Gå til innhold

Dabola

Medlemmer
  • Innlegg

    194
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Dabola

  1. Ikkje stol på PayPal's garanti.

     

    Bestilte nokre batteri og ein lader i månadsskiftet Mai/Juni. Fekk ikkje leveransen men las tilfeldig på nettet om andre som opplevde veldig lang leveringstid på batterier fordi dei no må sendast pr båt; http://www.dinside.no/930200/er-det-trygt-aa-handle-fra-dealextreme

    Tenkte i Juli at eg får vente til eg kjem attende frå ferie. No i August sendte eg melding til Selger - via Paypal - men ikkje noko svar. Etter dette også klage til Paypal.

     

    Der oppmoda eg PAYPAL og Ebay om å kontakte selger - som hadde epost: [email protected]

     

    Oppmoda om å få svar til mi epost adresse. Fyst i dag, når eg igjen logga inn, finn eg svaret:

     

    "Status

    This dispute closed because it was opened for more than 45 days after the transaction date or did not meet other filing criteria."

     

    Konklusjon: For dei 10-20 % av leveransane som tek over 6 veker eller ikkje kjem fram i det heile tatt har PayPal sin GARANTI ikkje betydning. Klager du

    må du oppgi ordre-nr. Det har ein dato. Er 46 dager gått, og det er ikkje lang tid, så skal du ikkje rekne med å få pengane attende.

     

    Prøv berre å sende epost til Selger. Han svarer ikkje. På Ebay hadde han høgaste karakter. "Reliable". Mon tru om ikkje Ebay og PayPal får ein del av denne svindelen...

  2. Takk for svaret. Nei, eg visste vel at det ikkje går an å endre bokstaven på den fungerende windows-partisjonen. Såg nettopp på heimesida til EasyBCD at med to win7 på to partisjoner vil systemdisken vera C: på begge to! Eg kan boote inn i kun ein om gangen og då vil denne ha "navnet" C:. Dette problemet er løyst.

     

    Ja, eg stod og spann litt på om det i det heile var naudsynt å initialisere SSD'n men no er det uansett gjort. Det går vel bra. Problemet sist var forresten ikkje å få disken aktivert men "aligned".

     

    Nokon som veit om det er andre program enn Virtualbox som vil få problem etter at eg endrer disk-oppsettet frå SATA til ACHI i Bios?

  3. For 4-5 år sidan fekk eg ein 64 gb SSE i min stasjonære pc. Fyst då eg fekk hjelp her i frå forumet kom eg i mål og fekk disken aktivert ++. Ein feil eg gjorde var å ikkje endre frå IDE til ACHI i Bios. Då eg endeleg fekk det gjort (via ein re-installasjon) opplevde eg at mine Virtualbox-baserte gjester ikkje fungerte lenger.

     

    Denne gang skal eg ta trinnet med ein 2012-versjon Multicom bærbar PC, over frå SATA til ACHI. Frå ein 500 GB snurredisk til Samsung SSD 840 Evo. Win 7-64 på begge.

    For 3 veker sidan var eg i Hong Kong og på CyberCenter, eit varehus med hundrevis av små pc-sjapper. Der fekk eg satt inn denne 120 gb Samsung'en. (Prisen var forresten 640 HK$. Multiplisert med 0,76 blir det knapt 490 n.kr). Endeleg er det ferie og på tide å ta den i bruk. Pr idag er disken initialisert, MBR-basert, og klar til partisjonering.

     

    Denne gang vil eg helst oppleve å kunne bruke alle mine virtuelle disker vidare. No går det an å eksportere dei virtuelle diskane. Mest sannsynleg er dette nøkkelen; å eksportere dei frå dagens Virtualbox.

    (1) Nokon som veit om eg vil få problem om eg importerer dei over til min SSD-baserte ny-installerte Win7-64?

     

    (2) Ikkje sant; det fyste trinn vil bli å gå inn i BIOS og endre til ACHI-basert? Før eg installerer Win7-64.

     

    Det neste eg lurer på er stasjonsbokstaven. Pr idag har eg 5 partisjoner på snurredisken. Dagens Win. er på C:/ . Planen er å bruke eit bootloader-program slik at eg i ein overgangsfase kan boote inn i både dagens og det nye windos-systemet. Etter denne "fasen" ville det ha vore optimalt å ha Windows på C:/.

     

    (3) Kva om eg endrer bokstaven på dagens win-partisjon til D:/ FØR eg installerer Win til ein ny C:/-partisjon på den nye SSD'en? Vil eg i so fall klare å boote inn i det gamle systemet - på D:/ ? For meg - som amatør - høyrast dette litt usannsynleg ut. Nokon som har gode tips her? Jauda, det går an å bruke program til å overføre dagens system til den nye disken.... Også å boote frå f.eks. D:/ - som eg har tileigna den nye system-partisjonen på SSD'en.... Men eg vil ha ein ny, rein installasjon - og helst unngå å ha systemdisken på D: dei neste 2-3 åra.

  4. Klarte å punktere og øydeleggja det eine heilårsdekket. Dei tre andre tåler fleire år enno. Difor er eg interessert i å finne eit av samme typen, event to i samme dimensjon. Heller enn å kjøpe 4 nye.

     

    Nokon som har tips om firma som har godt utvalg med brukte dekk? Event opphuggeri i kortast mogeleg avstand frå Bærum.

  5. Nei, det hovudkortet er basert på North Bridge type AMD 790FX og klarer ikkje dei nyaste modellane. Sjå lista her;  http://www.gigabyte....&cs=AMD%20790FX . Har Phenom II X6 1100T som "max-modeller" innan AM3, og nedst finn du AMD FX-4130 som einaste AM3+ modell.   Prøv heller å få tak i ein Phenom II X6 1090 eller 1100T. Mi maskin han ein 1090T på eit litt nyare Gigabyte HK og eg er særs nøgd med ytelsen.  Hugs at med eit sopass "gamalt" HK får du heller ikkje utnytte farta i dagens minnebrikker.

  6. Takk for prisoversikta, Nik0.   Når du ser desse prisane er det viktig å vera merksam på at dei er langt over det 10-dobbelte av det som er reell kostnad for dei norske mobiloperatørane.  Over 90% er REIN profitt.  Når ein starter opp tel. etter ankomst nytt land er 1. valget den operatøren som Onecall har inngått hovudsamarbeid med.  Dette gjeld begge vegar.  Det er ei vrangforestilling at eg har brukt eit kinesisk nett som svindler med skyhøge priser.  Nei, det er Onecall som kanaliserer meg til det nettet dei aller helst vil eg skal bruke.  Resultatet er at dei kan fakturere meg med 110 kr for dei 10 sekunda eg høydre på den telefonsvareren då eg gjorde 3 forsøk på å kontakte ein Hong-Kong-mobilabonnent.  Eg er overtydd om at desse 10 sekunda kosta Onecall mindre enn ei krone!  Då blir det over 10.000% fortjeneste!   -Perfekt, vil Onecall sei!  

     

    For samanlikninga si skuld.  I Malaysia, som eg kom i frå, hadde eg eit Malaysisk SIM-kort, kontantkort.  Frå leverandøren http://www.maxis.com.my   Prisen på samtaler til Noreg direkte, fast-tel, var 16 cent, eller 28 øre pr minutt.  ( http://www.maxis.com...p?iStruct=0:4:0 )  Men til alle mobiltelefoner måtte eg ut med 78 cent, eller 1,45 kr pr minutt.  Dette gjeld stort sett til alle vestlege land.  La inn tala 132 foran 0047-xx.. og ringte i veg.  Her i frå Kina må eg ut med ca 40 øre pr min til fast-tel og mob. i Noreg.  Onecall betaler MINDRE enn desse prisane når eg bruker mitt Onecall-abonnement i HK eller kva land det er snakk om.

     

    Men, som War dokumenterer,  dei lukkast med å få mange til å tru at det er såååå dyrt for dei når ein kunde av dei bruker abonnementet utanlands.

     

    Som nevnt foran, om få veker er mitt 5-6 år gamle kundeforhold med Onecall historie. Eine og aleine pga dette "strategiske lommetyveriet".  Ingen liker å bli lurt trill rundt.

  7. I Noreg sit det mange som trur på dette vrøvelet at dei norske operatørane blir fakturert so MASSE frå den utanlandske operatøren for slike samtaler.  Rart det då ikkje skjer i tilsvarande skala i andre land.  Eit godt døme er at eg kom frå Malaysia via Hong Kong til Kina.  Å bruke mitt malaysiske kontantkort her i Kina er ingen problem.  Koster vèl 1 kr pr minutt å ringe innanalands i Kina.  Dvs ca det 5 dobbelte av prisen å ringe frå Malaysia til Kina (og Noreg) - ca 12-15 øre pr minutt.

     

    Også her ringer eg frå Kina til Malaysia og tilbake til Kina.  Med Onecall koster dette over det 100-dobbelte.  Hadde mi telefonering på 10 sekund kommet opp i ein time ville fakturaen ha blitt på kr 36.000.- (6 x60 x100.-) Og så sit her andre forbrukarar her på Diskusjon.no og forsvarer at Noreg er det dyraste landet i Norden og Europa å bruke mobiltelefon.

     

    Teletilsynet har gått hardt ut mot dei norske operatørane sin radikale forskjell på dette området i forhold til ellers i Europa.  Nedover på kontinentet finnast det millioner på millioner av kontantkort-abonnement som fint kan nyttast utanlands (også i Asia) utan at prisen blir hundre-dobla.  I Frankrike er dette regulert slik at også f.eks. i Hong Kong ville ein forbruker ikkje bli fakturert meir enn ein euro pr minutt el. liknande.

  8. Var nettopp ein tur i Hong Kong med min Onecall Kontantkort telefon.  I ein hastesituasjon gjorde eg tre forsøk på å nå ein annan som stod og venta på meg.  Tre samtaleforsøk til ein lokal mobiltelefon.  Endte alle med ei melding om at mottaker ikkje var å nå - på engelsk.   Fekk i dag faktura frå Onecall:

    3 utg. samtaler, varigheit til saman 0:10 minutt, pris kr 104,94.

    Sendte i staden 4 SMS'er som førte til kontakt.  Prisen pr SMS er 6 kr, totalt 24 kr.  Resultatet av desse var at eg fekk telefon tilbake.  Varigheit 16:20, pris kr 120,74.  

    Tipper kostnaden for Onecall overfor mobiloperatøren i HK for desse 10 sekunda utgåande er på under 1 kr, SMS'ane tilsvarande og nokre få kroner for dei 16 inngåande, resten av den 1/4-tusen kroner store fakturaen er rein profitt.  I andre bansjer kallast det SVINDEL !   Går berre an fordi det er ei PERFEKT gråsone for eit selskap som trenger mange godtruande kunder som kan manipulerast på denne måten.

     

    Straks eg er heime att skfiter eg til anna leverandør.

  9. Også gratisprogrammet CoreTemp ( http://www.alcpu.com/CoreTemp/ ) klarer dette fint.

     

    Sjå http://www.alcpu.com.../viewtopic.php? Lagrer fila i ei komma-separert tekstfil (xxxlog.csv ) i program-mappa som du lett importerer til Excel/Libreoffice.  Gå til innstillinger og velg intervall på 3600 sekund, aktiver med F4, og huk av for "Enable at startup".  Det er det heile. 

     

     Merk at du får eit regneark med 5 kolonner for kvar kjerne i prosessoren.  Min/max temp, kjerne-aktivitet i % osv.  Vil du ha kun EI rad med kun tidspunkt i fyste kolonne samt snitt-temperatur eller maks-temp. for alle kjernene i den neste kan du få dette til gjennom å køyre FLEIRE versjoner av CoreTemp samtidig. 

     Men enklast er det vel å merke og slette alle kolonner unntatt dei to fyste den dagen du åpner csv-fila i eit rekneark.

     

    Slik ser csv.fila ut med mine innstillinger (klokkeslett,dato,temp...) og to kjerner:

    Time,Core 0 Temp. (°),Core 1 Temp. (°),,Core 0,Low temp. (°),High temp. (°),Core load (%),Core speed (MHz),Core 1,Low temp. (°),High temp. (°),Core load (%),Core speed (MHz),

    10:02:58 12/05/12,47,46,,,36,49,1,1446.76,,36,47,1,1297.09,

    11:02:58 12/05/12,48,47,,,36,58,7,1446.76,,36,53,3,1346.98, osv.

  10. 5 minutt seinare:

     

    Eit anna døme på kor seriøse Multicom er viser brotet på markedsføringslova dere finn gjennom prissettinga av produkt nr 2 i denne lista; http://www.multicom.no/Vanlig-storrelse-14-16/cat-c/c100561 Markedsføringslova presiserer at det ikkje er lov til å operere med spesifikke prosentvise rabatter i relasjon til "vanleg/veiledande pris" utan at denne siste er etablert i ein "ikkje ubetydeleg tidsperiode og den har vore modus (dominerande) pris i denne perioden."  For EI veke sidan kom Multicom med eit NYTT produkt.  Mishan W150E med prosessoren Intel Core i7-3610QM.  Fram til for ca 10 dagar sidan var det ein billegare prosessor og prisen var 6495 - som W350E.  

     

    No har dei satt inn ein større prosessor.  Dvs "nytt produkt".  (Dvs det blir heilt feil å samanlikne med ei maskin med merkbart dårlegare prosessor).   I staden for å samanlikne med siste pris på 6495, dvs ein PRISOPPGANG på OVER 7%  manipulerer dei marknaden systematisk med å skrive "minus 7%" - og samanlikne med VILLEIANDE pris på 7495.-

     

    Oppfordring til interesserte; Ta kontakt med Multicom og spør kor mange maskiner dei har solgt av denne modellen til prisen 7495 - og kor lang periode denne prisen var gjeldande for denne modellen.  Då dei endra prosessoren for vel ei veke sidan var prisen ca 7200.  

     

    Det heile handler om halding til oss kunder.  "-Klart vi systematisk kan manipulere alle de som er dumme nok til å gå inn på Multicom.no".  

     

    Eg gjev uttrykk for denne kritiske haldninga fordi marknaden i Noreg har behov for fleire og mindre leverandørar som kan ta opp konkurransen med RIMI-Hagen (Komplett ++ )og dei andre som dominerer den nettbaserte delen av datamaskin-marknaden.  Men då må dei fyst og fremst profilere seg som seriøse.  Det Multicom gjer gjennom å SYSTEMATISK forsøke å manipulere tusener av nordmenn gjennom desse feilaktige prisopplysningane er å profilere seg som USERIØS!

  11. Kjøpte W350E for to veker sidan.  Rett før avreise til Asia.  Vart lova ein fredag formiddag at den blir sendt samme dag, men sjølvsagt klarte ikkje Multicom å halde den avtalen.  

     

    Når du ringer er det ei datamaskin som svarer dag.  Då får du ei unik mogelegheit; å prøve lykken!  Og sjå om det fungerer.  Gjennom ca 30 oppringinger trykka eg 3 for support og opplevde at linja vart broten over halvparten av tilfella.   Rart at ikkje datamaskina til Multicom la inn ein 5 sek. kommentar;  "Vennligst prøv lykken igjen, ha ha ha".  Men prøv nå endelig å forstå at du har nådd eit selskap der "Kunder" er ei gruppe forstyrrende mennesker som vi må prøve å halde så langt unna som mulig".   Dei skal i alle fall lære at det å kjøpe datamaskin fra Multicom må dei aldri finne på igjen!

     

    Beklager å fokusere på Multicom og ikkje W350E - som du er interessert i.  Vil berre at du skal forstå at det er ei datamaskin du eventuelt handler med.  Prøv aldri å ta kontakt med dei.  Oppstår det problemer så er dette eit av dei selskapa som har som haldning;  -oppstår det problemer med produktet eller leveringa så er det ikke vårt problem!

     

    W350E'en ankom 24 t før avreise.  Hadde behov for pc med norsk tastatur og tok sjansen på å ta den med hit til Kuala Lumpur, Malaysia (og seinare Kina).  Installerte Win7-64 i ei fart og kopierte over epost og masse dokumenter.  Etter ankomst her borte merka eg at touchpad'en ikkje fungerer som den skal.  Berre i løpet av dette innlegget har eg opplevd to ganger at markøren bakover oppover i teksten 1-2-3 linjer.  Er merksam på at handflata og tommeltott ikkje kjem nedanfor mellomrom-tasten men likevel skjer dette.  Er det drivar, hardware eller system.  Sendte ein epost for 1 veke sidan til support om dette temaet samt at eg opplevde blåskjerm.  Fekk svar 3 dagar seinare - som byrja slik;  "Beklager at det har tatt so lang tid...."   Resten omhandla blåskjermen.  Ikkje eit ord om touchpad'en.  

     

    Det KAN hende at tekniker har rett i at feilmeldinga/koden i samband med blåskjerm indikerer at det hadde meir med programvare og ikkje hardware å gjera.

     

    Forutan desse problema - store nok for den del - har maskina fungert som forventa.  Skjermen med oppløysningpå 1920x1080 var ei positiv oppleving.  Forøvrig er det plastikk som dominerer.  Forsøkt skjult gjennom ei imitert metall-overflate.  Som deg er meininga å få satt inn ein SSE men pga at leveringa tok 6,5 døgn rakk eg ikkje å få satt inn SSEn eg hadde liggjande før avreise.

     

    Win7's eigen ytelsesmåling indikerer at harddisken er flaskehalsen; kun 5,9  Med rein windows scora maskina 7,1 på professor, 7,2 på (spill-)grafikk og 7,5 på minne.  Vil nok hjelpe med SSE, ja.  Installerte Virtualbox og eit Linux-system (mint) i forgårs.  Å køyre virtuelle maskiner er det tydeleg at maskina ikkje er bygd for.  Går markert mykje tregare enn mi 3 år gamle ADM-baserte stasjonære (med 1090T) klarer.

     

    Det er opp til deg sjølv.  Eg hadde lyst til å handle med ein mindre leverandør - for å få personleg service.  Opplevinga var det motsatte.  Tydeleg at leiinga i Multicom har som strategi å profilere seg så dårleg som dei kan - sett i forhold til dei store markedsaktørane.  

     

    Uansett, lykke til!

  12. Takk for tipsa vidarkri! Har nettopp bestilt den 2. du foreslo frå Multikom; W350E Valde denne fordi den har betre batteri enn den fyste du anbefalte. For meg er det også ein nøkkelfaktor at eg kan be om å ikkje få med Windows. Kanskje eg legg det inn, men skal i allefall ha ein partisjon med Linux Mint. skal prøve å bruke den til litt avanserte lydopptak med eksternt lydkort. Men i fyste omgang skal den bli med om 10 dgr til Malaysia og Kina. Å kjøpe der borte er det samme som langt dårlegare byggekvalitet, ikkje æøå og ingen garanti. Men speilrefleks kamera skal eg gå til innkjøp av i Hongkong.

     

    Igjen, takk for rådet!

  13. Det var litt av ei historie! Kr 11250 for å registrere eit familieabonnement som blir kansellert. Trudde ærleg talt ikkje at Tele2 opererer i samme kategori som dei mest lugubre inkassoselskapa og liknande svindel og bedrag. Fott at du åtvarer oss andre i forumet!

     

    Fleire og fleire selskaper har som strategi å skape konflikter - for så å påleggja EKSTREME gebyrer for at kjøparen skal gå klar.

     

    Enig med dei andre at du her bør ta kontakt med Forbrukerrådet. Dersom du/dere i familien har vanlege privat-abonnement hjå t.d. Telenor eller liknande - som du fekk tilbod om å overføre til Tele2 - går det ikkje an for Tele2 å henvise til at angrefristlova ikkje gjeld. Det er heilt sikkert her sakens kjerne ligg; Tele2 har gitt x ansatte i oppgåve å forsøke å lure nokre hundre småselskap og enkeltmannsforetak til å bite på pinnen. For så å sei at du driv eit firma og dermed er det kun kjøpslova som gjeld. Strategisk bevisst gjort for å lure deg på limpinnen.

     

    Slik du forklarer det var det her snakk om at familien skulle konvertere abonnementa dere har i dag over til Tele2. Dersom det er PRIVATE abonnement dere har i dag OG at det var 100% klart at du/dere ikkje skulle ha x antal NYE abonnement i tillegg til dei dere opprinneleg hadde så er det berre tull og tøys dersom Tele2 henviser til at angrefristen ikkje gjeld og dermed fakturere deg for 11 tusen kroner! Skal familien endre abonemmenta frå Private abonnement til Firma Abonnement krevast ei spesifikk godkjenning for dette! Sagt på ein annan måte; Du hevder at Tele2 sa at det var synd på deg som betalte så mykje for ditt eksisterande abonnement i Telenor. Då sei dei implisitt at dei ville at du skulle gå over til Tele2 som operatør i staden for Telenor. Ja då er det snakk om endring av x antal private abonnement frå Telenor til Tele2. Skal abonnementa endrast frå deg/dere privat til ditt firma så må det ei spesifikk godkjenning til! Til dømes at du sender ei spesifikk erklæring på at du er eigar av mobilnr xxxx og samstundes firma YYY og at du vil overdra mobilnr xxxx frå deg personleg til ditt firma. Slik eg forstår deg har du ikkje gjort dette og då trur eg det er berre for deg å kontakte Tele2, henvise til dette, og be dei svindle nokon andre meir lettlurte!

     

    Ein annan ide kan vera å snakke med Telenor. Dere er i samme båt og vil begge behalde kundeforholdet. Spør Telenor's salgsavdeling om eg ikkje har rett; at det må ei spesifikk godkjenning, skriftleg, å konvertere eit mobilnr frå ein eigar privat til hans/hennes firma. Og vice versa.

     

    Fortell oss på forumet korleis det går. Du er ikkje den einaste som desse humbug-selskapa forsøker å svindle.

  14. Hei Ainnersch!

    God ide å byggja sjølv. Det er ikkje vanskeleg. Gjer deg litt kjent med komponentane når du får pakken/pakkane - før du set igang. Bruksanvisinga som fylgjer HK er "lett" å forstå. Rettare sagt, du vil oppleve få situasjoner der du blir ståande å spinne; "-er det slik eller slik dei meiner". Eit godt tips er å søke med navnet på HK etter video på Youtube. For Asus P8Z77-V finn du 26 stk. (Start med dei tre på kinesisk :dribble: ).

     

    Vèr merksam på at her på dette forumet har det rulla utallige diskusjoner om enten-eller-valget; AMD eller Intel. Og det opplever du her og no. Det har med pris og kvalitet å gjera. Eller pris og ytelse. Det som bør vera avgjerande er kva du skal bruke pc'n til. Forstår eg deg rett skal den den ikkje brukast til så mykje spel men samtidig klare god video-avspeling og ellers kjapp og god til dei vanlegste måtane å bruke ein pc på. Dvs. at du ligg sånn "midt på treet". Kanskje t.o.m. knapt nok det. Å spele av i full hd er peanøtter for ein prosessor som er 4-5 år gamal. Sjølv den billegaste AMD'en du har fått foreslått klarer å redigere ein full-hd film utan problem. Og det krever det tidobellte av ressurser. Det eg prøver å sei er at du kanskje ikkje skal leggja lista aller øvst men heller halde att litt.

     

    Forslag; kjøp den foreslåtte AMD A-Series A6-3670K. Den held i massevis og gir deg gode signaler til skjermen til og med når du speler av hd-video på ein skjerm og samstundes har eit krevjande spel på naboskjermen. Jaudå, Intel ER betre til videoredigering osv., men ein AMD til under 1000 kr klarer det også i 99% av tida -uten at du opplever problem med "frysing" osv...

     

    Bruk dei pengane du sparer til ein IKKJE green snurredisk. Akkurat fordi du har operativsystemet på ein SSD vil ein green harddisk koble inn spareblusset når du i perioder kun bruker SSD'en (ved f.eks. nettleser) og når du så plutseleg skal lese/skrive til green disken blir du sitjande å vente på at den skal starte opp att.

    Uansett; lykke til!

  15. Ein anna ting du kan sjekke i kontrollpanel er kva win. er innstillt til å gjere når ein ny cd vert satt inn. Har du win7 går du til >Kontrollpanel, >Alle kontrollpanelelementer og >Autokjør.

     

    1. alternnativet der er kva win skal gjere når du setter inn ein lyd-cd. Er det standarden, spel av med windows media player, er det kanskje ein ide å heller velge "spør meg hver gang" (el. Spel med Videolan VLC media player", som eg har valgt).

     

    Eller avinstallèr den. Det er fleire måter å gjere det på, jfr Microsoft;

     

    Method 1: Uninstall Windows Media Player in safe mode

    Start the computer in safe mode. To do this, follow these steps:

    Restart the computer.

    Press F8 while the computer is restarting.

    Click Safe Mode, and the press ENTER.

    Click Start, click Run, type appwiz.cpl, and then click OK.

    Click Windows Media Player 11, and then click Remove.

    Follow the prompts to uninstall Windows Media Player 11, and then restart the computer when you are prompted.

    If Windows Media Player 11 is not removed, try Method 2.

    Back to the top

    Method 2: Run a program to remove Windows Media Player

    If Method 1 does not work, you can use this procedure to uninstall the core of Windows Media Player.

    Click Start, click Run, type %windir%\$ntUninstallwmp11$\spuninst\spuninst.exe, and then click OK.

    Click Next, and then click Finish.

     

    To prevent Windows Update from downloading Windows Media Player 11, follow these steps:

    Click Start, point to All Programs, and then click Windows Update.

    Click Custom, and then click Software, Optional in the Microsoft Update Home pane.

    Expand Windows Media Player 11.

    Click to select the Don't show this update again check box.

     

    Note If the Don't show this update again check box is unavailable or dimmed, click to clear the Windows Media Player 11 check box, and then click to select the Don't show this update again check box.

    Click Review and Install updates to save the setting.

  16. Sjølvsagt finnast det gratisprogrammer for å leggja tekst, bilder m.m. opp å pdf'er. Eit av dei - og det som eg anbefaler - er PDF-XChange-View. Har brukt dette programmet i ei årrekke som standard pdf-lese-program. Du kan også hente ut teksten frå eit pdf-dokument for vidare behandling i ein tekstbehander. Finnast også i ein portabel versjon (ikkje nødvendig med installasjon). Her kan du lese kva ein del brukarar syntes om programmet.

  17. Anbefaler avidemux. Som dei fleste program skal det litt prøving og feiling til men når du blir vant med programmet kan du få til det meste. Kort fortalt; last inn ein video/film-fil, under Format til venstre velger du kva for ut-format du vil ha. Tilsvarande velger du kva for dekoder du vil bruke under "Video". Deretter klikker du >Filters. Der velger du kva for type redigering du vil utføre; klippe, endre storleik, X x Y, osv. gjer du under "Transform", videre finnast det grupper av verktøy for endringer mhp, farge, støy/kvalitet, skarpheit, avsnittsdefinering osv osv. Medan du redigerer er det smart å gå på >View >Prewiew og >Side by side - og du kan sjå resultatet t.h. for originalen. Klippe gjer du med verktøya nederst på skjermen. Lykke til

     

    http://fixounet.free.fr/avidemux/

  18. Anbefaler programmet PhotoFilmStrip

    Gratis, åpen programkode, og fungerer som en smurt å lage DVD baserte slideshow. Trenger ikkje installasjon. Du kan prøve å laste ned siste versjon i zip-format (2 veker gamal) og unzippe til ei mappe og prøve programmet. Merk at det då forsøker å koble seg til internett for å bli oppdatert, men det er ingen fare med eit åpen kjeldekode-program.

     

    Hent inn x antal billete, sortèr, definèr bevegelser (f.eks. at eit ståande billete som ikkje passer til tv-skjermen viser du med å zoome inn nederste tredjedel og x sekund seinare er det tilsvarande øvste tredjedel av billetet som er i fokus). Til slutt lagrer du serien i (S)VCD, DVD, HD el. Full HD. Bilde for bilde eller som film. Med det siste alternativet kan du bruke flash-format og fleire andre. Anbefaler å prøve det. Om du får det til med 900 billete (?) gjenstår å sjå. Men den serien hadde eg ikkje hatt tolmod til å sjå.

    Programmet er også tilgjengeleg for Linux. Lykke til!

×
×
  • Opprett ny...