Gå til innhold

Oppgradering av stasjonær P4-maskin.


Anbefalte innlegg

Heisann, godtfolk.

 

Sommaren er komen, og for ein vanlegvis fattig student kjem sommarjobben, feriepengane frå i fjor og tilbakebetalinga av skatt godt med. Noko av dette tenkte eg å nytta på å oppgradera den stasjonære datamaskinen min, som nok godt kunne ha godt av det. Eg nyttar dataen til skulearbeid, sjå på filmar, høyra på musikk, spela (BF2), og ynskjer iallfall å køyra nokre av dei nyaste spela i nokonlunde høg oppløysning.

 

Slik ser datamaskinen ut i dag:

 

Gainward Geforce 6600GT 128 Mb skjermkort

Abit IC7 hovudkort

P4 2,6 GHz prosessor

1 Gb DDR mine type desse

 

Eg tenkjer eg må i det minste byta ut skjermkortet, og pøsa på med meir minne. Spørsmålet er eigentleg om eg vil tena på å byta ut hovudkortet og prosessoren også? Eg har ikkje følgd så mykje med på prosessortrendane den siste tida, men eg vil jo tru det har skjedd ein del over dei to siste åra sidan eg kjøpte den. Eg las nett ein stad at AMD sette ned prisane sine for litt sidan, og at Intel planleggjer å gjera det same rundt den 22. Eg har aldri vore borti AMD, men er godt nøgd med Intel, så det er vel det som er mest interessant.

 

Så vidt eg har forstått støtter ikkje det hovudkortet eg har no PCI-express, men berre AGP, og denne teknologien held visst på å gå i gløymeboka. Eg tenkte å satsa på 320 Mb-versjonen av Geforce 8800 GTS (kva slags merkje veit eg ikkje enno) viss eg veljer å byta ut alt, i og med at det ser ut til å vera eit kort der ein får mykje valuta for pengane. Viss eg veljer å byta ut hovudkortet, får eg også moglegheita til å setja inn kjappare mine, som heller ikkje skader

 

Vil eg merkja stor skilnad på å byta ut hovudkortet og prosessoren, eller held det å ha i meir minne og oppgradera skjermkortet? Føremålet med oppgraderinga må vera å ikkje nytta pengar på noko som ikkje er naudsynt, men heller kjøpa inn det som kjem til å gjera ein monaleg skilnad. Om eg skal byta ut alle fire delene, er eg viljug til å gå så høgt som 6-7-8 000 kroner. Det må vera delar som held ei stund, men treng ikkje nødvendigvis vera det som er det aller beste på marknaden no, ettersom det jo ofte plar vera ganske så overprisa.

 

Om nokon har innspel, eller eventuelt ynskjer å gi konkrete tips hadde det vore veldig fint. Eg er klar over at det var ein forferdeleg emnetittel. Eg hatar dårlege emnetitlar like mykje som alle andre, men eg makta ikkje å finna på noko betre.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det må vel vera lov å bumpa tråden min etter ein dag utan svar.

 

Vil eg merkja stor skilnad på P4-prosessoren eg har i datamaskinen i dag i høve med ein eventuell Core 2 Duo? Og vil eg merkja skilnad på å gå over frå DDR-ram til DDR2-ram, og AGP-basert skjermkort til PCI-E-skjermkort (8800 GTS)? Eller held det med meir minne og eit nytt AGP-skjermkort?

Endret av Xyril
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
Jeg er usikker på hvor mye du har planer om å legge i maskinen, og etter litt skumlesing forstår jeg at du skal kjøp ny.

 

Ta en titt på denne handlekurven. Bytt ut skjermkortet hvis du ønsker og finn et greit HK så burde du være i mål ;)

9049669[/snapback]

 

Ja, spørsmålet var vel i all hovudgrad om eg berre skulle oppgradera den eg hadde med eit betre AGP-skjermkort og meir minne, eller å kjøpa ein helt ny datamaskin.

 

Valet fall på sistnemnte, då eg vil tru at det er eit hav av skilnad i yting mellom P4 og Q6600. Eg har ynskje om å kunne nytta denne nye datamaskinen ei god stund framover, så eg kan vera viljug til å gå opp i 10-12 000-kronersklassen. Det er fyrst og fremst speling, musikk og skulearbeid eg skal bruka den til. DVD-spelar, skjerm og mus/tastatur har eg frå før av.

 

Etter å ha lese lese ymse tråder her på HW.no-foruma og tester rundt omkring, har eg sett opp ei provisorisk handlevogn her med litt av det eg har bestemt meg for å gå for, og kunne likt å få noko tilbakemelding på det, og sjå om det ser bra ut.

 

Kva slags kabinett eg skal ha har eg ikkje funne ut av, så her hadde vore greit med nokre tips. Det bør sjå så nøytralt som mogleg ut, og vera greit å byggja i for ein total nybyrjar (til dømes likar eg utsjånaden på dette kabinettet, men veit ikkje om det er noko godt). Eg har lese gode ting både om Asus- og Gigabyte-hovudkorta, så eg har ikkje noko imot å byta ut DS4-versjonen eg her hald vald ut. Eg veit ikkje om DS4 støtter DDR3, men veit heller ikkje om eg kjem til å trenga det, iallfall ikkje med det fyrste.

 

Kjem denne maskinen til å generere mykje straum? Treng eg kjøpa ekstra PSU, eller held den 350 W-versjonen som følgjer med dei fleste kabinetta? Bør eg kjøpa ekstra vifter til prosessoren og skjermkortet, eller held dei som følgjer med (med tankje på at eg ikkje skal overklokka noko)? Vil maskinen laga mykje støy, og eventuelt kva kan eg byta ut for å forhindra det?

 

Takker for svar.

Endret av Xyril
Lenke til kommentar

Masse spørsmål her ja ;)

 

HK har jeg enda ikke peiling på, så overlater kommentarene av dette til noen andre.

 

Det å gå for en Quad CPU er smart siden prisene skal mye ned over helgen. Ang minne og HD ser også valget ut som et bra et =)

 

Når det gjelder kabinett, kan jeg anbefale antec P182. Fint kabinett å se på, god demping av lyd. Eneste minuset er vel at det er 3 vifter ganske samlet, som fort kan bli litt støy... Når du ser på kabinett burde du følge dette:

 

Rett form, dvs ATX i ditt tilfelle.

Helst ha 2x 120mm vifte hull (en i front og en bak)

Nokk plasser til harddisk, optiske drev o.l

Utseende som passer deg ;)

- Prøve å holde seg unna 100% plastiskk kabinett.

 

Og de størmforsyningene som følger med kabienttene er som regel ikke av beste kvlitet, så ville sett på en i tillegg.

Lenke til kommentar

Jeg oppgraderte min eldre P4(Northwood, 3.0GHz) socket 478, også med Abit IC7, til:

 

2GB RAM (Corsair PC3200@800MHz, 2.5, 3, 3, 7) ca. 1000 kroner

GeForce 7600GS AGPx8 (vifteløst) ca. 1000 kroner

MIST Megatower kjøler ca. 500 kroner (ville valgt Noctua i dag)

Jeg klokket CPU til 3.3GHz Gratis!

 

Den går så det griner og vil nok holde i lang tid fremover. Jeg bruker den som arbeidsstasjon og sekundær spillmaskin. Den takler ikke de råeste grafikk instillingene, men kjører fint endel spill som krever mye av maskinen (Eksempler: X3 Reunion, Dark Age of Camelot, HOMM V)

 

Kanskje du da kan vente til prisene reduseres på Intel brikkene og da har du 2 bra PCer!!

 

Ja, kjøler til CPU vil redusere støy og temperatur. Denne fra Noctua er meget bra. Min [email protected] ligger på 45-50 grader med 25 graders rom temperatur.

 

Jeg er av en eller annen grunn tilhenger av 680i chipsettet (nvidia HK til nvidia grafikkort), men DDR3 ser jo spennende ut.

 

Ellers ser din handlekurv fin ut den. Ikke glem skjerm! Mange prioriterer dette ned, men det er den du skal sitte å se på i timeshvis. Ikke kjøp det billigste du finner her. Velg kvalitet først så søk på pris.

 

EDIT: 350W kan være litt lite. Se om du finner en rimelig NorthQ 500-600W. Da har du litt å gå på, samt en ganske stillegående PSU.

Endret av Othmaar
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...