Gå til innhold

Ny telefon med abn. under 1000,-


KimNK

Anbefalte innlegg

Hei!

No har eg hatt min k800i med tele2 i fleire mnd. over bindingstida, så det er vel på tide å bytte snart sjølv om eg fortsatt er kjempefornøgd med den.

Denne gongen er eg frista til enkelt og greit å gå for ein k850i til 1,- med Chess GoldXtra, men pokker heller. Det er jo nesten same telefonen som eg har frå før og litt spaning i kvardagen må ein ha. Har litt lyst å prøve Nokia igjen no, for det har eg ikkje hatt det sidan 5110 sine glansdagar. I mellomtida har eg hatt eit par SE, Samsung, Siemens og LG, og det er vel SE som eg gjevnt over har vore mest nøgd med, men eg føler for å gi Nokia ein sjangse igjen.

Derfor er eg kort fortalt ute etter ein telefon som kan måle seg med k850i helst til under tusenlappen, gjerne ein Nokia med abn. til 150,- eller mindre i månaden. Har kikka på N95 (1599,- Chess) som eigenteleg er litt dyr og N81 (1,- Chess) som har fin pris, men som eg av ein eller annan grunn er litt skeptisk til.

 

Av andre ting eg bør legge vekt på kan eg vel seie at eg set pris på eit brukbart kamera (som k800i eller betre) og god mp3-funksjon er sikkert ein fordel, men ikkje noko eg kjem til å bruke mykje. Stor og god skjerm er finfint.

 

Forslag - gjerne med pris og link (Mååå ikkje vere Nokia) vert motteke med stor takk. :)

 

Edit: Leste testen av LG KU990 no, og må sei at dette virka svært lovande. Hvis denne klarer å hamle opp med N95 trur eg dette blir førstevalget. Svinebillig med Chess er den òg. :)

Endret av KimNK
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...