Gå til innhold

Sony avkrefter rykter om kopisperre (PS3)


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Dette er kanskje eit passande tidspunkt å presentere begrepet "FUD" for forumet på gamer.no: FUD er ei forkorting for "Fear, Uncertainty and Doubt", og er ein strategi som ofte blir teke i bruk innan data- og teknologi-verda når det er ei konflikt mellom to høgt profilerte og konkurrerande produkt, som t.d. Playstation 3 og XBox 360. Strategien er enkel, ein sprer rett og slett litt tvil, usikkerheit og frykt om det produktet ein er imot, og let jungeltelegrafen ta seg av resten. Ein treng ikkje ha nokon vesentleg substans for å spre litt FUD, det kan vere nok med svært vage uttalelsar, gjerne spreidd under eit dekke av å vere ein "bekymra kunde" (sanninga er ofte at ein er fanboy for konkurrenten sitt produkt). Strategien kan ofte vere effektiv, fordi frykt, usikkerheit og tvil har det med å overleve offisielle avkreftelsar.

 

Litt meir om FUD kan ein lese her.

 

Kan vere greit å ha i bokhovudet i desse dagar.

 

Kay

Lenke til kommentar
Dette er kanskje eit passande tidspunkt å presentere begrepet "FUD"

5162316[/snapback]

Noe av det morsomme er jo at kanskje det groveste/mest effektive tilfellet av FUD i moderne tid har fått sitt eget uttrykk: "To Dreamcast" (opprinnelig fra Sony sitt råkjør mot Dreamcast-konsollen der de pøste på med ting om PS2 som var tatt helt ut av luften nettopp for å få folk til å tvile på Dreamcast - og det funket).

Endret av Doogle
Lenke til kommentar
Noe av det morsomme er jo at kanskje det groveste/mest effektive tilfellet av FUD i moderne tid har fått sitt eget uttrykk: "To Dreamcast" (opprinnelig fra Sony sitt råkjør mot Dreamcast-konsollen der de pøste på med ting om PS2 som var tatt helt ut av luften nettopp for å få folk til å tvile på Dreamcast - og det funket).

5165819[/snapback]

Interessant :). Hadde faktisk ikkje høyrt om dette, men klarte å finne ein liten artikkel med litt informasjon (frå ei noko partisk kjelde).

 

Akk ja, ein skiten taktikk er det i alle høve, og den ser ikkje ut til å avta i popularitet. Synest dette tilfellet eigentleg var ganske typisk: Nokon startar eit rykte om at PS3 vil ha eit utruleg nazi kopibeskyttelses-system. Sjølv om det har lite grunnlag i fakta, blir ryktet blir slått opp som nyhende mange stader i spelpressa (t.d. her på gamer.no). Dei som har bestemt seg for ikkje å like PS3 svelger det sjølvsagt rått som eit faktaoppslag, medan PS3-tilhengjarane blir svært bekymra. So kjem avkreftelsen, som gjer eit mykje mindre inntrykk på lesarane enn det opprinnelege ryktet. Nokon vil truleg ikkje få han med seg i det heile, og fortsatt rekne med at der er gode sjansar for at PS3-spel vil bli låste til den første konsollen dei blir brukte på. Andre får det med seg, men bekymringa frå det opprinnelege ryktet heng att: "Får bare håpe at dei ikkje planlegger ein enda verre kopisperre i staden da."

 

FUD successful.

 

Kay

Lenke til kommentar
I og med at Sony drev med noen stygge anti-piratkopiprogrammer i CD'ene sine nylig, så tror jeg nok dette var en reell tanke borte i Sony sine lokaler.

5169090[/snapback]

Kanskje det var ein tanke, kven veit? Det dukkar sikkert opp mange stygge idèar både hos Microsoft og Sony, utan at dei automatisk får gjennomslag av den grunn. Men det endrar absolutt ikkje at dette ryktet hadde basis i rein spekulasjon, og at det har stilt Sony i eit negativt lys sjølv om det ikkje var sant. Det er derfor det er FUD, FUD, FUD!

 

Kay

Lenke til kommentar
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...