Gå til innhold

Dabola

Medlemmer
  • Innlegg

    194
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Dabola

  1. I Itavisen pågår ein diskusjon om hastigheit og pris på breibåndet.

     

    Er du interessert i å sjekke hastigheita skal du heller installere det svenske programmet TPTEST 5.0 "TPTEST was originally developed by the Swedish ICT-commission, then later by the Foundation for Internet Infrastructure"..

     

    Du finn det på både Sourceforge.net og Softpedia eller direkte her; http://www.bredbandskollen.se/oldVersion.html

     

    Legg til ftp://ftp.uninett.no/ i serverlista (Alt+s) og start testen. Enkelt, sikkert og langt meir nøyaktig enn speedometeret som har nettleseren som ein særs variabel faktor. Måleresultata vert automatisk lagra og visast både grafisk og i tabellform (som kan eksporterast til tekstdokument).

  2. Når du skal lage mp3 versjoner av ein stabel med CD plater bør du spenne 10 minutt med lesing omkring mp3-formatet og då særleg avsnittet om Audio Quality. At valg av enkoder og korleis denne blir stilt inn er alfa og omega for korleis MP3'ane blir høyrandes ut. Kva plass har du på mp3-spelaren? Her i Hong Kong kan du kjøpe ein mp3-spelar med SD kortleser og usb-port for 13,80$. Med Transcend 2GB Mini-SD kort blir prisen 165 kr, fraktfritt. Den får du allereie 40-50-60 CD plater inn på, og det er ein bra stabel! Er stabelen høgare får du heller kjøpe to SD kort. Difor er det smart å ikkje gå for langt ned mhp bitrate. Dvs datamengde pr sek. musikk/lyd. Dei fleste mp3-filene som florerer har blitt laga med konstant bitrate. Her anbefaler eg sterkt at du bruker ein ny enkoder som kan produsere mp3 med variabel bitrate. Med det går volumet (størrelsen på fila) t.d. kraftig ned med samme kvalitet som konstant bitrate.

     

    Her finn du ein fersk test av dei 4-5 vanlegaste enkoderane, , LAME, Fraunhofer, iTunes og Helix. Nederst på sida vil du sjå at forskjellane ikkje er so alt for stor. LAME 3.97-enkoderen er det nok som er i bruk på dei fleste PC'ane her i landet. Sidan den har LAME, som eg sjølv bruker, kome med to nye versjonar. LAME 3.98.1 og ..2. rarewares.org har ferdig-kompilerte versjonar av LAME 3.98.2, den siste versjonen (anbefalt).

     

    Ser du på Lame's heimeside so ser du at dei har koblingar til 11 program som bruker LAME's enkoder. Kven av desse er meir ei smaksak. Det finnast mange andre. Sjølv brukar eg Audacity, men det er primært for lydredigering og ikkje det enklaste for "masseproduksjon" av mp3. Då heller gode gamle CDex 1.70(Beta2). So er det viktig at du henter siste enkoder, f.eks. LAME 3.98.2 frå rarewares, og kopierer fila lame_enc.dll over i CDex mappa (event plugins-mappa) CDex har ei go' hjelp-fil kor du kan lese om installasjon av enkoder. Under instillinger (F4) må du velge Lame-enkoderen og variabel bitrate med "-alt VBR" under punktet "kvalitet" og bitrate-intervall. Då er det berre å setja inn CD og finne knappen "Spor ->mp3" og jobben er gjort.

     

    Kvifor betale for MediaMonkey når CDex og eit hundretals andre gratisprogram har like enkle innstilliger av enkoderen? For det er det det heile dreier seg om. BonkEnc Audio Encoder er eit anna program som også får mykje skryt. M.a. at det er særs godt tilpassa LAME . Du får det også i zip-versjon, dvs du slepp å installere. Dei skriv på heimesidene; "...The RareWares DLLs use the BladeEnc interface instead of LAME's own API. Rename the DLL to BladeEnc.dll and copy it to the BonkEnc/encoders directory. It will then show up as BladeEnc v3.98 (or whatever LAME version you installed)." Gå so via >Innstillinger og velg BladeEnc.dll. Der er variabel bitrate og 192kbit satt som standard. Trykk Ctrl+E og ta deg ein kaffi! lykke til!

  3. Kvifor ikkje gratisprogrammet Screenshot Captor. Donationcoder.com som har laga programmet har også ein miniversjon, Minicap som du kan styre via kommandolinja. Treng du ikkje redigering er dette siste eit fantastisk program. Med MiniCap kan du heilt automatisert f.eks. starte Opera med ei spesifikk adresse, oppdatere sida, vente x sekund, ta screenshot med spesifikke x-y koordinat, tone ned bakgrunn, lage ramme automatisk, lagre i mappa x med navnet ...idag, klokkeslett osv. og lukke Opera og Minicap. Men ein slik prosess kan du også koble til eit enkelt tastetrykk og ta billeta manuelt. Men er dette siste det primære so skal du heller gå for Screenshot Captor.

  4. Mx skriv; "Evt høyre-klikke og velge ny fane.." Prøv heller å høgreklikk og velg >Innstillinger. Der klikker du fana "Knapper" og kategori "Nettlesar". Då får du fram eit panel med div. knapper, deriblandt også den du ved eit uhell har fjerna og som heiter "Ny". Klikk på den, hald museknappen nede og drag den til enden av fanerada og/eller til eit anna panel som du vil plassere den. Sjølv har eg denne knappen både t.v. for adresssefeltet og nede t.h. på fanerada.

  5. Speed Dial er navnet på "den 3x3 snarvei tingen", teletubbiekid.

     

    Mhp Speed dial har eg opplevd det samme tidlegare. Mest sannsynleg skuldast det at du har vore bort i ei kobling nederst til høgre på den "snarvei-tingen". Der stend det på nynorsk; "skjul hurtigvala". Det betyr "skjul hurtigvalgene" på halv-dansk. Du ser koblinga på billetet eg har lagt ved innlegget eg har 5 poster lenger oppe på denne sida.

     

    Sjå kva innstilling du har i opera:config#UserPrefs|SpeedDialState (lim dette inn på adr.linja) Min har verdien 1. Er den 2 eller 3 so er dette forklaringa. Lykke til! (endre til 1, gå nederst på sida og klikk >lagre"...

     

    Er ikkje dette forklaringa kan du sjekke at snarvegen 't ctrl' har verdien 'New page, 1' (kl. Ctrl+F12, klikk >avansert, >snarveger, merk 'tastaturinstillinger' og klikk >Endre).

     

    Før eg fant ut dette so erstatta eg knappen eg brukte for å opne ei ny fane med ein eg fann øvst her. ( Er du glad i Opera so er denne sida, TTT Buttons for Opera, verdt å bruke eit par timar på.) Etter det funka snarvei-tingen FØR eg hadde gjort endringar i opera:config. Lykke til!

  6. Min "minimerte" versjon ser du her; post-112157-1227978595_thumb.png (Linux Kubuntu). Øvst har eg fjerna hovudknapperad, kun adressefelt. For å få minst mulige menyer har eg valgt drakta: "opera_standard_zuper_slom". Denne har allereie små ikon so eg har ikonstorleik på 90%. Merk knappane i høgre billedkant. Det er den personlege verktøylinja med kun ikon, ingen tekst. På min 24' widescreen får eg plass til ca 30 snarveg-ikon på denne linja. I tillegg har eg definert ytterlegare 24 hurtigvalg på "ny,tom fane".

     

    Tek med eit anna tips som også har med plass å gjere og er særs bra dersom du har widescreen; åpne to sider,side om side. Ser du på billetet so har eg drege Diskusjon-forumet sitt lyseblå ikon frå adresse-feltet og sluppet det på panelfeltet heilt til venstre, øverst. (Like t.v. for overskrifta "Den store Operatråden"). Når eg klikker på den der so får du sida opp som eit panel! Dvs to faner, side om side! (Panelet du får opp når du trykker >F4).

     

    Til slutt; Å få fanerada opp på tittellinja trur eg ikkje går med Opera. Det gjorde det iallefall ikkje sist eg såg det debattert for 1-2 år sidan på opera-forumet. Men det er ein go' ide. Fleire web-editorer o.a. program som er fane-baserte har det allereie. På billetet har eg ca 30 faner, side om side. Det er faktisk mindre enn normalt...

  7. Enig i rådet om å bruke Revo Uninstaller til ordinære avinstalleringar av program som du allereie har installert. Men vil du sikre deg ytterlegare kan du få eit program til å analysere kva endringar som vert gjort i registeret under ei installering. Kva nøklar som vart sletta, endra og nye som vart lagt til. Med danske ZSoft Uninstaller gjer du det endå grundigare enn det Revo U. klarer. Men då må du fyst la JZSoft kopiere registeret, so installere ny programvare, og igjen la JZSoft kopiere registeret og samanlikne før/etter (automatisk). Skriv inn navnet på den nye programvaren og jobben er gjort.

     

    Sjølv har eg hatt mykje nytte av denne ekstra-runden med JZSoft. Mange installasjoner utfører opp til tusenvis av nøkkelendringar i registeret. Til dømes kva for program som brannmuren skal godta å koble seg på nettet uten spørsmål. Mange av desse er det umogeleg for t.d. Revo U. å finne. Og endå verre; få dei tilbakestilt til den verdien som var FØR den nye programvaren vart installert. Denne ekstra-runden med JZSoft gjer at ei installering tek 4-5 minutt lenger enn vanleg. Men dette gjèr eg gjerne. Det er gull verdt om du er glad i å prøve ut ny programvare og ikkje ser akkurat med glede fram til at systemet byrjar å skralte og Windows må reinstallerast.

  8. I tidlegare versjonar av Open Office var dette litt plundrete. I versjon 3 er det gjort på eit blunk. Og er kanskje ein grunn til å hoppe over frå Microsoft?

    Etter å ha installert OO går du via menyen >Verktøy >Språk og >Hent fleire ordlister frå Internett. Der kan du i søkefeltet skrive "Norwegian" og du kjem hit. Når du her klikker på "Get it" so får du spm. om kva program du vil opne denne nedlastinga (utvidinga) i. Har du restarta PC'n etter installeringa frå du mest sannsynleg opp OpenOffice som foreslått 1. alternativ. Då er det berre å klikke >Enter og OO starter opp med menyen "Utvidingar" og det er igjen berre >Enter som skal til for å installere Nynorsk og Bokmåls ordlister. Kopier inn teksten du har skrevet i Word og klikk F7 og nynorsken er retta, ikkje rettet ! :D

  9. Tipset som HLSolbjorg ga deg er korrekt nok, (-window)

    men det kan vera skjèr i sjøen. Det har fyst og fremst med programkoden for programmet du forsøker å ikkje få i fullskjerm. Den kan gjere det vanskeleg. To andre alternativ;

     

    1. Prøv ei spesifikk oppløysing, også fargedybde, med "CustomResolution:enabled" i staden for -windowed 1

    Erstatt dette siste leddet med til dømes -CustomResolution:enabled -r1440x900x16 Altso

     

    "C:\Program Files (x86)\mIRC\mirc.exe" -CustomResolution:enabled -r1440x900x16

     

    Oppløysinga kan du prøve deg fram med. Høgreklikk skrivebordet, velg >Egenskaper og >Innstillinger og du vil sjå kva oppløysing du har på skjermen idag. Prøv eit av standard-alternativa lågare enn det du bruker idag, a la 800x600, 1024x768, 1280x1024, osv... Og tilsvarande prøv å gå ned til ei fargedybde på 16 (om du har 32 som standard - som dei fleste har). Dette siste er ofte nøkkelen som skal til.

     

    2. Eit anna alternativ er å stille inn ei spesifikk oppløysing for programmet via skjermdriveren. Eg bruker NVIDIA skjermkort, og i kontrollpanelet kan eg starte opp "NVIDIA Desktop Manager". Etter å ha aktivert den er det mogeleg å skalere det enkelte programmet m.m. Dette siste er avhengig av ditt skjermkort og kva driver du har.

  10. Vil du ha pdf'er splitta opp i fleire filer so skal du heller bruke PDF Toolkit. Gratis, og enkelt å bruke for mange typer behandling av pdf'er. Sjå mitt innlegg her.

    (Tips; Plassererer du pdftk.exe i sys32 folderen i Window so kan du etter restart køyre programmet over alt.)

     

    Kommandoen for å hente ut f.eks. side 1 til 80 av pdf-dokumentet Original.pdf til Ny.pdf er:

    pdftk A=Original.pdf cat A1-80 output Ny.pdf

    Legg du ved pdftk.exe i eposten kan du be mottakeren koble saman dei to pdf'ane som forklart i innlegget eg har kobling til ovanfor og pdf'en er som originalen!

     

    Er du ukjent med å bruke kommandolinja so finn du informasjon her.

  11. Har også Office 2007, men Microsoft bruker eg ikkje til pdf fordi dei motarbeida pdf i årevis fordi det ikkje var deira eige format. OpenOffice hadde pdf-eksport integrert i fleire versjonar før MS såg at dei ikkje hadde noko val. Difor HiSpeed, ikkje bruk Microsoft til å produsere eit filformat dei har motarbeida i årevis. I alle fall so lenge du får like bra gratis-verkøty som OO.

     

    Gløymde å ta med eit anna val som OO har; Å kunne definere oppløysinga til billeta i DPI og ikkje kun i %. For dei fleste som skal lime inn eit billete i pdf-format er det snakk om å skalere ned kvaliteten. Billetet er oftast ein stad mellom 20 cm (marg til marg) og 4-5 cm breie. Er originalbilletet på 2-3 mb er % ikkje optimalt. Då heller velge ei oppløysing på antal dot pr tomme, DPI. Med ei nedtrekks-gardin på 75, 50, 150, 300, 600 og 1200 er spekteret dekka. Har eg limt inn eit billete på 2 mb til å dekke halve sidebreidda. Då er det kjapt å definere 150 eller 300 DPI - og du får ei særs go' oppløysing og volumet fell ned til ein brøkdel.

  12. Takk for svara. Dere bekrefter vel at Nero framleis er som før; overdimensjonert, treg, lite bruksvennleg og laga av nokre som vil vise kor flinke dei er å bruke "tøffe effekter". Med eit installasjonsprogram som sikkert framleis ikkje er nøgd med å gjere 100 endringar i registeret men heller tusenvis...

     

    Merker meg tipset om AstroBurn. Skal prøve ved neste brenne-runde. Det du nevner, kjetilkl, er nok til at eg ikkje vil prøve Ashampoos "Burning Studio". Kan ikkje fordra slik DM, direkte markedsføring pr epost mot kunder som har vore so dumme og handla med dei.

     

    Når det gjeld omkoding, BonzoDog, so foretrekker eg nesten alltid å gjere det med spesialprogram. Unntaket er f.eks. mp3 og flac kor CD Burner XP gjer ein go' jobb. Mhp EAC so har eg opplevd at andre ( som CDex) klarer jobben betre - særleg når det gjeld å få CD'ane funksjonelle også i endre eksterne CD-spelarar.

  13. Ser at Nero 7 er tema om dagen. Det er 6-7 år sidan eg sist benytta Nero til brenning. Fekk "Nero i halsen" ein gong eg hadde kjøpt ny skrivar og benytta den vedlagte CD'en. Resultatet vart ein masse søppel-program inn på harddisken. Har sidan vore nøgd med CD Burner XP. Men då med eit lite unntak av ein del mislukka brenningar som eg trur kvaliteten på CD' og DVD'ane skal ha mesteparten av skulda for.

     

    Er det nokon grunn til å igjen prøve Nero? For dei som har erfaringar med begge/fleire; Skal eg fortsette med CD Burner XP og dei andre gratis alternativa eller er det noko eg "går glipp av"?

  14. Bruk heller Open Office!

    Som du sikkert veit kan OO opne alle format i Microsoft's Office pakke, deriblant også ppt-filer. Frå OO Impress kan du so eksportere ppt-fila til pdf-format. På denne måten vil den grafiske kvaliteten bli langt betre i vare teken enn om du bruker PDFcreator. Denne siste kan du best samanlikne med ein scanner. Resultatet blir ein tydeleg høgare kvalitet - og lågare volum. Særleg gjeld dette ordinær skrift.

     

    Eg gjorde eit forsøk med denne ppt-presentasjonen om myringoplastikk-operasjoner ved sjukehuset i Elverum. 15 lysbillete med mest tekst og eit par grafer. PDFcreator med standard instillinger laga ei pdf-fil på 6291kb medan OO tilsvarande laga ei fil på 2078kb. Og den siste har tydeleg betre grafisk kvalitet!

     

    PDFcreator laga ein gjennomgåande kvit høgremarg på alle dei 15 sidene. OO fylte kvar side 100%. På den siste sida med detaljskrift kan ein sjå tydeleg at den grafiske kvaliteten vert tydeleg betre gjennom OO. Til tross for at storleiken på fila er berre 1/3.

     

    Er det billete i presentasjonen kan du i OO ta vare på kvaliteten 100%, eller kva du vil av komprimering. Her får du fleire val-mogelegheiter når du går via >Fil >Lagre som PDF. Men nesten uansett kva du velger av komprimering vil kvaliteten bli betydeleg betre enn via PDFcreator. Du får og ein del andre viktige val; -event. å ta vare på url'er slik at dei er "klikkbare" i pdf-dokumentet, -å be om fullskjerm-modus slik at når pdf-dokumentet vert opna i pdf-lesaren so skjer det direkte i fullskjerm-modus, -skjule meny- og/eller verktøylinja....

  15. For guds skuld, tenk deg om to gangar før du installerer Freelang Dictionary! Den snur opp ned på heile systemet!

     

    Med Virtualbox og mogelegheita til å ta ein "kopi" av WinXP før installasjonen av Freelang for so med eit par klikk gå tilbake til WinXP før installasjon so lasta eg ned og målte nøyaktig kva Freelang gjorde av registerendringar. Dette gjorde eg med ZSoft Uninstaller. Den samanliknar registeret før og etter installasjon. Resultatet blei ei liste med 39550 endringer i registeret! 19980 nye filer OG nye registernøklar, samt 19562 sletta registernøklar. Over 95% av dette gjaldt endringer for Comodo Firewall, min brannmur. Men også ein masse endringar for Explorer, Opera, + + Kva type program er det som går laust på brannmur-instillingane og og foretek tusener av endringar?

     

    Å installere ei ordbok à la WordWeb o a. er det vanleg med ei håndfull nye registerverdier. Ser at Softpedia kaller det "100% Clean" men for meg er saken heilt grei; eit installasjonsprogram som foretar tusenvis av endringar i registeret er "100% Shit" - spør du meg.

  16. Som du sikkert er klar over so er det å foreta ein backup ein relativt enkel prosess med dei aller fleste programma. Eg er enig med Hårek og anbefaler særleg DriveImageXML fordi det er funksjonelt både til å hente tilbake både enkeltfiler, mapper og heile partisjoner etter at noko har gått gale.

     

    Det å hente enkeltfiler og mapper er bra forklart her. Og i verste fall kan du gjere dette manuelt med andre program fordi backup'en er xml-basert. Ei mappe i den nye harddisken din kan du definere som standard backup mappe og DriveImageXML vil overskrive sist backup - om du vil. Må du reinstallere Windows skal det t.o.m. gå an å flytte tilbake ein komplett c-partisjon (system).

  17. Anbefaler JkDefrag. Sjølv bruker eg den via skjermsparer'n. Har stilt den inn slik at når den kobler seg inn sjekker den om det er meir enn 12 timar sidan sist. I so fall starter JkDefrag opp og når den er ferdig so tek ordinær skjermsparer over. Men det går også an å definere eit starttidspkt til dømes om natta. Som beskrevet på deiras heimesider;

     

    How can I run JkDefrag automatically every day?

    It's a great idea to run JkDefrag automatically every day by adding it to the Windows scheduler, like this:

    Start -> Control Panel -> Scheduled Tasks -> Add Scheduled Task

    The wizard starts, click 'Next'.

    Use the 'browse' button to select the 'JkDefragCmd.exe' program.

    Select 'daily', next, select a time, next.

    Enter a userid/password with administrator privileges, click 'Finish'.

     

    For ordens skuld: brukar du mi løysing med skjermsparer so skaper det null problem å bryte av og ta i bruk Pc'n. Di løysning har fordelen at du då kan restarte PC'n FØR du defragmenterer. Det gjer at ein god del viktige Windows-filer o.a. i minnet då blir med i defragmenteringa.

  18. Er målet å få fyllt ut eit skjema med PC'n, skrive ut eller lagre so anbefaler eg PDF Xchange Viewer. Med den kan du plassere ein markør, bestemme font, og skrive inn tekst kor som helst i eit pdf-dokument. Sjølv har eg benytta det mange ganger til akkurat det å fylle ut div. skjema. Som dei skriv; "Type directly on any PDF page, not just Adobe enabled forms documents - in Typewriter mode." Forøvring mitt standard pdf-program. Bestemt det beste når det gjeld dei ulike gratis-alternativa.

     

    Sjå også mine tips mhp å slå saman fleire pdf'er, reparere,splitte, kryptere, lage vannmerke, trekke ut enkeltsider osv i dette innlegget.

  19. Avsluttande kommentar:

    No vil eg ikkje kaste bort meir tid på å argumentere mot ein person som ikkje skjønar teikninga i det heile. Etter ein undersøkelse ved univ. i Bergen viste det seg at majoriteten av studentane benytta seg av kontantkort av ulike typar som mobilabonnement. Median-alderen er tett over 20 år og dei fleste har til felles at økonomien er trang. For dei fleste av desse koster det 3,39 øre å ringe til S.' hovudnummer.

     

    Pr august 2008 har Skandiabanken 320.000 faste kunder. Majoriteten av desse er utvilsomt unge mennesker. Er kvar av desse i gjennomsnitt i samtale med S. ein halvtime pr år, dvs 2-3-4 samtaler tilsvarer det 10 millionar minutter pr år. Estimerer eg at 20 % av desse brukar mob.telefonar med dei nevnte kontantkort-abonnementa vil det sei at Telenor og dei andre teleleverandørane har ei inntekt på desse som tilvarer 2mill * 3,39 = ca 6,8 mill kr i omsetning. Hadde S. benytta ordinært tel.nr ville omsetninga ha vore 2 mill * ca 80 øre = 1,6 mill. Sagt på ein annan måte; for at Skandiabanken har takka ja til Telenor å benytte eit spesial-nr må deiras yngste kundar betale ca 5 million ekstra. I tillegg kjem all ekstra-omsetninga som teleleverandørane får når kundane ringar frå ordinære telefonar.

     

    Skandiabanken har ein del goder som gjer at dei har takka ja til tilbodet frå teleleverandøren. Dei får utstyret og programvaren i ein ferdig pakke klar til bruk. Dei kan ringe internt, også med mobil, gratis. Oppstår det tekniske problem so har dei eit nød-nr dei kan ringe og få raskt teknisk hjelp. Alt denne servicen medfører sjølvsagt ein kostnad for Telenor men mikroskopisk i relasjon til 5-6-7 million kr som kundane betaler ekstra via telerekninga.

     

    Det heile har sitt opphav i at Telenor og dei andre store leverandørane møtte ein betydeleg nedgang i omsetninga då fri konkurranse vart innført i telesektoren. Neste trinn var internett-basert telefoni som gjorde at dei utmeisla ein konkret strategi mot det å få kanalisert so mykje som mogeleg av trafikken over på spesial-nummer. Dette vil ikkje la seg gjere når private ringer andre private. Men når private ringer til næringsliv, offentlege institusjonar osv kan trafikken flyttast over på ulike spesial-nummer. Telenor gjorde ein masse utredningar for å sjå korleis dette var gjort i andre land. Det vanlegaste var å tilby ulike gulrøtter i form av ferdige pakker med goder som fri intern telefon, også mobiltelefon-basert, sentralbord-løysingar kor kven som helst kan tre inn og avlste i rush-periodar, særs rask teknisk support og mykje meir. Motytelsen er at bedrifta/institusjonen bruker spesial-nummer slik at kostnaden vert kasta over på den som ringer.

     

    Hadde all denne ekstra-betalinga som dei med minst betalingsevne blitt kanalisert vidare til Skandiabanken so skulle eg ikkje ha sagt so mykje. Men realiteten er at Telenor - og tilsvarande leverandørar til andre selskap - sit att med ein enorm gevinst etter kostnaden er fratrukket. Berre dei siste par åra har dei teknologiske løysingane eksplodert. Det går idag an å få ferdige amerkianske pakker kor alt er programvare-basert. Når du ringer frå din privat-tel til f.eks. NRK på 23 04 7000 so vert nr'et gjenkjent og kanalisert til den du snakka med sist - f,eks oppe i Vadsø. Forutan investeringa har dette ein kostnad lik null øre. Marginalt.

     

    Og til slutt særleg til deg, Xell; Sjå for deg ei Taxi-kø ute på byen natt til søndag. Det er ei lang kø... Dei som stiller seg opp bakerst funderer på kor lang tid det vil ta... So spreng det ein kar fram og tilbake og held orden på køa og fortel omtrent kor lang tid det vil ta. Han krever ein 50-lapp frå kvar i køa for denne kommunikasjons-tenesta. Då ville folk ha protestert mot å betale i massevis for noko som eigentleg ikkje er noko teneste. Men nokre klarer ikkje å sjå at dette er ein unødvendig kostnad. Taxi-sjåførane gjev blaffen fordi dei sit inne i den varme bilen er likegyldig. Dette er passasjerane sitt problem og ikkje vårt!

  20. Kanskje du bør setja deg inn i ein problematikk før du uttaler deg, Xell. 3900 innlegg taler sitt!

     

    Det er 100% Skandiabanken som tek avgjerda når dei sit i møte med telefonleverandøren. For over 65% av næringslivsaktørane vil det sei Telenor. For trafikken utgjer det ca 80%. Då tilbyr Telenor mange alternativ. For ein kundetelefon er ikkje noko teknisk i vegen å benytte lokal-nr. Det finnast det tusenvis av bedrifter som døme på. Mange av dei med avdelingar over heile landet. Ringer du t.d. NRK 23047000 kan dei setja over til nesten 2000 ulike kontorer og avdelingar frå Vadsø til Kristiansand.

     

    Når eg no les din argumentasjon so overlater eg til andre lesarar å sjå kva nivå ditt resonnement ligg på;

    ...det fleste bruker nettbanken

    ...unntaksvis bruker "telefonbaken"

    ...like gjerne klage over at S. ikke har filialer over alt...

     

    Realiteten er at Telenor har ekstra-inntekter på langt over 1 mill. kr fordi Skandiabanken har valgt det dyraste alternativet for sine kunder.

  21. roter med...

    Eg har framleis dokumenter frå den gong eg vart kunde - for 7-8 år sidan kor det er deiras ordinære tel.nr som er utheva; 55 26 00 00. Også på nettet var dette tel.nr tilgjengeleg. Det er fyst i det siste at det ordinære tel.nr - som et rimeleg alternativ - er "viska ut". No er det ikkje tilgjengeleg på nettet, gule sider osv... Kun 810-nummeret.

     

    Og det at det koster 3,39 pr minutt å ringe Skandiabanken, altså 4-dobbel ordinær takst, skjønner du tydlegvis ikke, trulte77. Men unge mennesker med kontantkort og dårleg økonomi skjønar kva eg meiner.

  22. Skandiabanken går i dag tungt ut i media og skryter av sin nye profil. Det dei ikkje nevner er at dei har fått nytt telefonnr, 810 01 001 - som er særs dyrt å ringe til. Særleg gjeld det yngre kunder som har dårleg økonomi. Fordi mange av desse bruker kontantkort el liknande abonnement i mobiltelefonen. Med dei vanlegste abonnementa hos Telenor, 22FriFiks, Fri20, og kontantkort kostar det 3,39 pr min å ringe Skandiabanken. Difor bør dei leggja ut ein advarsel på heimesida;

    Er du kunde hos oss - så ikke vær så lite økonomisk at du ringer og forstyrrer oss!

     

    Mange trur at 810-nr er billegare enn 5-sifra tel.nr (som dei fleste er klar over er dyre). Og det veit Skandiabanken svært godt om. Men dei går ut ifrå at "våre kunder er så dumme at de vet det ikke". Så hysj.. hysj...

     

    Tenk om dei hadde hatt kundane sin økonomi i fokus like mykje som til dømes Kaupthing bank - som nederst på framsida offentliggjer sitt telefon-nr; Tel +47 24 14 74 00. Her koster det ca 80 øre/min å ringe fra dei fleste mobil-abonnement. Her taper Telenor millioner i omsetning. Men for Kaupthing Bank og mange andre har faktisk kundenes økonomi høgare prioritet enn Slottet ute på Fornebu si evne til å betale 61 millioner i årsløn til direktøren (jfr likninga for 2006) i denne Dagsavis-artikkelen. Det er Skandiabanken og liknande selskap som er "snøplog" og brøyter veg for Telenor-direktørane m.fl.

  23. hei igjen!

     

    Satte meg nettopp ned foran pc'n - og ser at du nettopp har svart.

     

    Eit analogt modem er den tilkoblingseininga som du må bruke dersom du skal koble deg til nettet via ei gamaldags telefonlinje. I motsetning til eit digitalt modem. Kort fortalt; det er særs få som får behov for eit analogt modem i dagens internett-verden. Og færre og færre blir det. Lykke til med ny'pc'n.

  24. Anbefaler Easeus Partition Manager. Gratis-versjonen gjer jobben.

     

    Mhp partisjonering so skal du vera litt forsiktig! Det kan oppstå feil, sjølv mhp oppgåver som eigentleg skal vera plankekøyring, og då kan heile PC'n skjera seg. Dvs du må installere Windows på nytt. Ta difor sikkerheitskopi, i alle fall av dine dokument + +. Til dømes kopier over på DVD'er med gratis-programmet DriveImage XML.

     

    Nyleg hadde eg for liten plass på ein av mine partisjoner. Då brukte eg Easus PM til å utvide partisjonen og benytte litt ledig plass. Straks du må redusere ein partisjon for igjen å utvide ein annan so er det heile litt meir risikabelt. Anbefaler sterkt å fyst pakke saman partisjonane med f.eks. JkDefrag.exe. Også dette gratis. Har du erfaring med å bruke kommandolinja vil du med kommandoen "JkDefrag.exe D: -a 6" flytte alt innhaldet på D:\ til enden av partisjonen.

    Dette gjer prosessen sikrare dersom du f.eks. har to partisjoner (f.eks. C:\ og D:\) og skal redusere storleiken på D for å kunne utvida C. I so fall anbefaler eg å flytte innhaldet på D til enden av harddisken (med kommandoen foran) for so å gjere det motsatte med C; Køyr kommandoen "JkDefrag.exe C:" Då flytter du alt innhald på C til byrjinga av partisjonen (harddisken).

     

    Neste trinn blir å redusere / utvide hhv D:\ og C\: . Her refererer eg hjelpefila som fylgjar med Easeus Partition Manager. Les nøye det som stend om "Resize/Move Partitions". Tips; ikkje redusèr partisjonen du har ledig plass heilt til limit'en. Det auker sjansen for at du får problem.

     

    Merk deg også at her har eg forutsatt at du skal auke storleiken til systempartisjonen C på bekostning av D! På din harddisk kan det vera andre navn på partisjonane. Men det veit du sikkert. Klikk windows-tasten nede t.v. + R og lim inn kommandoen " diskmgmt.msc " , >enter og du får opp "Diskbehandling" for ei oversikt over dine partisjoner i windows. (På denne måten kan du også køyre JkDefrag gjennom å lime inn full adresse til programmet. F.eks;

    " C:\Programfiler\JkDefrag\JkDefrag.exe D: -a 6 ")

     

    Lykke til !

×
×
  • Opprett ny...