Gå til innhold

Leidning gj. hengslene til skjerm -- utsliten


knuto

Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg sit her med ein fire år gammal Compaq Evo N1020N. Han har vore godt brukt, og nå har den leidningen som går frå eit kretskort i botnen, antageleg hovudkortet, og opp gjennom hengslene og inn i skjermen vorte dårleg. Han har dårleg kontakt, men med å ta litt på denne leidningen fungerer skjermen utmerka.

 

Konklusjonen er at skjermen er godt brukbar berre ved å skifta denne leidningen. Dette må jo vera eit relativt normalt problem, ettersom det er noko som før eller seinare blir utslite på desse datamaskinane.

 

Å senda dette maskineriet på ein reparasjon, vil det kosta mykje, eller er det så enkelt at dei gjer det på 5 minutt, og ikkje tek seg særleg betalt for det? Dekselet som ligg over leidningen har eg allereie skrudd av, så det skal gå utruleg lett å skifta, om dei ikkje må streva mykje for å skaffa seg ein ny leidning.

 

Kunne eg evt. fått tak i denne leidningen sjølv?

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...