Gå til innhold

Røten ytelse på World in Conflict-demoen


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg lasta nett no ned demoen av World in Conflict og tenkte eg ville spele denne litt. Men når eg etter kvart finn ut at eg sjølv på Medium på grafikkinnstillingane ikkje klarar meir enn 19 FPS i snitt på den innebygde ytelsesmålinga og spelet hakkar som ei ljosbiletframsyning - ja, då begynner eg å lure på om noko ikkje er som det skal...

 

Fyrst litt om spesifikasjonane på PC-en min:

 

- Athlon 64 X2 4200+ (overklokka til 2,5 GHz)

- 4 GiB DDR-RAM

- XFX GeForce 8800GTS 320 MiB

- 250 GB Western Digital SATA-300 harddisk

- 19" LCD-skjerm (køyrer i 1280x1024)

- 500W Nexus PSU

- Windows Vista Ultimate 64-Bit

 

På System Requirements Lab kjem dette oppsettet godt over det som er Recommended for World in Conflict. Det skal ikkje vere nokon program eller prosessar i bakgrunnen som strupar ned ytelsen heller.

 

Eg veit ikkje heilt kva det kan vere som er i vegen, men her er min teori: Eg oppgraderte til det skjermkortet eg har no samstundes som eg oppgraderte til Vista. Før hadde eg eit 7800GT. Då eg skulle prøve Neverwinter Nights 2 rett etter denne oppgraderinga så merka eg temmeleg mykje dårlegare ytelse enn før. Eg rekna med at kompatibilitetsproblem i forbindelse med Vista var problemet, og tenkte ikkje meir over det. Så, ikkje lenge etter, merka eg noko anna rart: Skjermkortet let seg ikkje overklokke, ikkje så mykje som ein Megahertz, uansett kva eg finn på. Og no dette med World in Conflict, der eg har kjenningar som køyer spelet glatt på same innstillingar med svakare PC.

 

Dette får meg til å lure på om problemet kan vere eitt av to:

 

1) Det er noko gale med skjermkortet. Ein annan ting som kanskje kan støtte denne teorien er at eg av og til, ved "kaldstart" av maskina, må trykkje Reset-knappen ein gong for å få skjermbilete.

 

2) PSU er for svak. Det skulle han ikkje vere, men ein veit aldri. Eg legg merkje til at 12V-linja vert meldt til å liggje rundt 11,8V i Everest når PC-en går "på tomgong". Er dette litt for stort avvik, kan hende?

 

Eg vonar det er nokon her som har nokon innspel på dette. Eg er dessutan interessert i å høyre kva slags ytelse andre med tilsvarande maskinvare får.

 

(Det er mogeleg dette skulle vore posta under maskinvare, men eg tek sjansen på å leggje det her sidan problemet er såpass uvisst og handlar om ytelse i dataspel. Viss ein moderator føler at dnne høyrer betre heime ein annan plass så er det berre å flytje heile stasen! :))

Videoannonse
Annonse
Gjest Slettet-UUbruw
Skrevet

Har du prøvd å deaktivere DX10? det hjalp for meg...

Skrevet

Nei, det skal eg innrømme at eg ikkje har prøvd... Eg såg etter i innstillingane om det var nokon plass ein kunne gjere dette, men eg fann det ikkje. Kor finn eg eventuelt dette?

Gjest Slettet-UUbruw
Skrevet

Er ikke sikker på demoen, men på fullversjonen er det en boks helt nederst ...

Skrevet (endret)

Okay, eg kan ha oversett denne. Eg får ta ein kikk til! :) Uansett, takk for tipset!

 

REDIGERT: Vel, då var det testa. Eg gjekk opp frå 19 FPS i snitt til 26 FPS. Prosentmessig bra, men elles ikkje noko å hoppe i taket over... :p

 

Det er greitt nok at PC-en min ikkje er av aller, aller nyaste sortering, men er ikkje dette litt snautt?

Endret av Garegaupa

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...