Gå til innhold

Øydelagt straumport på HP nx6110 - Min feil?


Anbefalte innlegg

Hei, eg tenkte eg ville spørre dykk om råd.

 

I forrige veke datt plutseleg straumkabelen til min bærbare PC ut, og "tappen" inne i straumporten som skal ta imot straumkabelen sat fast i pluggen, den var tydelegvis knekt av inne ved rota. Straumpluggen/porten hadde ikkje fått nokon særskilde belastningar, slag, eller liknande før dette skjedde, og såvidt eg kan hugse har den heller ikkje fått det tidlegare.

 

PCen er ein HP nx6110, som eg kjøpte for snart to år sidan frå Komplett. Eg søkte litt rundt etter firma som kunne reparere straumporten, men kunne berre finne InfoCare, som i mine augo var i dyraste laget. Så kom eg på at vi i Noreg har den flotte reklamasjonsretten, så eg tenkte kanskje å returnere den til Komplett.

 

Det eg lurer på er om dette kan vere min feil, eller om det er ein fabrikasjonsfeil/svakheit i PCen. Har nokon av dykk opplevd/høyrt om at straumportane til andre bærbare maskiner plutseleg har gitt etter på denne måten? Straumporten i seg sjølv er ikkje skada, pluggen har ikkje noko rom å bevege seg på når den står inne i porten, men tappen som tek imot den er likevel brekt av. eg forstår ikkje heilt korleis dette har skjedd.

 

Har de nokre erfaringar når det gjeld å returnere bærbare PCar til Komplett? Vil dei prøve å reparere feilen, eller erstatte kjøpet økonomisk? PC-modellen er sjølvsagt ikkje på lager lengre, så den kan ikkje erstattast direkte. Om dei finn ut at det er min feil, endar eg opp med å betale for reparasjonen på samme måte som om eg berre leverar den til InfoCare personleg (og såleis sparar tid og porto på å sleppe å sende i posten til Komplett)?

 

Håpar nokon har nokon erfaringar å dele med meg. :)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Jeg har reparert/administrert reparasjon av hundrevis av HP Compaq nx6xxx og nc6xxx-serien, og har dessverre (for din del) aldri vært borti problemet du beskriver. Den andre dårlige nyheten er at denne kontakten sitter loddet på hovedkortet, og du må dermed betale for et helt hovedkort + arbeidet med å skifte det. Ordinær pris på en sånn reparasjon blir fort noe i nærheten av en ny pc..

Lenke til kommentar

Fra min side høres dette ut som en slitasjefeil! Anbefaler deg å ta kontakt med komplett. I verste fall må du betale for at komplett skal se på pcen (ikke reparere). Tar jeg ikke feil er reklamasjonretten på datamaskiner 5 år også (siden det er forventet at en bærbar pc skal holde så lenge.)

Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Tenkte eg skulle oppdatere forumtråden litt, i tilfelle det skulle vere interessant for nokon å høyre.

 

Eg kontakta fyrst Komplett, via mail. Dei sa fylgjande:

Hei.

 

Det virker veldig merkelig at den knekker sånn uten videre, uten at jeg

beskylder deg for dette. Her må du kontakte HP for en status på produktet.

 

Ring HP Support på:

 

      tlf 815 62 070

 

Du vil da få informasjon om hvordan du skal gå frem for å få utført service på

ditt produkt.

 

Eg ringte då HP, som var svært hyggelege og medgjerlege og noterte ned at eg ville reklamere feilen, kva som var problemet, etc. og bad meg til slutt om å kontakte InfoCare for at dei skulle få sjå på PCen.

 

Då ringte eg InfoCare, forklarte problemet ein gong til, gav dei serienummer og modellnummer til PCen, og dei sa (parafrasert) "Ok, flott! Her har du eit referansenummer, du kan levere PCen til servicekontoret i Breivollveien 25, legg ved reklamasjonsbrev og kopi av kvittering"

 

Eg skreiv eit sakleg reklamasjonsbrev, printa ut ein kopi av kvitteringa (som forøvrig kun hadde vore relevant om eg skulle ordne Pcen på garantien, eller?), og leverte PCen til InfoCare.

 

Den hyggelege mannen på Servicekontoret såg over PCen min og fekk ei rask forklaring av problemet. Han sa at dei ville finne ut kor mykje det kom til å koste å reparere PCen, og så seie ifrå til meg. Han sa også at hvis eg ikkje godtok prisoverslaget måtte eg betale eit gebyr på rundt 550 kroner for deira inspeksjon. Det vart også eksplisitt sagt at dei skulle vurdere reklamasjonen, og at prisoverslaget og gebyret berre var relevant om reklamasjonssøknaden ikkje vart godteken.

 

Så venta eg ei vekes tid, og fekk denne tekstmeldinga i dag:

"Deres referansenummer har på grunn av kundens ønske/årsak fått en ny forventet ferdig dato [dato her]. Hilsen InfoCare".

 

Litt etter ringde InfoCare meg og sa at prisoverslaget var ferdig, og at reparasjonen kom til å koste godt over 6000 kroner ( :D ). "Javel", rakk eg å seie, før den hyggelege, om enn litt usikre dama i telefonen fortsatte (parafrasert) "..men eg ser her at du vil reklamere feilen. Det kan dessverre ikkje vi ta stilling til, for HP handterar sine eigne reklamasjonssaker." Eg sa at eg hadde kontakta HP i utgangspunktet, og at det var dei som henviste meg til InfoCare, men ho bad meg berre skrive eit reklamasjonsbrev til HP, supplerte småflau med eit "heh", og takka for seg.

 

So då står eg att med å prøve å navigere sidene til HP etter ein korrekt kanal for innsending av reklamasjonsbrev. Eg kunne sjølvsagt prøve å ringe HP att, men det ville jo vere nøyaktig det samme som eg gjorde i byrjinga, og dei ville vel berre kaste ballen over til InfoCare att?

 

Eg har forsåvidt god forståing for kvifor bedriftene ikkje gjer reklamasjonen til ein straumlinjeforma prosess, men eg hadde vel eigentleg ikkje forventa å ende opp i eit sirkelbyråkrati. Nokon andre av dykk som har skrive reklamasjonsbrev til HP?

 

Edit:

Nettsidene til HP er lite hjelpsomme for meg. Om eg vél "Teknisk support via e-post etter kjøp", kjem eg til ei oversikt over produkt, men min modell av bærbare PCar er ikkje lista opp der, og bærbare PCar er ikkje nemnt i det heile under seksjonen "Lage eller se på en supporthenvendelse uten service-/supportavtale". Overser eg noko her?

Endret av GeirBrandal
Lenke til kommentar
Komplett ga deg feil telefonnummer.

 

Support for NX-maskiner når du på telefon 800 62 800.

8954647[/snapback]

 

Eg ringte faktisk til 800 62 800 fyrste gongen, slik du føreslo i den tidlegare posten. Sidan eg hadde to kontaktnummer (eitt frå deg, og eitt frå Komplett), sjekka eg ut nummeret Komplett gav meg på sidene til HP, og der stod 815 62 070-nummeret opplista som kontaktnummer for support til produkt som framleis var innanfor garanti. 800 62 800-nummeret står lista som kontaktnummer for produkt både utanfor og innanfor garanti.

Lenke til kommentar

Dette var dårlig av komplett, er det ikke slik at når du handler hos komplett, så er det de du skal henvise deg til? Videre skal ikke du ringe hit og dit, men det er de som skal ta saken videre?

Ser mange er fornøyd med komplett, men er i huset har vi aldri opplevd noe slik gjennom mpx eller psdata. En god grunn til at jeg er kritisk mot komplett.

Lenke til kommentar
sjekka eg ut nummeret Komplett gav meg på sidene til HP, og der stod 815 62 070-nummeret opplista som kontaktnummer for support til produkt som framleis var innanfor garanti. 800 62 800-nummeret står lista som kontaktnummer for produkt både utanfor og innanfor garanti.

8954864[/snapback]

Kan være litt forvirrende med supportnumrene :)

 

81562070 er for Pavilion, Presario, DVD-brennere, kameraer, prosjektorer og hjemme/hjemmkontor printere og hjemme/hjemmekontor scannere (tror jeg fikk med alt). For hjemme/hjemmekontor er det nummeret for produkter innenfor garanti, mens de kundene må ringe betalsupport utenfor garanti.

 

80062800 er for businessproduktene, NC, NX, arbeidsstasjoner, servere, switcher, iPaq etc. Businessproduktene har gratissupport også utenfor garanti :)

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Ja, då er det på tide å oppdatere situasjonen litt att.

 

Eg kontakta Komplett og spurte korleis eg no skulle gå fram, og dei brukte ei god veke på å finne ut det eg skreiv til dei i fyrste mail og bad meg atter ein gong å ringe til HP (denne gangen gav dei meg riktignok det rette nummeret, 800 62 800).

 

Eg ringte HP, som denne gangen sa (parafrasert) "Heisann, denne maskina er jo under to år gamal, då tek vi den under HP Pick-up-and-Return. No problem". Eg svarte, "Aha. Men maskina mi ligg hos InfoCare. sidan HP bad meg om å levere den dit med reklamasjonsbrev sist eg ringte dette nummeret, og eg må betale 550 kroner for å få den tilbake når dei fyrst har sett på maskina". HP svarte "Aida. Dei pengane må du nok berre betale."

 

Så det ser endeleg ut til at eg skal få reparert PCen, men at eg må betale 550 kroner for ingenting fordi HP tenkte det var ein god idé å sende meg til Alna og vente i to veker.

 

Er det rett at eg skal betale 550 kroner fordi HP utan grunn sender meg til InfoCare for å få reklamere PCen? Og InfoCare på si side burde jo mykje heller ha sagt "Eh, vi kan ikkje ta stilling til reklamasjonssaker for HP" -før- dei tok imot PCen enn etter at dei hadde tvunge meg til å betale 550 kroner uansett? This is getting silly.

 

EDIT: Har fått snakka med HP, og dei har endra det slik at InfoCare likevel får gjere reparasjonsjobben. Dette er heilt ideelt for meg, og eg reknar med at eg har ein reparert PC innan ei veke. :)

Endret av GeirBrandal
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...