for min SSE her kan du leite deg fram til det 3. siste innlegget på denne sida (23.aug.) kor ein skriv; "I got the SSD as a boot/OS disk, so all my important stuff is on other drives. And Win7's system image backup works great anyway. As for when i upgraded the firmware, i was in IDE/Enhanced mode..."

  23. Eg merka og høgreklikka "diskbehandling" i din siste post og valgte "søk med Google" i menyen som spratt opp (i min Opera nettleser). Fyste treff var; http://support.microsoft.com/kb/309000/no - med teksten;

     

    Slik bruker du Diskbehandling

    Slik starter du Diskbehandling: Logg på som administrator eller som et medlem av Administratorer-gruppen.

    Klikk Start, klikk Kjør, skriv inn compmgmt.msc, og klikk deretter OK.

     

    Det går an å søke etter hjelp på eiga hand før ein spør andre!

  24. Finn du den heller ikkje i Enhetsbehandling kan du forsøke å koble dei andre diskane frå hovudkortet og restarte maskina med kun SSD'en tilkobla. Og då helst i "port 0" som den fyste SATA inngangen på hovudkortet oftast vert kalla. "SATA1 " skriv du. Har du ikkje ein som heiter SATA0?

     

    Mhp bios-innstillinger, kva for hovudkort har du?

×
×
  • Opprett ny...