Torbjørn T. Skrevet 9. januar 2007 Skrevet 9. januar 2007 Ja, det kan du. Meiner du ei svart ramme, eller pixelert sensur slik som dette? For svart ramme, gjer følgjande: Gå til Media Generators og vel svart frå Solic Colors. Legg denne i eit spor over videoen du skal sensurere. Legg til effekten Cookie Cutter, set Shape til Rectangle og set ned storleiken (size) til det du vil. For å få den til å bevege seg, set nøkkelrammer (keyframes) i den vetle tidslinja nederst i effektvindauget. For pixelert sensur gjer følgjande: Legg ein kopi av klippet på eit anna videospor, rett over eller under originalen. Legg til effektane Cookie Cutter og Pixelate på det øvste av klippa, og juster so storleik og posisjon på same måte som med den svarte ramma. Du må setje opp «Horizontal pixelation» og «Vertical pixelation» for å sjå noko endring.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå